70 likes | 210 Views
Gjenbruk av Offentleg Informasjon. Nasjonalt Møte ePSIplus. Ei lita gjenbrukshistorie 1/2. I 2002 trefte Heather og eg ein skotte ved namn Dan Cookson. Dan dreiv si eiga IT-verksemd og starta på slutten av ’90-talet å utvikle mobille tenester
E N D
Gjenbruk av Offentleg Informasjon Nasjonalt Møte ePSIplus
Ei lita gjenbrukshistorie 1/2 • I 2002 trefte Heather og eg ein skotte ved namn Dan Cookson. • Dan dreiv si eiga IT-verksemd og starta på slutten av ’90-talet å utvikle mobille tenester • Han tok i bruk viktig infrastruktur som micro-payment (via mobilselskapa) og PSI frå eigedomsregistra i Edinburgh • Tenesta han laga heitte: housepricereports.com og er like enkel som den er genial • Ved å søke etter område eller velje dei i eitt kart kan ein få opplyst gjennomsnittleg og faktisk omsetjingspris for bustader • Betaling skjer ved ”opplading” av ein konto via SMS • Brukarar kan deretter gjere så mange oppslag som dei har betalt for
Ei lita gjenbrukshistorie 2/2 • Då innhaldsleverandørane til Dan såg at han tente pengar på dette vart dei irriterte og ynskte å stenge av tilgongen hans til innhaldet • Dette var ei svært enkel og åpenlyst nyttig teneste som kven som helst kunne ha laga og som såleis kunne ha bidrege til verdiskaping i privat sektor nær kvar som helst. • Det finst såleis eitt stort potensiale i PSI utover berre å vidareformidle eller nytte rå/uprosesserte data
Agenda for dagen • ePSIplus og gjenbruksdirektivet i EU-landa • Politsk og juridisk rammeverk for Noreg • Geografisk Informasjon • Statistikk • Kulturinformasjon • Det offentlege si rolle i å utvikle gjenbruksområdet i privat sektor • Offentleg infrastruktur • Erfaringar med gjenbruk i privat sektor • Interesseorganisasjonane sitt perspektiv
Og kven er eg? • Stein Runar BergheimIKT-rådgjevar i Asplan Viak Internet • Har drive med utvikling av tenester basert på offentleg informasjon i 10+ år • Mest erfaring innan gjenbruk av statistikk, geo- og kulturinformasjon • Interessert i gjenbruk av både samfunnsmessige og kommersielle omsyn • Stort potensiale i betre tenester for tenestetilbydarar og innbyggjarar • Interssant økonomisk potensiale • Pr tida involvert i m.a. • Kartportalar ulike stader i Noreg og Europa • EuropeanaLocal: Kulturinformasjon • Plan4All – plandata i INSPIRE • SDI prosjekt i Abu Dhabi, UAE
Kven har bidrege til agendaen? • Heather Broomfield, Enterprise Europe Network / Innovasjon Norge • Meir enn 10 års erfaring frå prosjekt knytt til m.a. offentleg informasjon. Fyrst i Irland – deretter i Vestlandsforsking. Har omfattande ekspertise innan IPR og nettverksbygging. No ein viktig aktør i Innovasjon Norge si satsing mot små og mellomstore verksemder i Noreg • Svein Ølnes, Stiftinga Vestlandsforsking • IT-forskar med meir enn 15 års erfaring innan arbeid med offentlege informasjonstenester. Spesielt fokusert på tilgong og brukarvennlege grenseflater – samt strukturering av offentleg informasjon. • Rob Davies, ePSIplus / MDR Partners • Direktør for MDR Partners og prosjektleiar for ePSIplus-prosjektet. Eitt utal års erfaring innan kulturfeltet frå Europa, Afrika og Midt-Austen. Har dei siste åra køyrd ei rekkje prosjekt med fokus på PSI. Er årsaka til at vi er samla her idag.
Kven manglar? • Brønnøysundregistra • Nærings og Handelsdepartementet • Skattedirektoratet • Meteorologisk institutt • Andre statlege fagetatar, m.a. • NGU • DN • SFT • OG: Eit større aktivt utviklarmiljø / entreprenørar / tenkjarar frå privat sektor