130 likes | 294 Views
13 Internett og breiband. Internett Ei samling av ei mengd små og store lokale datanett, enkeltståande maskinar og databasar som er knytte mot kvarandre til eit stort verdsomspennande nettverk. Felles kommunikasjonsprotokoll TCP/IP (Transmission Controll Protocol/Internet Protocol).
E N D
13 Internett og breiband Internett • Ei samling av ei mengd små og store lokale datanett, enkeltståande maskinar og databasar som er knytte mot kvarandre til eit stort verdsomspennande nettverk. • Felles kommunikasjonsprotokoll TCP/IP (Transmission Controll Protocol/Internet Protocol). • Kvar datamaskin har si unike elektroniske IP-adresse.
TCP/IP-protokollen • TCP-protokollen • er sjølve overføringsprotokollen • skal sørgje for at informasjonen kjem fram • har som oppgåve å forme meldingar om til datapakkar på sendarsida og dekode dei til meldingar igjen på mottakarsida • IP-protokollen • sørgjer for at maskinar kan kommunisere med kvarandre • tek seg av adressering og ruting i nettverket
World Wide Web • Forkorta WWW. • Er ein tekstbasert peikarfunksjon i Internett. • Ved hjelp av hypertekst peiker WWW på kryssreferansar kalla hyperlenkjer. • Ved hjelp av ein nettlesar (eit eige program) kan brukarar søkje og finne informasjon på Internett.
ISDN (Integrated Services in Digital Network) • Har funnest som ei offisiell teneste sidan 1994/1995. • Gir brukarane ei digital telefontilknyting til telenettet. • Opnar for datakommunikasjon mot datanett eller Internett. • Eigna for å kople saman lokale datanett (LAN) og for å kople mot WAN-nett. • Finst i to tilknytingsformer, ISDN grunntilknyting (ISDN GT) og ISDN utvida tilknyting (ISDN UT).
ISDN kanaltypar • B-kanal: • overføringskapasitet 64 kbps for telefoni- eller dataoverføring • straumformatert • kan også nyttast til høgkvalitets telefoni (bandbreidd 7 kHz) • ein kan slå saman fleire B-kanalar og dermed auke datakapasiteten • D-kanal: • overføringskapasitet 16 kbps (64 kbps v/utvida tilknyting) • pakkeformatert • blir hovudsakleg brukt til å overføre signalinformasjon for ISDN-sambandet • kan også brukast til å overføre lågfarts pakkebasert dataoverføring (mot betalingsterminalar, minibankar osv.)
ISDN grunntilknyting • To B-kanalar og ein D-kanal (2B +D). • Gir tilgang til to separate telefonlinjer. • Gjer det mogeleg å ha inntil åtte individuelle telefonnummer. • Fleksibel tilknyting slik at kunden sjølv kan velje korleis den totale kapasiteten skal nyttast. • Alternative oppkoplingar: • begge B-kanalane kan nyttast til telefon • ein kanal til telefon og ein til telefaks • ein til telefon og ein til data • begge B-kanalane til data (mister telefonsambandet) • Samla datafart B-kanalar 2 x 64 kbps = 128 kbps.
ISDN-utvida tilknyting • Omfattar 30 B-kanalar og ein D-kanal (30B + D). • Har same oppbygnad som eit 30 kanals PCM-system. • Gir tilgang til ein samla dataoverføringskapasitet på 64 kbps x 30 = 1920 kbps, • Opnar for alternativ bruk av telefonlinjer og datakommunikasjon. • Eigna for større bedrifter med eigen hussentral (PABX).
ADSL(Asymmetric Digital Subscriber Line) • Ein teknologi som gjer det mogeleg å overføre data med relativt høg fart på ei vanleg telefonlinje av kopar. • Norsk nemning er asymmetrisk digital sluttbrukarlinje. • Kom på marknaden i 1999. • Asymmetrisk vil seie at det er ein datafart for nedlasting (nedstraums eller ”downlink”) og ein for sending (oppstraums eller ”uplink”), kan ikkje reverserast. • Nedlastingsfart opp til 20 Mbps og 1,2 Mbps for sending, avhengig av linjekvalitet og avstand til sentral. • Eit punkt-til-punkt-samband som er permanent oppkopla til ein nettleverandør. • Krev spesielt ADSL-modem og filter (skilje av data og telefoni).
1 2 3 4 5 6 7 8 Svitsj PC LAN IP-PHONE Analog telefonadapter Eventuelt analog telefon Internett LAN DSL MODEM PHONE LINE Splittar (filter) ADSL modem Linje frå telenettet ADSL heimekontor Figur 13.1 Oppkopling av ADSL for heimekontor og mindre bedrifter.
Telenett-operatør Telenettet ADSL-modem/filter Telefonlinje DSLAM Internett-peratør Nedstraums Internett Oppstraums ADSL-samband Figur 13.2 ADSL-samband. ADSL Meir info om ADSL finn du på denne linken: http://www.kunnskapsnett.no/
IP-telefoni • Krev tilgang til Internett eller eit lokalt datanett. • Nyttar ikkje telenettet, men TCP/IP-baserte nett, til dømes Internett. • Basert på pakkesvitsjing og sending av tale som datapakka meldingar. • Kan nytte eigne apparat for IP-telefon eller analoge telefonapparat. • For å kunne bruke analoge telefonapparat treng du ein eigen adapter. Meir info om IP-telefoni kan du finne her: IP-telefon http://www.hoyvis.no/
Elektronisk post • E-post (e-mail) eller elektronisk post (E-mail, electronic mail). • Blir brukt til meldingsformidling i nettverk. • SMPT (Simpel Mail Transport Protocoll) er standarden og protokollen for overføring i Internett. • IP-protokollen sørgjer for at e-posten blir send ut på nettet og kjem fram til rett adresse. • To typar postkassar: • enkel postkasse (POP, Post Office Protocol), lagring lokalt på PC-en til brukaren • avansert postkasse (IMAP, Internet Message Access Protocol), lagring på sentral database
ATM-nett (Asynchronous Transfer Mode) • Asynkron pakkesvitsja nettverksteknologi eller overføringsteknikk for relativt høg overføringsfart (25 til 622 Mbps). • Informasjonen blir organisert i datapakkar i faste storleikar (48 eller 53 byte). • Eigna for overføring av video, tale og data. • Kan nytte TP-kabel, koaksialkabel og fiberoptisk kabel. • Opphavleg utvikla for fastlinjenett, men blir også nytta i trådlaus kommunikasjon. • Opnar ein fast kanal eller ei fast rute mellom to punkt i nettet slik at dataoverføringa kan ta til straks. • Gjer det enklare å spore og taksere databrukarar.