190 likes | 372 Views
Korleis ta planansvaret? - nokre døme frå Sogn og Fjordane KS- seminar om klimatilpassing, 20. september 2011 Elisabeth Veivåg Helseth, Sogn og Fjordane fylkeskommune. Presentasjonen. Klimaarbeidet i Sogn og Fjordane Rolla fylkeskommunen kan og bør ha
E N D
Korleis ta planansvaret? - nokre døme frå Sogn og Fjordane KS- seminar om klimatilpassing, 20. september 2011 Elisabeth Veivåg Helseth, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Presentasjonen • Klimaarbeidet i Sogn og Fjordane • Rolla fylkeskommunen kan og bør ha • Kommunesektoren som lokal samfunnsutviklar • Arenaer for samhandling i høve klimatilpassing • Utfordringar i vidare arbeid
Korleis møte klimautfordringa? • Treng ulike tilnærmingar; internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt. • Styresmaktene må legga til rette, men også individuelt ansvar. • Ansvarsfråskriving er hovudproblemet på alle nivå. • Sogn og Fjordane fylkeskommune møter utfordringa gjennom Fylkesdelplan for klima og miljø
Fylkesdelplan for klima og miljø Vedtatt på fylkestinget mars 2009 • Omfattande og inkluderande prosess • Er unik og heilskapelegi si utforming • Fokus på utslepp både frå produksjon og forbruk • Klimatilpassing • Samarbeid om oppfølging
Utsleppsreduksjon for klimagassar – både som følgje av produksjon og forbruk Produksjon • Industri • Transport • Landbruk • Reiseliv • Offentleg sektor Forbruk • Forbrukardrivne utslepp • Reiseliv
Tilpassing til klimaendringar – handtering av kriser/beredskap og førebygging/tilpassing i høve endra klima • Klimaendringar og regionale ulikskapar • Landskap, biologisk mangfald og leveområde • Havnivåauke • Transportsektoren • Landbruk • Fiskeri og fiskeoppdrett • Bygningar og infrastruktur • Vasskraftproduksjon • Reiseliv • Samfunnsendingar og klimatilpassing
Korleis går arbeidet føre seg? • Systematisk oppfylging i ulike prosessar og grupper • Klimasamarbeid med Fylkesmannen og KS. • Tiltak skal bli kartlagt og evaluert ved årleg rullering • Eiga klimaside, med rapportering og oppdatering
Nokre tiltak i 2011: • Forskings- og utviklingsoppdrag • Etablere system for rapportering på klimaplanen • Analysedugnad i høve klimasårbarheit • Kommunesamarbeidet • Tilskotsordning for miljøsertifisering av bedrifter • Miljøsertifisering av den fylkeskommunale verksemda • Kunnskap kryssar grenser • Miljøkrav i anbodsutlysingar • Kunnskapsutvikling innanfor mange områder
Kva rolle kan fylkeskommunen spele • Fylkeskommunane er regional planstyresmakt og samfunnsutviklar, og har difor ei nøkkelrolle i klimaarbeidet både i høve utsleppsreduksjon og tilpassing til klimaendringar. • I tillegg til fylkeskommunane si rolle som planmyndigheit, skuleeigar og vegeigar, bør fylkeskommunane ogsåvere pådrivar, rettleiar og verkemiddelaktør i klimapolitikken.
Kva rolle har Sogn og Fjordane fylkeskommune tatt? • Vi har utarbeid ein heilskapleg klimaplan. • Vi har tatt rolla som koordinator av klimaarbeidet i fylket. • Vi har sett i verk forskings- og utviklingsarbeid. • Vi er ein pådrivar i klimaarbeidet. • Vi har tatt initiativ til nettverk mellom fylkeskommunane.
Sogn og Fjordane – arena og eksempel • Sogn og Fjordane er i ferd med å byggje seg opp ein brei klimakompetanse. • Sogn og Fjordane er eit viktig laboratorium for klimatilpassing fordi fylket på mange område er særleg sårbar, samtidig som vi har ei svært stor variasjonsbreidde i naturtypar og samfunnstypar. • I Sogn og Fjordane får ein såleis - på godt og vondt - illustrert svært mange av dei utfordringane Noreg står overfor i høve klimatilpassing.
