240 likes | 521 Views
Moro med planteori. Verknader av New Public Management på planlegging. Forelesing på Kommuneplankonferansen 2006 Kongsberg 06.02.2006 Roar Amdam, Høgskulen i Volda ram@hivolda.no. Dei store linjene i samfunnsutviklinga Basert på Guneriussen 1999: Å forstå det moderne.
E N D
Moro med planteori.Verknader av New Public Management på planlegging Forelesing på Kommuneplankonferansen 2006 Kongsberg 06.02.2006 Roar Amdam, Høgskulen i Volda ram@hivolda.no
Dei store linjene i samfunnsutviklingaBasert på Guneriussen 1999: Å forstå det moderne
Trendar i moderniseringa av offentlig sektor i NorgeRøvik 1998: Moderne organisasjoner 1960-talet: Rasjonalisering, etatsopplæring og gryande desentralisering 1970-talet: Politiserte oppskrifter, desentralisering og vekst i offentleg sektor 1980-talet: Identitetsskifte og idémangfald 1990-talet: Tiåret for slankeoppskrifter, tøffare grep og fokus på omgivnaden (konkurrentar)
Pågåande reformer http://odin.dep.no/mod/fornyelse/maal/bn.html • Sjukehusreforma • Utdanningsreforma • Døgnopen forvaltning-reforma • Forsvarsreforma • Politireforma • Arbeidskraftreforma (NAV) • Kommunereforma • Forvaltningsstruktur-reforma • Regelforenkling-reforma
NPM som reformidealNew Public Management • Eit breitt konsept som har noko til alle, difor veldig dominerande. Bygger på tre føresetnader: • Tru på sterk leiing: Oppgraderar og viktiggjer leiarane. Skil politikk og administrasjon, dvs. folkevalde som strategar, bestillarar og tilsette som utgreiarar og operatørar. • Tru på indirekte kontroll: Bruk av marknadar for å auke produktivitet og effektivitet i offentleg sektor, dvs konkurranseutsetting, fristilling, privatisering m.m. • Tru på borgarane: Innfører frie brukarval, brukarundersøkingar, brukarstyre, voucher, rettigheitslover m.m.
New Public Management medfører to motstridande krefter • Desentraliseringav makt ved delegering til resultateiningar og adm. leiarar og ved atborgarane får frie val som kundar, klientar og brukarar av det offentleg. • Sentralisering av makt gjennom, rapportering, resultatkontroll, kontraktstyring (BU-modell), definerte minstestandardar m.m. Resultat: Konkurranse om å eksistere, sjølvsentrering og eit rigid kontrollregime basert på mistillit
NPM forsterkar behovet for å vise samfunnsansvarSystemmodell av den politiske prosessMichael Hill 1998 Legitimitetssida Relasjonane til omgivnaden Produksjonssida Det politiske system Avgjerder, forhandlingar m.m. Inntakssida (input) Behov, krav, støtte, ressursar Uttakssida (output) Produkt, prestasjon, service Resultatsida (outcome)
Summeoppgåve Vis med konkrete eksempel korleis produkt, prestasjonar og service som ein organisasjon vurderer som effektive for si problemløysing (uttaksida) gir negative konsekvensar for andre og totalt sett for samfunnet (resultatsida)?
Ei todeling av planlegginga Styring/planlegging av staten, kommunar og fylke som organisasjonar: Virksomheitsplanlegging Kjenneteikn som hierarki, fordeling, velferdsstaten og administrative grenser. Styring/planlegging av stat, fylke og kommunar samfunn Samfunnsplanlegging Kjenneteikn som partnerskap, nyskaping, entreprenørstaten og identitetsregionar.
Todelinga av planlegginga Virksomheitsplanar Samfunnsplanar
Samfunnsplanlegging som partnerskapFøreset avtalebasert styring FOLKEVALD KONTROLL Fylkeskommunen Andre Frivillige lag og organisasjonar Fylkesmannen PENGAR Kommunar Mobiliserande, forpliktande og gjennomsiktig arena Nærings-organisasjonar Skular, universitet, forsking Bedrifter TILLIT Departement og direktorat Politi HANDLING Bankar m.m. Sjukehus m.m
Kommuneomgrepet Viktig å skille mellom kommunen som eit samfunn (commune, fellesskap, sokn m.m.) og kommunen som ein organisasjon (produsent av velferdsstat oppgåver)
Kommunane sin tredelte funksjon • Autonomi som avleidd statsmakt • Ballanse mellom negativt avgrensa sjølvstyre og statleg styring gjennom • Lov og regelverk - deregulering • Desentralisering og målstyring • Rammeoverføring og øyremerka tilskot • Effektivitet • Indre effektivitet eller produktivitet, dvs. produsere varene og tenestene med minimal/optimal ressursbruk • Ytre effektivitet, dvs. produsere dei ”rette” varene og tenestene med omsyn til likskap for lova, likeverdige levekår og politisk viljesdanning • Lokaldemokrati • Finne lokalt tilpassa løysingar • Erstatte marknaden ved å definere behov/etterspørsel • Skape politiske fellesskap, alliansar og fremme krav overfor staten og andre
Behovet for rimeleg maktbalanse over tid Styring ovafrå med vekt på omfordeling av aktivitet og ressursar Territoriell maktstyrking (empowerment) Mobilisering nedafrå med vekt på eigenutvikling, nyskaping og læring gjennom deltaking
Staten styrer kommunane gjennom • Regulering av skattar/avgifter • Rammetilskot, øyremerka tilskot og handlingsplanar • Lovfesta rett til visse tenester • Minstestandard for kommunale tenester • Avgrense høva til omorganisering • Sentralt forhandla tariffavtalar
Prinsipp i ny oppgåvefordelingspolitikk • Forvaltnings- og tilsynsoppgåver til fylkesmennene og regionale statsetatar • Tenesteproduksjon til staten og kommunane • Regionalt utviklingsarbeid til fylkeskommunane
Eksisterande maktrelasjonar Ovanfrå ned funksjonell makt Tjenesteyting innafor velferdsstaten Utvikling Forvaltning Nedanfrå opp territorial makt
Mot ein ny kommunestrukturSom ”heimstadbyggarar” har dei kanskje ei framtid? Det kommunale sjølvstyre er basert på delegert statsmakt: 1. Forvaltningsoppgåver Oppgåver knytt til regelforvaltande byråkrati kan nasjonaliserast kvar dag som helst! 2. Tenesteproduksjon Oppgåver som kommune utfører for velferdsstaten kan fristillast ved å gjere offentlege verksemder, private foretak og frivillig sektor til operatørar. 3. Plan- og utviklingsarbeid Oppgåver knytt til skaping av fellesskap, kompromiss, meiningsbryting og politisk påverknad er kommunane sin kjerneaktivitet.
Behovet for samfunnsplanlegging Meir koordinert samfunnsutvikling kan (berre) oppnåast ved at den territorielle samfunnsplanlegginga skaper motmakt og stiller krav til og spelar på lag med den fragmenterte og sektoriserte verksemdsplanlegging
Gi oss ei lov om samfunnsplanlegging! Den territorielle samfunnsplanlegginga må støttast av eit lovverk med ein planprosess som inneheld alle dei elementa som inngår i ein legitimerande politisk prosess Difor: 1. Kommunal verksemdsplanlegging etter Kommunelova 2. Kommunal og all anna samfunnsplanlegging etter ny Lov om samfunnsplanlegging (og bygging)
Takk for meg! Du finn meir om meg her: http://www.hivolda.no/index.php?ID=11495 http://www.hivolda.no/index.php?ID=12348