250 likes | 412 Views
EID IL FOTBALL SPORTSPLAN. SPORTSPLAN. INNLEIING………………………………………….3 TRENARKOORDINATOR………………………..4 TRENARKOORDINATOR 6-10…………………. 5 MERKEDAG………………………………………..6 HOSPITERING …………………………………….7 KORLEIS GJENNOMFØRE HOSPITERING ……………………………………..8 KVEN AVGJER HOSPITERING ………………….9
E N D
EID IL FOTBALL SPORTSPLAN SPORTSPLAN
INNLEIING………………………………………….3 INNLEIING………………………………………….3 TRENARKOORDINATOR………………………..4 TRENARKOORDINATOR 6-10…………………. 5 MERKEDAG………………………………………..6 HOSPITERING …………………………………….7 KORLEIS GJENNOMFØRE HOSPITERING ……………………………………..8 KVEN AVGJER HOSPITERING ………………….9 A-TRENARARS ANSVAR FOR BARNE OG UNGDOMSGR. ……………………..10 BARNEFOTBALL 6-12……………………………11 BARNEFOTBALL 6-12……………………………12 6-7 ÅR……………………………………………13 8-10 ÅR…………………………………………..14 11.12 ÅR………………………………………….15 UNDOMSFOTBALLEN 13-18 ÅR………………16 INNHALDSLISTE
SPORTSPLAN 6-18 ÅR INNLEIING Sportsplan for aldersbestemte klasser er retninglinjer for alle trenarar i aldersbestemt fotball. Vi ynskjer å jobbe systematisk og langsiktig, og planen skal vere eit verktøy som skal kvalitetssikre all aktivitet. Planen skal bevisstgjere trenarane på dei arbeidsoppgåver dei har tatt på seg. Planen beskriv kva klubben krever at dei bidreg med. Planen skal reviderast kvart år innan utgangen av november. Forslag til endringar må vere innlevert til dagleg leiar innan august inneverande år. Alle endringar i planen skal godkjennast av styret. Denne planen vert gjort gjeldande frå august 2006
TRENARKOORDINATOR • Tk skal vere den som koordinerer dei sportslege aktivitetane i klubben, slik at desse skjer i samsvar med gjevne retninsgliner Tk skal vere styret si forlenga arm, for å syte for at aktivitetane skjer ut frå dei retningsliner klubben er einig i. • Oppgåvene vil vere: • Oppfølgjing, gjennomføring og revidering av sportsplan • Gjennomføre trenarforum • Saman med sportsleg leiar vere ansvarleg for skuleringsplan i klubben • Følge opp plan for spelarutvikling • Ha kontakt med med andre klubbar og fotballkretsen • Gjennomføre minimerke- ferdighetsmerkedag • Planlegge og gjennomføre spelarsamlingar med utvalgte spelarar mellom 13-16år
TRENARKOORDINATOR 7-10 ÅR • Sørge for at alle lag har aktivitetsleiarar og lagleiarar. • Sørge for at alle lag har det utstyret dei treng. • Styrets forlenga arm for å sørge for at aktivitetane skjer i tråd med Norges fotballforbund sine retningsliner for barnefotball (sjå fotball.no) • Vere hovudansvarleg for å arrangere miniturnering. • Sørge for tilbod om aktivitetsleiarkurs og oppfølging av dei som leiar laga. • Sørge for at aktivitetsleiarar følger retningslinjer for sportsplan
MERKEDAG • Eid IL fotball ynskjer å gjennonføre ein merkedag for 10-12år ,og ein for 13-16 år , årleg. Merkedagen skal holdast på hausten • FERDIGHETSMERKE : Dette er eit merke som skal takast for dei mellom 12-16 år Gradvis auke av ferdigheter der ein fyrst tek blått,raudt,bronse,sølv og til slutt gull. Alle lag vert oppfordra til å trene på øvingane for merke nokre gonger fram til hausten. Det vert felles merketaking til hausten. • MINIMERKE: Eit merke for barn mellom 10-12år. Merket skal takast ved å gjennomføre ei kjegleløype. Det er to merker ein kan ta: minimerke 1 og minimerke 2. Det vert felles merketaking.
