160 likes | 280 Views
Statleg tilsyn med kommunane- rettleiing og læring: Korleis få læringseffekt av eit lovlegheitstilsyn?. Geir Sverre Braut Statens helsetilsyn Oslo, 25. september 2012. Utgangspunkt for innlegget. Røynsler frå Statens helsetilsyn. Tilsynsmelding 2005.
E N D
Statleg tilsyn med kommunane- rettleiing og læring: Korleis få læringseffekt av eit lovlegheitstilsyn? Geir Sverre Braut Statens helsetilsyn Oslo, 25. september 2012
Utgangspunkt for innlegget • Røynsler frå Statens helsetilsyn
Tilsynsmelding 2005 • ”Tilsyn handlar om å vise korleis forholda er i høve til korleis dei bør vere” • Vesentlege utfordringar: • Grenseflater • Fagleg styring/leiing • Internkontroll • Læring i organisasjonen • Dette er like aktuelt i 2012 som det var i 2005
Utgangspunkt for innlegget • Røynsler frå Statens helsetilsyn • Forskingsprosjektet ”Accilearn” • Kan forteljingar om ulykker nyttast til læring? • Kan gransking av ulykker nyttast til læring? • Kva er i så fall føresetnadene? • Grunnlag for arbeidet • Pedagogisk (didaktisk) teori og praksis • Teori om tekstar som berarar av kunnskap • Overordna læringsperspektiv • Individuell tileigning og individuell deltaking
Kven er tilsynet til (nytte) for? Tilsynsetatane? Styremaktene? Utøvarane? Tenesteytarane? Kundane? Tenestemottakarane? Samfunnet? Folket? Ser vi tilsynets ”Janus-andlet” ? Rettstryggleik og tenesteutvikling Brot på lovkrav eller rom for utvikling Tilsyn er relatert til vurdering (les: kontroll) av lovkrav Jf. NOU 2004:17, Ot. prp. nr. 97 (2005-2006), Innst. O. nr 19 (2006-2007) og St. meld. nr. 17 (2002-2003) Statleg tilsyn - nokre spørsmål og eit svar
Føreseieleg, ikkje vilkårleg God operasjonalisering av rettskrav, ikkje minst rettslege standardar og reglar som krev skjønnsvurderingar (Rettslege standardar konstituerer seg i praksisfeltet, ikkje primært i forvaltninga) Erfaringsbasert ”Tilsynssjangeren” – Funn / Norm / Vurdering Sporbart, etterretteleg, helst også etterprøvbart Tydeleg på ansvarsforhold, t.d. når det gjeld rådgjeving … … og vere tydeleg når ein med ”tilsyn” i namnet på verksemda utfører andre forvaltningsoppgåver Kva er godt tilsyn ?
Kva er eigentleg læring for noko? • Det er mange som har prøvd seg med svar på det • Det har noko med kunnskap å gjere • …… og det har noko med handling/åtferd å gjere • Læring i relasjon til praksis (for/av praksis) kan i alle fall ha desse måla: • Forandring • Forankring • Forståing • I ein organisasjon handlar læring ikkje minst om å bruke tilgjengelege ressursar på effektive og forsvarlege måtar
Kva er eigentleg læring for noko? • Det er mange som har prøvd seg med svar på det • Det har noko med kunnskap å gjere • …… og det har noko med handling/åtferd å gjere • Læring i relasjon til praksis (for/av praksis) kan i alle fall ha desse måla: • Forandring • Forankring • Forståing • I ein organisasjon handlar læring ikkje minst om å bruke tilgjengelege ressursar på effektive og forsvarlege måtar
Kva lærer vi av kva tilnærming? • Kvifor lærer vi av eigne feil, men ikkje så lett av andres feil? • Avvikskorrigering byggjer på ”mål-middel”-didaktikk • Men den sviktar i effekt når målet er meir uklårt • Alternativt didaktisk tilnærming er ”relasjons-/ refleksjonsorientering”
Læring i eit sosialt perspektiv • Mange aktuelle pedagogiske teoriretningar. • Her er tre mykje omtalte teoriar/modellar: • ”Reflection in action” (Schön): • Informasjon – Kontekst – Refleksjon • ”Situated learning” (Lave & Wenger): • Deltaking i ”communities of action”, gjerne ”perifert” • ”Trespiral-modellen” (Swart & Pye; jf. Aase & Wiig, 2005) • Hending – Refleksjon – Kollektiv praksis
Læring av erfaringar • Experiential learning • The process through which the learner constructs knowledge, skill, and values through direct experience (Association for Experiential Education, cfr. Camille J. Bunting (2006)) • Det er hendinga som er utgangspunktet for læring • Kva då med læring gjennom indirekte erfaring? Experiencing Applying Reflecting Generalizing
Læringsprinsipp • Caine and Caine (2001) cfr. Camille J. Bunting: • Hjernen søkjer kontinuerleg etter meining og samanhengar • Hjernen lærer både av perifer og fokusert merksemd, og kan forhalde seg til samtidige funksjonar • Hjernen har stor yting ved komplekse og meiningsfulle utfordringar, når truslar er fråverande • Ekte læring engasjerer heile fysiologien(kjensler, intellekt, kropp) • Dette høver med gode forteljingar som kunnskapsberarar! • Ved forventingar om indirekte læring frå ulykker er det difor ikkje urimeleg å sjå nøye på forteljinga om ulykka
Tilsynet og tilsynsrapporten • Ulike føremål med tilsyn, undersøkingar og granskingar • Plassering av ansvar, påvise lovbrot (system, individ) • Førebygging • Årsaksoppklåring • Alle desse tre kan i og for seg ha noko å gjere med læring • Læring i forhold til kven som utfører tilsynet? • Ad hoc-organ - då blir rapporten svært sentral • Særlege (tilsyns)organ - kan òg nytte andre verkemiddel • Verksemda sjølv - høve til ekte erfaringslæring
Om poenget er læring…… • ……er det rimeleg å leggje til grunn at det skjer best når erfaringsformidlinga: • Kjem nær undersøkinga/hendinga i tid og stad • Sikrar aktiv deltaking frå involverte • Presenterer ei god framstilling (les: forteljing) av dei aktuelle forholda og årsaksoppfatingane; gjerne multimodalt, som relevante personar kan forstå og kjenne seg att i • Held ope for undring der ein ikkje er sikker • Opnar for spørsmål utanfrå (les: høyring)
Mogelege konklusjonar Om læring er spørsmålet, så finst det betre svar enn tilsyn Om rettstryggleik er spørsmålet, så er tilsyn eit av svara Alt som har med rettstryggleik å gjere må utførast med stil Men når ein først utfører tilsyn, så får ein i søkk og kav av erfaringar som det ville vere dumt ikkje å nytte til læring og utvikling Og det må vel vere eit ansvar for verksemda/ kommunen sjølv? Tilsynsorgana bør utfordrast til å presentere funna sine gjennom gode ”forteljingar”. For læringseffekt er truleg dette meir vesentleg enn dei konklusjonane som tilsynet presenterer.