380 likes | 527 Views
Overgang frå ungdomsskule til yrkesfaglege program i videregåande skule – elevane si stemme Rett kompetanse, fremtidens behov Hordaland Fylkeskommune 26. 10.11 Ann Karin Sandal. PhD- prosjekt (2007- 2011).
E N D
Overgang frå ungdomsskule til yrkesfaglege program i videregåande skule – elevane si stemme Rett kompetanse, fremtidens behov Hordaland Fylkeskommune 26. 10.11 Ann Karin Sandal
PhD- prosjekt (2007- 2011) • Del av NFR- prosjektet Med Mappe som Møteplass (HSF og UiB), Praksisretta FoU- programmet (2007- 2009) • Kvalitativ studie av ungdom og utdanningsval • Presentasjon av 1. delen
15 år og på veg inn i vidaregåande skule På grunn av at eg ikkje er heilt sikker på kva draumen min er, veit eg ikkje kva som skal til for å få oppfylt den…
Overgang til vidaregåande skule Velje utdanning og framtidig yrke - komplekse prosessar som involverer og kan endre m.a. sjølvforståing og oppfatningar av identitet og sosiale relasjonar
Overgangen krev • faglege tilpassingar • metodiske tilpassingar • medvit om kva ein vil og er interessert i, og kven ein er • sosiale tilpassingar
Faglege og metodiske tilpassingar • Motivasjon • Interesser • Tiltru til eigne evner og mulegheiter for å meistre nye utfordringar (self- efficacy)
Sosialisering i ungdomsalderen • Sosialisering får nye orienteringspunkt - frå foreldre og mot jamnaldringsgruppa • Psyko-sosialt moratorium – ein mellomfase, mellom barndom og vaksenliv, prega av utprøving av identitetar og sosiale roller
Kulturell frisetjing • Finns i mindre grad eintydige, gyldige normer og reglar for atferd • Normer vert oppfatta som relative og er i rask endring • Konsekvensar for t.d. - val av utdanning, yrke - kvar ein buset seg - sosial gruppe - religion, livsstil, verdiar osv
Overgangen • Ein utvida sosial kontekst med nye roller • Rolleforvirring, usikkerheit • Kritisk fase (feilval, omval, fråfall…) • Normativ krise (Erikson, Marcia)
Eller… • Kan utprøving av roller og identitetar vere ein naturleg del av utviklingsprosessar i denne fasen i livet? • Kan kriseomgrepet forståast som ein fase prega av val mellom ulike meiningsfulle mulegheiter, som livsval?
Identitet • Tilpassingar til sosial kontekst og forventingar frå omverda • Identitetsutvikling - oppleving av kven ein sjølv er - måten ein definerer seg sjølv på - kven ein ynskjer å vere
Det seinmoderne samfunn … • Identitetsutvikling resultat av individualisering • Gjennom refleksive val konstruerar ein seg sjølv og sin identitet • Gjennom møte med andre som ein identifiserer seg med utviklar individet ei forståing av og medvit om seg sjølv (spegling)
Sjølvrefleksjon Ei tilpassing til det seinmoderne samfunn og nødvendig for å meistre - kva vil eg gjere kven vil eg vere, korleis vil eg framstå - ”iscenesetjing” av seg sjølv
Identitetsdanninga • Gjentakande refleksjon over kven ein er og kven ein vil vere • Rekonstruksjon av sjølvoppfatning i lys av impulsar og påverknad frå miljøet rundt • Ein aktiv skapingsprosess som involverar refleksjonar over fortid, notid og framtid
Risiko • Når utvikling av identitet, sosialisering osv eit aktivt, individuelt val utset seg for risiko Sårbarheit i høve til • sjølvbilete • grunnlag for val • støtte frå signifikante andre • evne til refleksivitet • marginalisering
Seinmodernitet (Giddens) • Fridom til å velje kven ein vil vere og kven ein vil bli • Val av utdanning og yrke er ei avgjersle individet står åleine om å ta • Stiller høge krav til refleksivitet og oppleving av autonomi
Kva er fokus hjå ulike aktørar? • Foreldre, lærarar og samfunnet definerer utdanningsval som hovudfokus i overgangsperioden mellom skuleslaga utdanningsfase • Elevar definerer denne tida som ein identitetsutprøving og utviklingsprosess, som eit prosjekt mot å utvikle eigen identitet og posisjon i eit fragmentert samfunn utviklingsfase
Utdanning som lineær prosess? barndom ungdomsalder vaksenliv utdanningsinstitusjonar arbeidsliv Opplæring og førebuing til deltaking i yrkes- og arbeidsliv Korleis opplever og erfarer ungdom dette?
Yrkesvalmodnad Kunnskapar, ferdigheiter og motivasjon som er nødvendig for å ta ei avgjersle om yrkesval og orientere seg mot ei utdanning, eit yrkesområde eller eit bestemt yrke Informasjon Vurdering Avgjersle/ bestemme seg Føreset ein relativ klar identitets- og sjølvoppfatning (motivasjon, interesser, verdiar, mål osv)
PhD- arbeidet, 1. delen Kva kjenneteiknar elevar i 10. klasse sine opplevingar av overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring, yrkesfaglege program?