HOSPITERING KVA ER HOSPITERING? • Ein grunnleggande tanke ved hospitering er at ein gjev ein spelar som har ferdigheter, tid og motivasjon eit tilbod om trening og kamp på eit høgare nivå enn det spelaren får på sitt vanlege lag. Spelaren skal vere med eldre spelarar i trening og kamp. Spelaren vil oppleve høgare tempo, og det set større krav til valg og handling. Det er spesielt viktig å få delta på speløkter med 3:3- 11:11. KVEN SKAL DELTA PÅ HOSPITERING? • Den som har vist gode holdninger over tid: • Nær 100% treningsframmøte på eige lag. • Spelarar på kretslag skal automatisk rykke opp 1-2 årsklasser. • Spelarar på sonelag skal og vurderast for hospitering 1 årsklasse opp. Hospitering skal fyrst og fremst vere eit tilbod til spelarar som har dei beste ferdighetane i eige lag, og som viser stor interesse for fotballen. Det er ikkje anbefalt å hospitere dersom desse kriteria ikkje er oppfylt.
KORLEIS GJENNOMFØRER VI HOSPITERING? • Eks: 1-2 økter over tid heile året. • 1-2 heile veker med eldre, så tilbake til eige lag • I spesielle tilfelle verte flytta opp fast • Kun med på trening • Deltek både på trening og i kamp. • Variantar av dette. Det er viktig at hospiteringsordninga vert tilpassa kvar einskild spelar.
KVEN AVGJER KVA SPELARAR SOM SKAL HOSPITERE? • Trenarkoordinator bestemmer kva spelarar som skal få tibod om hospitering, og kva hospiteringsordning som skal gjelde for spelaren. • Trenarane for laga kan kome med forslag til kva spelarar som skal hospitere. • Før det vert gjort vedtak om hospitering skal: Spelar, involverte trenarar og lagleiarar for begge lag, trenarkoordinator og føresette, ha ein gjennomgang på ordninga.
A-TRENARGRUPPA SITT ANSVAR FOR BARNE OG UNGDOMSGRUPPA • Holde 1 spelarsamling og 1 trenarsamling i året • Delta på guttetrening 2 gonger på vår og 2 gonger på haust Oppfordre spelarane i A-gruppa til å vere gode forbilder for dei yngre spelarane i klubben.
HOVUDMÅL: tilbodet skal vere slik at spelarane opplever trivsel, glede og mestring både i trening og kamp. Spelarane skal utvikle individuelle og sosiale ferdigheter. Slik som: respekt for andre, humør og glede, disiplin Ferdigheter: pasning, avslutning, fintar, drible, koordinasjon, samarbeid og ”gymnastikk”. FOTBALLFORBUNDET SINE RETNINGSLINJER: FOTBALL.NO, LINK BARNEFOTBALL RETNINGSLINJER: Følge fotballforbundet sine retninglinjer for barnefotball. Alle skal spele Mykje speletid til alle Skape interesse for spelet og laget. Skape gode opplevingar for spelarane. Spelarane bør få prøve ulike posisjonar på bana. Laga skal leiast av trenar og/ eller lagleiar. BARNEFOTBALL 6-12 ÅR
VIKTIG: Det er store individuelle forskjellar på barna innanfor same alderstrinn. Derfor er det viktig at vi prøver å tilrettelegge trening som utviklar alle. Vi skal prøve å la alle få ei positiv oppleving av fotballspelet. Differensiering av treninga er viktig. Dvs. treningsgrupper og øvingar som passer den einskilde. ÅRSKLASSER: minigutar/jenter 6-10 år lillegut/lillejenter 11-12år PLIKTER FOR TRENARANE: Trenarane skal sette seg godt inn i sportsplanen for denne aldersgruppa og rette seg etter denne. Trenarane skal delta på trenarforum/trenarsamlingar som Eid fotball arrangerer. Trenarane skal delta på interne kurs, minst eitt pr.sesong. Trenarane skal vere forbilde for spelarane, og prøve å skape gode haldningar. Spesielt i forhold til medspelarar, motspelarar, dommar, trenarar og lagleiarar. Vi skal alltid takke dommar, motspelarar, trenarar og lagleiarar etter kampen. Vi skal ha normal god folkeskikk. BARNEFOTBALL 6-12 ÅR
6-7 år • TRENING: 1 GONG PR. VEKE • TRENINGSINNHALD: Mykje trening med ball. Leikar og ”gymnastikk” kan foregå utan ball. Spel i små grupper opp til 5:5. Bruk alltid store mål 3x2 i speløvingane. Tren på på individuell ballbehandling, der øvingane er leikbetonte og skjer med spelarar og ball i bevegelse. Prøv å få alle med. Lita vekt på teknisk utføring, men på mykje aktivitet. Varier treningane Unngå køståing. Koordinasjonstrening/uttøyning.
