90 likes | 228 Views
Gjenbruk av Geografisk Informasjon. Stein Runar Bergheim Asplan Viak Internet as. Fri vs Gratis Tilgong. Debatten kring geoinformasjon og gjenbruksdirektivet endar ofte opp som ein rein priskrangel Sett frå privat sektor sin ståstad er fri tilgong viktigare enn gratis tilgong
E N D
Gjenbruk av Geografisk Informasjon Stein Runar Bergheim Asplan Viak Internet as
Fri vs Gratis Tilgong • Debatten kring geoinformasjon og gjenbruksdirektivet endar ofte opp som ein rein priskrangel • Sett frå privat sektor sin ståstad er fri tilgong viktigare enn gratis tilgong • For å byggje verdiaukande tenester er det viktig med: • effektive distribusjon av data og oppdateringar • forutsigbar og marknadstilpassa pris • fleksibel brukslisensiering • For å lage tenester treng vi fri tilgong til data eller api – ikkje berre innsynsløsyingar
Sentrale aktørar i gjenbruk av geoinformasjon • Produsentar • Statens Kartverk • Norsk Eiendomsinformasjon • Kommunane • Direktorat • Statlege AS • (Formidlar) • Norsk Eiendomsinformasjon • Forhandlarar av NE • Prosumentar • Konsulentselskap • Programvarefirma • Store private firma • Forskingsstiftingar • Staten sjølv • Fylka • Kommunane • Konsumentar • Publikum
Gjenbruksaktivitetar og -tenester • Dataforhandlarar • Sal av originale data frå Norsk Eiendoms-informasjon på kommisjon • Sal av spesialtilpassa / avleia / anrika datasett • Verdiaukande tenester • Kartløysingar for nett • Web-GIS • Geokoding • Trykte kartprodukt • 3D visuablisering • Eigedomsinformasjon • Forsikringsinformasjon • Mobile tenester
Lisenspolitikk • Det er viktig med lisensar som gjev fridom til å eksperimentere med offentleg informasjon • Dersom sluttbrukartenesta er meint å marknadsføre eitt produkt som kunden ikkje naudsynlegvis kjem til å kjøpe er det vanskelege med oppslagsbasert prising (pris pr klikk) • Dette er problematisk då gjenbruksdirektivet ikkje opnar for å diffrensiere mellom kva nytte ”gjenbrukaren” har av informasjonen • Separate partnarskapsavtalar mellom NE og forhandlarar kan virke noko ugjennomsiktig – men er ynskjeleg så lenge det er i ”vår” favør • Men kven som er ”vi” er stadig i endring...
Immaterielle rettar • Geoinformasjon vert ofte kombinert med annan geoinformasjon og anrika med ikkje-geografiske data • Dataene som vert integrerte stammar ofte frå svært ulike kjelder – mangelen på eitt standardisert lisensverk gjer det vanskeleg å vite kva rettar ein har til å gjere kva med datagrunnlaget • Om produsentane hadde fastsett eitt standard lisensieringsskjema for geoinformasjon hadde det gjort verda langt enklare for løysingsutviklarane.
Ein Slutta Sirkel • Det er i utgangspunktet ikkje i det private næringslivet (”prosumentane”) si interesse at det offentlege (”produsentane”) konkurrerar om å utvikle sluttbrukartenester • Mange av dei offentlege tenestene vert imidlertid utvikla gjennom kontraktar med private – såleis medfører desse prosjekta verdiskaping i privat sektor likevel
Marknadstilpassing • Sjølv om prisane på å nytte norske kartseriar i karttenester på nettet er det likevel dyrare enn ”kommersielle” gratisløysingar slik som Google Maps. • Mange små aktørar har valt å gå for API som Google Maps og såleis ofre innhaldskvalitet og funksjonalitet for å spare prisen på å lisensiere offisiell norsk geoinformasjon • Det offentlege (”produsentane”) kan vurdere å utvikle lette API av tilsvarande slag som gjev avgrensa tilgong til standardiserte data for å sikre optimal kvalitet på norske kartprodukt på nett
Profesjonalisering • Det å utvikle ein prispolitikk krev ein svært tett kontakt med marknaden • Norsk Eiendomsinformasjon har løyst dette gjennom å knyte til seg eitt forhandlarnettverk • Spennet i direkte økonomisk nytteverdi når det gjeld gjenbruk svært stort om ein samanliknar små einskildpersonsføretak og industrigigantar som StatoilHydro • Prispolitkken skal dekke båe desse gruppene – utan å diskriminere. Korleis gjer ein det når kjøpekrafta er så ulik?