Fokus på • Grunngjevingar for val • Motivasjon • Interesser • Læringserfaringar • Meistringserfaringar • Forventningar til vgs • Framtidsplanar
Praktiske aktivitetar og opplæring • Meistring av praktiske ferdigheiter • Det kroppslege, fysiske • Kreativitet, vere skapande
Å skape og bruke hendene Eg var litt usikker for eg har alltid likt å jobbe med hendene og då synst eg det såg veldig kjekt ut med drama. Eg var å besøkte den linja der i to dagar og det var kjempekjekt. Men så vart det til design og handverk fordi at eg kom til UKM og kom vidare med det eg hadde sydd, og då .. det var utruleg kjekt, ja, det gav meg liksom guts til å søkje design og handverk
Behov for mindre teori • Ynskje om ”noko anna” – innhald - arbeidsmåtar Eg vil ta yrkesfag fordi eg ikkje likar teoretiske fag og vil heller gjere noko kreativt og bruke hendene, og eg ikkje har lyst å ha andre språk enn norsk og engelsk. Eg vil ikkje ha eit ekstra språk, […] og så er det så mykje skule.
Interesse og motivasjon • Interesse for yrkesfag er utvikla hovudsakleg på fritida, gjennom sjølvregulerte fritidsaktivitetar • For nokre òg gjennom praktiske arbeidsmåtar i skulen • Knytt til personlege interesser • Indre motivasjon
Eg vil velje teknisk og industriell produksjon på vg1 og sannsynlegvis bilmekanikar, lette kjøretøy vg2, fordi eg elskar å mekke på bilar og er maksimalt interessert i bil/motor. Eg likar å bygge ting og likar å lære nye teknikkar. Naturbruk vel eg fordi eg likar å styre med mange ting på garden. Eg bur på ein gard, og det er veldig kjekt. Eg kan godt tenke meg å få ein eller annan jobb innan bygg- og anleggsteknikk eller naturbruk.
Samanheng mellom faga i ungdomsskulen og yrkesfaglege program • Få elevar ser nytte av faga i ungdomsskulen for framtidig utdanning og yrke • Dei få som gjer det er elevar som er bestemte og tydelege på valet sitt, og som gjev uttrykk for innsikt i det yrkesfaglege programmet og yrket, både arbeidsoppgåver og arbeidsmåtar
Elevar med god fagleg meistring relaterer dette i liten grad i yrkesfag • Elevar med god meistring på kreativitet og praktiske ferdigheiter relaterer dette til yrkesfag som muleg utdannings- og yrkesveg
Når ein ikkje har noko val… For mange elever er val av yrkesfag eit negativt val, sidan det er det einaste valalternativet, slik elevane opplever det - usikre på sine interesser og kva dei vil - sikre på at dei ikkje vil ta studiespesialisering
Eigentleg vil eg ikkje nokon ting, eg synst ikkje det er noko som ser spennande ut, som er noko. Eg veit ikkje kva eg skal velje. Eg visste ikkje kva eg skulle velje, og ville helst at alle jentene skulle gå på det same, men det gjekk jo ikkje. Eg hadde eigentleg ikkje lyst på helse- og sosial for det er litt slik pinglete då eigentleg. Det er masse slike jenter som går der sant, og eg har ikkje lyst til å vere slik. Men eg berre valde det for å, for…ja, eg må jo vite kva eg vil bli og då må det verte noko innafor det, og så kan eg begynne med barn og ungdom året etterpå trur eg…
Arbeidsmarknad og løn • Ein del elevar grunngjev utdanningsvalet med mulegheiter på arbeidsmarknaden, gjerne knytt til heimstaden • Løn - viktig for gutane
Faget Utdanningsval Alle elevane var svært positive til utplassering på arbeidsplassar - gjere eigne erfaringar - autentisk læringsmiljø - arbeidsmiljø og møte med arbeidslivet
Støttespelarar • Foreldre, familie • Venner • Skulen Sjølstende Det er mitt val, eg bestemmer Eg skal velje det som eg trivst med, og ikkje kva dei andre seier
Teoretisk – praktisk tilnærming? • Faga i skulen - innhald - arbeidsmåtar • Kunnskapssyn og læringssyn • Dekontekstualisering av kunnskap?
Utvikle interesser og motivasjon • Korleis gje elevane mest mogeleg eigne erfaringar, autentisk læring? • Korleis kan skulen leggje til rette for å stimulere til interesse for yrkesfaglege program gjennom teoretiske fag gjennom andre arbeidsmetodar og læringsaktivitetar i ungdomsskulen?
Utfordringar Korleis forankre faget Utdanningsval i dei andre faga i skulen, - eit tverrfagleg arbeid fokusert på elevane sitt utdanningsløp vidare? Arbeidslivsfaget – ikkje berre for elevar som ikkje meistrar det teoretiske?
Autentiske læringssituasjonar og læringsaktivitetar kan skape ein kontekst for læring som gjev meining, òg utover den aktuelle situasjonen Behov for å synleggjere tradisjonelle skulefags relevans for yrkesfagleg utdanning Behov for møteplassar mellom lærarar og mellom skule og lokalsamfunn/ arbeidsliv - breiare tenking rundt yrkesorientering og utdanningsval som kan skape betre grunnlag for elevane sine val for elevane
Utfordringar • Rådgjevinga - knyte an til elevane sine mangfaldige læringserfaringar • Vanskeleg for elevane å utvikle identitet til utdanning og yrkes når resonansen til eige liv er svak • Å ta refleksive val når ein har fylgd straumen i 10 år… • Yrkesvalmodnad