8-10 år • Trene meir på basisferdigheter: pasning, skudd, mottak, fintar, vendingar. Mykje øving med spelarar og ball i bevegelse. • Ha gym-øvingar og kordinasjonsøvingar som utviklar heile kroppen (m/u ball). • Speløvingar 1:1, 2:2, 3:3, 4:4. Det bør brukast store mål i speløvingane. • Jobbe med enda meir engasjement og delaktighet hjå spelarane • Nokre 10 åringar bør få trene litt og spele litt 7ar kampar med 11 åringane • Få til ein liten kommunal serie for 10 åringane TRENING 1-2 GONGER I VEKA
11 -12 ÅR TRENING: 2 GONGER I VEKA TRENINGSINNHOLD: • Mest mogeleg aktivitet med ball. • Ferdighetstrening med mange ballberøringer • Balanse og koordinasjonsøvingar med og utan ball • Motivere for eigentrening av basisferdighet • Variert aktivitet som gjev allsidig motorisk påverknad • Humør og leik i treninga • Mykje smålagsspel med mange avslutningar • Førebu siste års lillegutter til 11’ar fotball • Nokre 11 åringar bør få trene litt og spele litt kamp med 12 åringar • Rotere litt på kva plass ein spelar på • Dersom ein 12 åring er god nok kan han/ho prøve seg med 13-14 år
MÅLSETTING: Skape fotballaktivitet som hindrar fråfall Minst ein lagleiar og ein trenar for kvart lag Skape eit miljø der fotball vert primær fritidsaktivitet Gje eit sportsleg godt tilbod til spelarar med stor treningsiver, gode ferdigheter, motivasjon og gode haldningar Gje tilbod til alle som vil spele fotball PLIKTER FOR TRENARANE: Trenaren må sette seg godt inn i sportsplanen for aldersbestemt fotball og rette seg etter denne Trenarane skal delta på trenarforum/samlingar som Eid IL arrangerer Trenaren skal bidra til å skape gode haldningar over for medspelarar, motspelarar, lagleiing og dommarar. Eid IL sine spelarar skal alltid takke alle involverte etter kamp Trenar bør ha minst trenar 1 utdanning eller spelarerfaring frå 3.div eller høgare Trenarar med spesilt gode resultat og erfaring med spelarutvikling er og kvalifiserte UNGDOMSFOTBALLEN 13- 18 ÅR
13-14 år Vi stiller med 2 lag både i gute og jenteklasse dersom vi er mange nok. Vi prioriterar 11’ar. Dersom vi er for mange til eitt lag og for få til 2, søker vi samarbeid med andre lag i kommuna. • Alle som trenar jevnt skal ha kamptilbod. • Vi blander årsklasser • Vi skal ha eit lag 1 som består av dei som: Vil trene mest, har gode ferdigheter, gode haldningar og er motiverte. Alle som er med på kamp skal få speletid. Vi differensierar på kor mykje tid. • Lag 2 vert eit breddelag og eit lag der ein kan kvalifisere seg til 1. laget. • Dersom nokon skal hospitere til jente eller guttelag 14-16, skal dette avklarast med trenarkoordinator
13-14 år MÅL: • Få spelarane til å trivast på trening og i treningsprosessen. Trivselsfaktoren er avgjerande for å lykkast. • Utvikle 1. laget til å spele 1.div og vere med å kjempe med dei beste andre lag i regionen • Utvikle einskildspelarar som er gode nok for deltaking på kretslag og sonelag SPELARAR: 15-18 SPELARAR INKL. KEEPERAR
TRENING: 2-3 treningar pr. veke. 1. laget bør trene 3. I vintersesong vil vi trene 2 gonger pr.veke avhengig av banekapasitet. DELTAKING PÅ CUP: Vi vil at laget skal delta på minst ein cup sommarstid. Gjerne ein cup med litt storleik. Dette krev ein del dugnad frå støtteapparat. Vi skal delta på KM innandørs og evt. 1. innandørsturnering lokalt TRENINGSINNHOLD: Balanse, koordinasjon, hurtighet med og utan ball Trene basisferdghet som føre, vending, finte, pasning, mottak og medtak i stort tempo Angrep: Vende spelet Oppspel Løp med og utan ball Avslutnigar Skape overtal 2:1 13-14 ÅR
