130 likes | 278 Views
:. Litt landbruksfakta! Økonomisk vekst, auka levestandard og høgt personleg forbruk i industrilanda aukar energibehovet. 80% av denne energien vert skapt gjennom forbrenning av fossilt materiale.
E N D
: Litt landbruksfakta! Økonomisk vekst, auka levestandard og høgt personleg forbruk i industrilanda aukar energibehovet. 80% av denne energien vert skapt gjennom forbrenning av fossilt materiale. Om lag 20 % av det globale klimagassutsleppet kjem frå kjøtproduksjon. Særleg kvegkjøtproduksjon skapar store utslepp på grunn av dårleg utnytting av energien i foret og det høge utsleppet av klimagassen metan frå dyra si fordøying.
Utviklinga i klimagassutslepp 1996 – 2006 med framskriving.Kjelde : SSB
Totale klimagassutslepp 2007. Radøy kommuneKjelde : SSB Ein vanleg kommune i Hordaland
Primærnæringane • Primærnæringane må sjå på driftsformene sine og prøva å nyttiggjera seg metangassen til forbrenning, dette minkar klimagasseffekten. • Landbrukssektoren må gjera mange gode grep framover når det gjeld å få redusert kraftig bruken av fossilt brensel. • Bruken av tunge kjøretøy i samband med drift og varetransport i landbruket syner og ein stor klimagassauke.
TiltakTa vare på dei produktive skog- og jordbruksareala og motivere for å bruke dei naturgjevne ressursane i regionen på ein klimavenleg måte. Godt samarbeid med eigarar av naturressursar for å få dei inn som medspelarar i klimatiltak. Motivera til småfehald, mjølkeproduksjon, åkerbruk, skogbruk og produksjon av biobrensel.
Det å stimulera våre innbyggjarar til lokal bruk av våre kultur- og naturressursar på ein måte som er hyggeleg og berekraftig på lang sikt må vera ei prioritert oppgåve. • Skal me ta vare på planeten vår må trivselsfaktoren og folkehelsearbeidet vera med oss i det globale dugnadsarbeidet.
Det å nytte våre tradisjonelle utmarksbeiter på ein tilnærma økologisk måte vil og vera fornuftig klimamessig. Landbruksektoren sine tiltak i Hordaland er viktig for å nå våre klimamål. • Kjeldefordelte utslepp til luft av klimagassar, Radøy kommune. 2006. (1 000 tonn CO2-ekvivalenter) • I alt 22 • Industri 1 • Oppvarming utanom industri 1 • Landbruk 9 • Vegtrafikk 8 • Annan mobil forbrenning 3
Landbruket i Hordaland Landbruket i Hordaland er ikkje stort i nasjonal målestokk. • I gjennomsnitt eig bøndene i Hordaland dei minste landbrukseigedommane, men mange bønder her driv mange eigedommar samstundes på ymse vis. • Hordaland har stor produksjon i landssammanheng innanfor område som frukt, bær og grønsaker. • Gode klimatiske tilhøve eit aktivt fagmiljø og lange tradisjonar er årsaker for det. Hovudproduksjonane er mjelk og kjøtproduksjon på storfe, gris og særleg sau. I tillegg har meein vesentleg produksjon innan fjørfehoad og grønsakproduksjon. • Ein kommune i landet har størst fruktproduksjon (Ullensvang) og kommunen med størst villsaubestand (Austevoll). 40 % av all norsk frukt kjem fra Hordaland, det viktigaste fruktfylket i landet, etterfulgt av Telemark, Sogn og Fjordane og Rogaland. • Jordbruksarealet er ca 432 000 dekar. Cirka 282 000 dekar vert brukt til dyrka mark. Jordbruket er spredt i heile fylket.
Oppsummering • Landbruket må sjå framover og ta omsyn til miljøet og klima. Mindre transport av fossilt brensel på gardane. • Småfehald må stimulerast. • Kjøtproduksjon av storfe berre i samband med mjølkeproduksjon. • Kunstgjødselforbruket må reduserast. • Kraftforforbruket må reduserast. • Husdyrhald på eigne grovforressursar må stimulerast • Kortreist mat til forbrukarane • Auka produksjon av frukt, bær, grønsaker m.m. • Auka bruk av biobrensel og lokalt trevyrkje