150 likes | 300 Views
YTRE SUNNHORDLAND SAMHANDLINGSTEAM –YSS. Konferanseinnlegg NHV, Voss, 18. mars 2010 Prosjektleiar Eivind Grasdal, YSS. Samhandling Ytre Sunnhordland Stord DPS, Helse-Fonna. Organisatorisk forpliktande samarbeidsmodell for Stord DPS, og kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes.
E N D
YTRE SUNNHORDLAND SAMHANDLINGSTEAM –YSS Konferanseinnlegg NHV, Voss, 18. mars 2010 Prosjektleiar Eivind Grasdal, YSS
Samhandling Ytre SunnhordlandStord DPS, Helse-Fonna • Organisatorisk forpliktande samarbeidsmodell for Stord DPS, og kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes. • Prosjektmidlar (samhandlingsmidlar) frå Helsedirektoratet
Målgruppe • Personar med alvorleg psykisk liding, - schizofreni, psykose, biplor liding og eller i kombinasjon med alvorleg rusproblematikk. • Brukarplan (rusundersøkjing i 2008) • Personar som ikkje greier å nyttiggjera seg av etablerte behandlingsmetodar og kommunal oppfølgjing. • Personar som representerer store utfordringar for seg sjølv, familie, nettverk og samfunn
Organisering Styringsgruppa for YSS: • Leiar Else-Berit Helle (Einingsleiar for sosiale- og førebyggjandetenester i Stord kommune), • Anne Lise Kvalevaag (direktør i klinikk for psykisk helsevern - Helse Fonna) • Atle Tornes (Rådmann i Fitjar kommune) • Einar Aslaksen (Helse- og sosialsjef i Tysnes kommune) • Jorunn J. Folgerø-Holm (Rådgjevarhelse-sosial-omsorg, Bømlo kommune), • Gunn S. Scheen (Seksjonsleiar ved Stord DPS). Prosjektleiar er sekretær.
Oppgåver • godkjenna budsjett for samhandlingsteamet • syta for at samarbeidet er i tråd med overordna samarbeidsavtalar mellom kommunane og Helse Fonna • - og for at vilkåra i prosjektsøknaden til Helsedirektoratet vert etterfulgt.
Prosjektgruppa for YSS • Fagfolk frå dei fire kommunane og frå Helse Fonna • Ein deltakar frå Brukarutvalet ved Stord DPS er også invitert inn i prosjektgruppa. • Forskar
Oppgåver for prosjektgruppa • bistå med faglege innspel i høve planlegging av innhald og metode • avklaring av pasientkriterier for prosjektet • medvirka til god samhandling mellom teamet og dei øvrige samarbeidsinstansane. • Viktig at samhandlingsteamet vert godt kjent i opptaksområdet og blant samarbeidspartane • Teamet må få nødvendig legitimitet og handlingsrom og verta oppfatta som talspersonar for brukarane.
Personalressursar Teamet skal bestå av 4,5 stilling. Personlege eigenskapar er sterkt Vektlagt. • 1 Prosjektleiar (Klinisk sosionom) • 0,2 Psykiater. • 1 Psykolog. • 2,2 Prosjektmedarbeidarar (Høgskuleutdanning/vidareutdanning i rus eller psykiatri) • 0,1 Sekretær.
Økonomi Årlig bevilgning: 1 mill. NOK frå Helsedirektoratet • Helse-Fonna finansierer 2,2 fagstillingar • Kommunane finansierer tilsamen 2,2 fagstillingar, • Stord kommune 1 stilling (intern utlysing) • Bømlo kommune 0,7 stilling • Fitjar kommune 0,3 stilling • Tysnes kommune – direkte overført 0,2 stilling Ekstern utlysing
Ressursar • 2 Leasingbilar via Stord kommune – gjer samhandling mulig • Kontorfellesskap, 5 arbeidsplassar på Stord DPS
Arbeidsmetode ”ACT-light” • Aktivt oppsøkjande, • Positivt pågåande, kontakt- og relasjonsbyggjande, • nettverksbyggjande, og direkte pasientintervenerande. • Følge pasientane svært tett opp i høve dei behandlingsmessige, sosiale og basale behova dei har. • Utprega teamarbeidsmodell, der alle i teamet kjenner alle pasientane og har tilstrekkeleg oversikt. • Jobbe i lag, utfordre og utfylle kvarandre. • Felles ideologi og fagleg tenking. • Kjenne det øvrige behandlingssystemet godt, samarbeide tett og godt med andre.
Oppsummering • Viktig å ta omsyn til ulike kommunale kulturar og organisering av tenestene • Ta høgde for at ein ser ting ulikt og finn individuelle løysingar på felles utfordringar • Styringsgruppa og prosjektgruppa er innstilte på å vera rause og imøtekommande over for kvarandre for å finna felles fokus • Viktig å ha ein god og likeverdig omgangstone og leggja vekt på å byggja felles kultur. Dette har prega prosessen så langt.
Oppsummering • Ytre Sunnhordland Samhandlingsteam er nyetablert. Alle vil vera på plass innan 1. mai 2010. • Planar og prosedyrer i tråd med brukar-undersøkjing og gjeldandesamarbeidsavtalar • I tråd med søknaden til Helsedirektoratet. • Me er godt i gang og har og kjensle på at dette skal me få til i saman. • Me er topp motiverte og har rekruttert høgt kvalifisert personell.
Empowerment is thewayweare living! (Sitat: den syklande psykiater i ACT- teamet i Amsterdam) Det å få noko til her i verda, handlar ikkje berre om kva me gjer, men om kven me er, mens me gjer det…