TRENINGSINNHOLD: FORSVAR: Litt organisering Forståing for forsvarsspel Bli ein god 1. forsvarer KEEPER: Følge opp det som keepetrenar jobber med Evt keepertrener kjem innom treninga KAMPFØREBUING: Litt kunnskap om dette Mat Drikke Personleg utstyr Vi ønsker at spelarane skal verte litt meir bevisste på sunt kosthald. Dvs mindre brus og snop i samband med kamp. 13-14 år
15-16 år Vi vil stille med eitt eller to lag avhengig av rekruttering. Det skal vere konkurranse om plass på 1.laget. Vi søker samarbeid med laga i kommuna for å gje kamptilbod til alle. Vi ynskjer å gi dei beste gute- og jentespelarane i kommuna eit godt trenigs- og kamptilbod på vårt gute- og jentelag. Trenar på dette nivået bør ha trenar 2 utdanning. Trenar kan også ha gode personlege eigenskapar og/eller spelerefaring frå 3. div eller høgare Kretslagsspelarar på jente og gutelaget skal få hospitere med A-laga. Dette skjer i samarbeid med trenarkoordinator. Dersom vi har ein spesielt god 15 åring som fysisk og mentalt er rusta til spel på A-lag, kan vi søke dispensasjon om dette. Har vi ein spesielt god 16 åring så vil han/ho verte A-lags spelar. Fotball bør vere hovudaktivitet for dei som skal vere med. Spelarane bør få innverknad og medbestemmelse i utforming av aktiviteteten.
MÅL: Vere ein av dei leiande klubbane i distriktet på gute og jentefotball Vere med å kjempe i toppen av 1. divisjon Utvikle spelarar til A-laga Utvikle spelarar til kretslag evt. Landslag Utvikle spelarane både ferdighetsmessig og sosialt. Vere med å prege lokale seriar og turneringar SPELARAR: CA. 18 INKL KEEPERAR TRENING: 3-4 treningar i veka, vinter og sommar 3 treningar + kamp i kampsesong 15- 16år
TRENINGSINNHOLD: Mykje spelbasert trening med mykje fokus på valget til spelarane. Spenst/sprintprogram Koordinasjon, balanse og smidighet Keepertreningstilbod Angrepsmønster (evt. i forhold til A-lag) Forsvarsorganisering (sone) Eigentrening av blant anna mobilitet, basisferdighet, spenst og hurtighet (styrke) På dette nivået bør ein kunne: Basisteknikkar med stor fart og presisjon i kampsituasjon Godt overblikk God ferdighet i å vende spelet Omstille fort frå forsvar til angrep God avslutningsferdighet i ulike posisjonar Vere mobil (bevege seg rett og mykje) Utføre godt forsvarsspel 15-16 år
16-18 år Dei beste 16 ,17 og 18 åringane vert spelarar på våre A-lag. Det er viktig at desse unge spelarane vert utvikla vidare på dette nivået. Trenarar på A-lag og evt 2.lag må gje desse spelarane tillit. Sportsplan for A-lag og ungdomsfotball må få til ein utfordrande og utviklande overgang til seniorfotball. Klubben skal finne gode treningsmuligheter og kamptilbod for dei som vil satse. Dersom vi hentar ein ung spelar til klubben skal denne spelaren satsast på. Vi må vere hjepsame med å tilrettelegge for hospitering hjå klubbar på høgare nivå .
VIKTIGE OG NYTTIGE LINKER • http:/www.fotball.no • 10 retningslinjer for ei god treningsøkt: http://www.fotball.no/t2.aspx?p=51833&cat=51833&x=1&a140843 • Forslag til treningsøkt: http:/www.fotball.not1aspx?p=51831&x=1&a=140909