10 likes | 193 Views
Vekeplan veke 20. Mål. Norsk. Du skal lese godt på leseleksa di. Du skal kunne skrive vekas øvingsord heilt rett. Matematikk. Du skal kunne rekne saman når de spelar Yatzy. Du skal kunne forklare for ein vaksen korleis du tenkjer og de skal bli einige om korleis ein best finn ut av svaret!.
E N D
Vekeplan veke 20 Mål Norsk Du skal lese godt på leseleksa di. Du skal kunne skrive vekas øvingsord heilt rett. Matematikk Du skal kunne rekne saman når de spelar Yatzy. Du skal kunne forklare for ein vaksen korleis du tenkjer og de skal bli einige om korleis ein best finn ut av svaret! Vekas øvingsord: kikkert, kino, kjole, kjøkken, kjøleskap Lekser Til tysdag Til onsdag Les dei sidene som står på lesearket ditt. Skriv ein setning til kvart øvingsord. Sjekk at du skriv dei heilt rett. Skriv i den rosa boka. Hugs overskrift veke 20 Les dei sidene som står på lesearket ditt. Skriv ei side i Eg kan stavskrift. Øv på 17. mai songane. Norsk Matematikk Spel Yatzy minst 2 gonger i løpet av veka med nokon i familien din. De skal byte på å leggje i saman. Ein gong er det din tur og neste gong er det den andre sin tur. Legg saman i hovudet men bruk stemma di, og forklar korleis du tenkjer. Bruk den tida du treng! Hugs at det er lurt å finne tiarvennene først. Hugs: TA MED: Eg kan stavskrift. Legg boka i sekken på måndag. Gymkledetil måndag og onsdag! Til heimen: Eg vil prioritera jentene mine på nasjonaldagen derfor går eg ikkje i toget saman med klassen. Nils Henning Dirdal har sagt seg villig til å gå med 2. steg, takk til han! Håper alle får ein flott dag med mykje sol og god stemning! Hurra! Det er og skolefri fredag 18. mai. Elevane har fått med seg skjema til førebuing til foreldresamtalen (nokså same skjema som blei brukt i fjor) Det er supert om eg kan få det levert tilbake til skolen innan onsdag 16. mai. På onsdag 16. mai vil halvtårsvurderingane bli levert ut, slik at de kan førebu de på foreldresamtala. Lina