210 likes | 355 Views
NYNORSK. Kapittel 8: Mellomalderen i Europa. Elevane skal kunne – gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen
E N D
NYNORSK Kapittel 8: Mellomalderen i Europa Elevane skal kunne – gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen – presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område – gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrerer, og drøfte konsekvensar av møtet deira med andre kulturar
Periodisering Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Europa på defensiven Folketalet var lite. Angrep frå mange kantar. Små byar og lite handel.
Periodisering Høgmellomalder: 1000–1300 Europa på offensiven Handelen aukar, og byane veks. Sjølvtilliten aukar i takt med veksten på ulike område i samfunnet.
Periodisering Seinmellomalder: 1300–1500 Periode prega av folketapet på grunn av svartedauden. Renessansekunsten i Italia og Nederlanda blømer. Folk flest får høgare levestandard.
Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Europa på defensiven Folkevandringar Kven? Første bølgje: Germanske og slaviske stammer. Andre bølgje: Vikingar, madjarar og arabarar.
Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Kvifor? – Romarriket blei gradvis svekt frå omkring 200 e.Kr., og rikdommane verka som lokkemat på ytre krefter. – Klimaendringar, krig, overbefolkning og svolt.
Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Resultat – Nedgangsperiode i europeisk historie. – Byar mista innbyggjarar og forsvann. – Slutt på bruk av myntar i økonomien på grunn av politisk uro og manglande vern for handelsmenn. – Få kunne leve av overskotet frå bøndene.
Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Resultat – Dei fleste levde i naturalhushald. – Lite historisk kjeldemateriale frå perioden 500–800 e.Kr. – Lese- og skriveferdigheitene på retur.
Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Føydalsystemet Ein modell som vi kan bruke til å prøve å forklare mellomaldersamfunnet med.
Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Korleis? – Samfunnet var bygd opp hierarkisk, som ein pyramide. – Kongen på toppen. For å sikre seg lojalitet kunne han låne ut jord til mennene sine (feudum/len). – Dei som lånte jord, blei kalla vasallar og var forplikta til å utstyre riddarar og vere med i forsvaret av kongen.
Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Korleis? – Domenejord: Jorda til godsherren, som han dreiv sjølv. – Bøndene måtte forplikte seg til å arbeide ei fastsett tid (rekna i dagar) på godset.
Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Kvifor? – Kongane mangla midlar til å finansiere sin eigen hær. – Samfunnsordenen var innstifta av Gud. – Frankarane, under Karl den store, bygde opp dette systemet først. – Målet var å byggje ei sterk statsmakt, med ein konge på toppen av føydalpyramiden.
Høgmellomalderen 1000–1300 Europa på offensiven Kvifor? – Vendeplogen av jern gjorde fleire område dyrkbare, og jorda var mindre utsett for utpining. – Utviklinga av bogtre, som hindra at hesten blei kvelt, gjorde hesten til eit viktig trekkdyr. – Rotasjonssystem hindra utpining av jorda. Treskiftebruk.
Høgmellomalderen 1000–1300 Resultat – Auka vareproduksjon. – Folkeauke. – Fleire kunne arbeide utanfor jordbruket. – Byvekst og handel skaut fart.
Høgmellomalderen 1000–1300 Maktkamp: Verdsleg makt mot kyrkjemakt – Paven: Ønskte full råderett over presteskapet og ville forfølgje brot på kristen lov. – Meinte at kyrkja styrte i åndelege saker, mens kongen hadde autoritet i verdslege saker. – Fridom til å utnemne biskopar – investiturstriden. – Kongen: Ønskte kontroll med presteskapet og ville sjølv utnemne biskopar.
Høgmellomalderen 1000–1300 Byar – Sentrum for handelsfolk og handverkarar som danna grunnlaget for framveksten av byborgarskapet. – Sjølvstyre: Eigne lover og skikkar. – Kunne ein brødfø seg sjølv, fekk ein fridom – forlokkande for bønder.
Høgmellomalderen 1000–1300 Byar – Høge dødstal på grunn av manglande sanitær tilrettelegging, og fordi folk visste lite om hygiene. – Sjukdommar og parasittar florerte. – Katedralskolane og universiteta i byane blei nye kunnskapssentra frå 1100-talet.
Høgmellomalderen 1000–1300 Byar – Høge dødstal på grunn av manglande sanitær tilrettelegging, og fordi folk visste lite om hygiene. – Sjukdommar og parasittar florerte. – Katedralskolane og universiteta i byane blei nye kunnskapssentra frå 1100-talet.
Høgmellomalderen 1000–1300 Handel – Frå omkring 1000: handel med luksusvarer gjennom dei norditalienske byane Venezia og Genova. – Utvikling av handel med forbruksvarer. På kryss og tvers over kontinentet. – Hanseatane i Nord-Europa medverka til å utvikle dette handelsnettverket som mellomledd mellom dei ulike marknadene. – Medverka til byvekst og konsentrasjon av rikdom hos ’ byborgarskapet.
Høgmellomalderen 1000–1300 Svartedauden – Byllepest frå Asia som herja i Europa 1346-1350. – Kom på toppen av ei jordbrukskrise som hadde vakse sidan tidleg på 1300-talet. – Svartedauden reduserte befolkninga i Europa med mellom 30 og 50 prosent. – Mange meinte at pesten var ei straff frå Gud.
Høgmellomalderen 1000–1300 Svartedauden – Reduksjonen i folketalet førte til mangel på arbeidskraft. - Adelen måtte gi bøndene betre vilkår til gjengjeld for arbeidskrafta deira. – Maktforholda i samfunnet endra seg. Bøndene fekk det noko betre.