320 likes | 597 Views
Kompetansekrav for undervisningspersonale . Kurs for Møre & Romsdal fylke november 2008. Opplæringslova § 10-1. Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
E N D
Kompetansekrav for undervisningspersonale Kurs for Møre & Romsdal fylke november 2008
Opplæringslova § 10-1 • Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. • Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og praksis for den som skal tilsetjast.
Forhistorien I 1896 – 1936 – 1957 – 1964 – 1973 – 1987 – 2003 ”For de fullstendige lærerposter er lønningsvilkårene de samme som for tilsvarende stillinger ved statsskolene. Til hvilke lønningsgrader lærerstillingene ved den enkelte skole skal henføres, bestemmes av Stortinget etter forslag fra kommunestyret” Den parlamentariske skolekommisjon 1927 1987 – 15 separate rundskriv og forordninger utgår fra samme dato 1990 – eget rundskriv for å rette opp en inkurie
Forhistorien II 1990 Detaljrikdommen tar over – 36 sider spesifikasjon av fagkompetanser
Forhistorien III 2003 – Kompetansen fastsettes ut fra utdanningens lengde, og ikke bare pga innhold
Krav til pedagogisk kompetanse (Forskrift til opplæringslova §14-1) • Alle som skal tilsetjast i undervisningsstilling, må ha pedagogisk utdanning • Til opplæring av vaksne etter Opplæringslova kapittel 4A kan det under visse føresetnader tilsetjast personar utan formell pedagogisk kompetanse
Tilsetjingskrav (Forskrift til Opplæringslova § 14-3) Krava for tilsetjing i den vidaregåande skolen: • Studieførebuande fag (tidlegare allmenne fag) • Yrkesfag
Krav for tilsetjing i den vidaregåande skolen Studieførebuande fag • Universitet- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoenginklusive pedagogisk utdanning, for undervisning i fag/på fagområde der vedkomande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning. • Faglærarutdanning for undervisning i fag/på fagområde der vedkomande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning. • Lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskjeleg.
Krav for tilsetjing i den vidaregåande skolen Yrkesfag (I) • Yrkesfaglærarutdanning for undervisning i fag/på fagområde der vedkomande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning. • Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst180 studiepoeng inklusive pedagogisk utdanning, for undervisning i fag/ på fagområde der vedkomande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning. • Faglærarutdanning for undervisning i fag/på fagområde der vedkomande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
Krav for tilsetjing i den vidaregåande skolen Yrkesfag (II) • Fagbrev, sveinebrev eller fullført og bestått anna yrkesfagleg utdanning i vidaregåande opplæring, • 2 års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og • 4 års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring, for undervisning i fag/på fagområde som utdanninga/bakgrunnen er relevant for • I tillegg krevst pedagogisk kompetanse. • Lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskjeleg.
Tilsetjing på vilkår (Forskrift til opplæringslova § 14-5) Yrkesfag (III) • Når det til utlyst stilling i yrkesfag ikkje melder seg søkjar som fyller kompetansekrava, kan søkjar som fyller dei faglege krava, men manglar pedagogisk elleryrkesteoretisk utdanning, tilsetjast på det vilkår at utdanninga blir utført. • Arbeidsgjevar og arbeidstakar avtaler lengda på tilsetjinga på vilkår. Hordaland fylkeskommune krev at pedagogisk utdanning eller yrkesteoretisk utdanning må vera fullført innan 3 år. Dersom det viser seg å vera lang ventetid før ein kjem inn på utdanninga, kan læraren etter søknad eventuelt få forlenga frist.
Reglar for innplassering etter HTA og fastsetjing av lønsstatus for undervisningspersonale Kurs for Møre & Romsdal fylke november 2008
Reglar for innplassering • Undervisningspersonale skal normalt lønsinnplasserast etter eit kompetanselønssystem. Jfr. Vedlegg 6 til HTA. • Det er læraren sin formelle kompetanse som avgjer kva stillingskode vedkomande skal innplasserast i.
