170 likes | 275 Views
Eg er verneombod i HFK. Arbeidsmiljøloven er utgangspunkt for verneombodet sitt arbeid. AML §1: :
E N D
Arbeidsmiljøloven er utgangspunkt for verneombodet sitt arbeid AML §1: : ”Lovens formål er å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for helsefremmande og meiningsfylt arbeidssituasjon, som gir full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader, og med ein velferdsmessig standard som til einkvar tid er i samsvar med den teknologiske og sosiale utvikling i samfunnet..”
Krav til arbeidsmiljøet • Arbeidsmiljøet skal vere fullt forsvarleg, og innretta slik at arbeidstakarane ikkje får uheldige psykiske eller fysiske belastningar (AML Kap.4) • Arbeidsgjevar har ansvar for at arbeidsmiljøloven blir overheldt (AML §2-1). • Arbeidstakarane pliktar å medvirke i det systematiske helse, miljø og tryggleiksarbeidet. (AML §2-3)
Krav om tilrettelegging, medverknad og utvikling (AML §4-2) • Arbeidstakarar og deira tillitsvalde (inkl. verneombod) skal bli laupande orienterte om system som vert brukt ved planlegging og gjennomføring av arbeidet. • Sjå til at arbeidsgjevar sørgjar for informasjon, medverknad og kompetanseutvikling under omstillingsprosessar som medfører endringar som er viktige for dei tilsette
Verneombodsrolla ”Ein overvakande rolle” • Skal sjå til at verksemda er innretta og vedlikehalden, og at arbeidet blir utført på ein slik måte at det ikkje er fare for dei tilsette si helse, tryggleik og velferd i samsvar med bestemmingane i AML • Skal ivareta alle arbeidstakarar på verneområdet • Skal sjå til at leiar overheld sine plikter i høve til arbeidsmiljølova Arbeidsgjevar hovudansvar for arbeidsmiljøet og for å utføre nødvendige tiltak - verneombodet er ”vaktbikkja”
Verneomboda sine oppgåver (AML § 6-2) Generelt: • Skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som vedrører arbeidsmiljøet • Vere ein pådrivar i HMT-arbeidet
Døme på oppgåver: • Sjå til at maskiner, teknisk utstyr, kjemiske stoff og arbeidsprosessar ikkje medfører fare for arbeidstakaren • Sjå til at det er verneinnretningar og personleg verneutstyr på arbeidsplassen • Sjå til at dei tilsette får den nødvendige instruksjon, opplæring og øving • Gjere seg kjend med gjeldande reglar og forskrifter på arbeidsfeltet og sjå til at dei blir følgt
Delta på vernerunde/kartlegging av arbeidsmiljøet • Delta under planlegging og gjennomføring av tiltak som er viktige i arbeidsmiljøet innanfor verneombodet sitt verneområde • Delta ved Arbeidstilsynet sine inspeksjonar • Varsle leiar om avvik og be om tilbakemelding innan rimeleg tid.
Rett til å stanse farleg arbeid (AML §6-3) • Dersom ein meiner det er fare for liv eller helse, har verneomboda rett til å stanse arbeidet. • Stansinga må straks meldast til leiinga • Arbeidet kan ikkje starte opp att utan samtykke frå verneombodet eller Arbeidstilsynet
Informasjon og teieplikt • Verneombodet har rett til å få informasjon om tilhøve som er av betyding for arbeidsmiljøet • Verneomboda har teieplikt Det er viktig å ha eit godt forhold til kollegaer og leiar skal ein kunne utføre vervet sitt på ein god måte
Viktige samarbeidspartnarar Fagforeiningar på arbeidsplassen Leiar(ar) Arbeidsmiljøutval HMT-seksjonen i fylkeskommunen Arbeidstilsynet
Korleis løyser ein arbeidsmiljøproblem? • Overordna prinsipp: Saker skal løysast på lågast mogeleg nivå • Saker kan løysast • Tenesteveg • Verneveg • Tillitsvaldveg
Tenestevei • Saka blir lagt fram for nærmaste leiar. Leiar har ansvar for å finne ei løysing, eventuelt bringe saka opp på eit høgare nivå • Alle saker skal i prinsippet først bli fremma tenesteveg
Verneveg – tillitsvaldveg • Saka blir tatt opp med verneombod eller tillitsvald som bringer saken inn for leiar på same nivå • Eventuelt: Verneombod eller tillitsvald tar saka til neste nivå i si line (frå avdelings- eller regionverneombod til hovudverneombod, frå plasstillitsvald til hovudtillitsvald) Viktig å avklare med tillitsvalde kva som er vernesaker, kva som er tillitsvaldsaker og kva ein må samarbeide om
Verneombod Mandat i Arbeidsmiljølova Skal ivareta arbeidsmiljøet. Skal bli informert og få høve til å uttale seg i saker som er av betyding for arbeidsmiljøet Tillitsvald Mandat frå Hovudavtalen og kap. 8 i AML Skal ivareta medlemma sine interesser, t.d. i løns- og arbeidsvilkår. Har informasjons- og drøftingsrett i saker av betyding for arbeidstakarane sine arbeidsforhold Verneombud vs tillitsvaldGenerelt:
Hovudaktørar i arbeidsmiljøarbeidet på arbeidsplassen Leiar AMU Verneombod Tillitsvald
Vernetenesta i HFK har fleire nivå • Fylkeshovudverneombod • Hovudverneombod • Avdelingsverneombod/ regionsverneombod Det er i alt 51 HVO i fylkeskommunen. FHVO samordnar hovudverneomboda. HVO samordnar avdelings-/regionsverneomboda