Kommunesektoren som lokal samfunnsutviklar • Kommunesektoren har ei svært sentral rolle i høve klimatilpassing • Kommunane vil vera i frontlinja og det myndigheitsorganet som i første rekke må integrere omsynet til klimatilpassing i samfunnsplanlegginga. • Skal kommunane makte denne oppgåva, må kommunane få tilgang på verkemiddel og verktøy som gjer dei i stand til å integrere klimatilpassing serleg i arealplanlegginga.
Spørjeundersøking blant kommunane, 2010 • Mange planlegg for energieffektivisering og fornybar energi • Utsleppsreduksjon er relativt høgt oppe i bevisstheita • Klimatiltak som knytast direkte til andre viktige områder, som f. eks tryggleik, er ofte allereie etablert. Lite ”nye” tiltak som følgje av klimaendringane • Tilpassing skjer, men sjeldan som respons til klimaendringane aleine • Verkar ikkje som klimatilpassing har blitt ei inkludert del av planlegginga
Innspel på FoU 2010:10 • Einig i at kommunane sitt ansvar til å ta omsyn til klimaendringane i arealplanlegginga bør bli innarbeidd i forskrift etter plan og bygningslova. • Denne forskrifta bør vera tydeleg på dei kommunale pliktene. Tydelege lovkrav gjev grunnlag for ei effektiv oppfølging av kommunane. • Må følgjast opp med tilstrekkelege verkemiddel som gjer kommunane i stand til å stetta lovkravet. • Det må utarbeidast betre kartverk som syner framtidige fareområde for skred flaum og overvatn. • Oppdatering av kunnskapsgrunnlaget for klimaendringane, etablering av eit nasjonalt klimaservicesenter og regionale opplæringstilbod for kommunar er naudsynte tiltak for å gjere kommunane i stand til å integrere klimaomsyn i si planlegging. • Støtteordningane til skred- og flaumsikring bør styrkjast. Dei avsette midla som NVE disponerer til slike tiltak er ikkje tilstrekkelege for å dekkja behovet
Moglege samarbeidsløysingar og arenaer • Det er ei utfordring å finna tenlege samarbeidsarenaer/ - løysingar. • Ulike samarbeidsnivå finst nasjonalt, regionalt eller lokalt. Samarbeidsarenaar kan vera på same nivået eller på tvers. • I den grad ein har allereie etablerte arenaer bør slike nyttast • I Sogn og Fjordane har vi følgjande arenaer: - Planforum • - Plansamarbeid mellom Sunnfjordkommunane • - Styringsgruppa for klimasamarbeid i Sogn og fjordane • - Planar om partnarskapsforum for klimatilpassing
Planforum • Utsleppsreduksjon og klimatilpassing er eit sentralt tema for Planforum å ta opp med kommunane. • Planforum har mogleik for å vera eit fora der ein tar opp meir strategiske generelle problemstillingar. • Kanskje aktørane i Planforum kan vera meir oppsøkande i høve kommunane?
Analysedugnad • Vi vil invitera kommunane til analysedugnad rundt lokal klimasårbarheit. • Har vert litt på vent; må finne retningvidare. • Også fokus på konsekvensar av klimapolitikk • Klimatilpassing må bli eit normalt politikkområde i kommunar og fylkeskommunar og ei integrert del av planlegginga. • å utføra klimasårbarheitsanalyserog utvikla tilpassingstiltak må normaliserast i kommunane. • Dette må skje etter modellar og metodar som gjer det økonomisk gjennomførbart for kommunane. • Ein felles analysedugnad kan lette samarbeidet i det å utvikle strategiar og tiltak for å tilpasse seg klimaendringar.
Nokre utfordringar framover • Klimatilpassing er eit vidt gripande felt, avhengig av bredt samarbeid • Klima eit tema med skiftande «interesse», korleis driva stabil planlegging med dette som bakteppe • Kva med områder der klimatilpassing og utsleppsreduksjon ikkje går «hand i hand»? • Tiltaka i klimaplanen må oppdaterast og rullerast - Korleis skapa eigarskap i høve tiltaka? - Korleis motivera kommunane? - Korleis motivera innbyggjarar? • Korleis skapa berekraftige samfunn som evnar å tilpassa seg endringar både i natur og politikk?