Reglar for innplassering • Lønsstatus for undervisningspersonale vert fastsett på grunnlag av normert studietid. • Eitt års studium utgjer 60 studiepoeng (tidl. 20 vekttal)
Medrekning av praktisk-pedagogisk utdanning i normert studietid • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) skal telja med ved utrekning av normert studietid • ½-årig PPU = 30 studiepoeng (tidl. 10 vekttal) • 1-årig PPU = 60 studiepoeng (tidl. 20 vekttal) • Frå 1994 gjekk den praktisk-pedagogiske utdanninga over frå ½-årig til 1-årig utdanning
3 års normert studietid (180 studiepoeng) Døme: 3-årig faglærarutdanning inkludert pedagogisk utdanning: = lærar (stillingskode 7961)
4 års normert studietid (240 studiepoeng) Døme: 3-årig bachelorutdanning frå universitet / høgskole + 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning = adjunkt (stillingskode 7962)
5 års normert studietid (300 studiepoeng) Døme 1: 3 års bachelorutdanning frå universitet / høgskole + 1 års godkjend vidareutdanning, eventuelt 2 halvårseiningar + 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning = adjunkt med tilleggsutdanning (kode 7963)
5 års normert studietid (300 studiepoeng) Døme 2: 4 års cand.mag.-utdanning frå universitet / høgskole + 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning = adjunkt med tilleggsutdanning (kode 7963)
Utdanning med mastergrad eller hovudfag Utdanning med godkjend mastergrad eller hovudfag, eller godkjend vidareutdanning på hovudfags-/mastergradsnivå = lektor (stillingskode 7965) (Godkjend vidareutdanning på hovudfag eller mastergradsnivå kan til dømes vera utanlandsk utdanning som i omfang og nivå blir godkjend av NOKUT å tilsvare ein mastergrad eller eit hovudfag, eller ei norsk utdanning som ein eksamensberettiga utdanningsinstitusjon godkjenner å tilsvare eit hovudfag eller ein mastergrad)
6 års normert studietid med mastergrad/hovudfag (360 studiepoeng) • Døme 5-årig utd. med mastergrad/hovudfag + 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning = lektor med tilleggsutd. (kode 7966)
6 års normert studietid med mastergrad / hovudfag (360 studiepoeng) NB! • Føresetnaden for innplassering i kode 7966 er fullført praktisk-pedagogisk utdanning. • Det same gjeld innplassering i kode 7963 Adjunkt med tilleggsutdanning
Reglar for innplassering etter HTA og fastsetjing av lønsstatus for yrkesfaglærarar med fagbrev Kurs for Møre & Romsdal fylke november 2008
Lønsstatus for yrkesfaglærarar med fagbrev Døme 1: Godkjent fagbrev / sveinebrev + 4 års praksis etter fullført vidaregåande opplæring + 2 års yrkesteoretisk utdanning + ½-årig praktisk-pedagogisk utdanning = lærar (stillingskode 7961) Lærar med 1-årig pedagogisk utdanning skal innplasserast som adjunkt stillingskode 7962
Lønsstatus for yrkesfaglærarar med fagbrev Døme 2: Godkjent fagbrev / sveinebrev + 4 års yrkespraksis etter vidaregåande opplæring + 2 års yrkesteoretisk utdanning + 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning = adjunkt (stillingskode 7962) + 1 års vidareutdanning /eventuelt 1 ekstra fagbrev = adjunkt med tilleggsutdanning (kode 7963)
Unntak frå kravet til pedagogisk utdanning Ved lønsinnplassering for lærarar som er tilsette i kortare vikariat, kan kravet til pedagogisk utdanning fråvikast. Dersom desse fyller dei faglege utdanningskrava, men manglar pedagogisk utdanning, skal dei lønsinnplasserast som om dei hadde fullstendig godkjend utdanning men utan ”tilleggsutdanning” Dette gjeld stillingskodane: 7961 Lærar, 7962 Adjunkt og 7965 Lektor
Lærarar utan godkjend utdanning (st.kode 7960) Lærarar som ikkje fyller dei faglege utdanningskrava for stillinga, skal lønast som Lærar utan godkjend utdanning (stillingskode 7960) med løn tilsvarande minsteløn som fagarbeidar (stillingskode 7517)
Tidlegare godkjend utdanning og overgangsordningar • Ved innføring av det nye kompetanseløns-systemet er det bestemt ei overgangsordning som sikrar at alle som har utdanning som lærar etter tidlegare reglar, eller som har fått dispensasjon frå tidlegare lærarutdanningskrav, framleis vil ha gyldig kompetanse for å bli tilsett i undervisningsstilling. • Desse skal lønsinnplasserast i stillingskodar tilsvarande den godkjenninga dei har fått tidlegare.
Vidareutdanning – innplassering i ny stillingskode • Lærar som tar godkjend vidareutdanning skal innplasserast i ny stillingskode med verknad frå den 1. i den månaden vitnemålet er utskrive.
Vidareutdanning – innplassering i ny stillingskode • Etter reglane i HTA (2008-2009) skal læraren ved innplassering i ny stillingskode behalde lokale lønstillegg gitt i tillegg til tidlegare minsteløn. Det ”lokale tillegget” som skal gjevast i tillegg til ny tariffløn, utgjer differansen mellom faktisk løn og stillinga si minsteløn. • Personleg lønsinnplassering ved ”rekruttere/behalde”-problematikk, er ikkje omfatta av det ”lokale tillegget”. • I Møre og Romsdal 2008-2009 vil tillegg etter 4.a.2/4.a.3. "flyte oppå" nye minstelønnssatsar pr. 01.05.09.