110 likes | 572 Views
STOFFVERDA - byggverk av partiklar. Mål 1.t: Eg veit korleis vi destillerer (s. 172). UTSTYR: Rein kolbe Reint begerglas Kork med glasrøyr og gummislange Salt Vatn Gassbrennar Stativ Fyrstikker Våte papirhanddukar. Mål 2.t: Eg veit kva som skjer ved kromatografi (s. 172).
E N D
Mål 1.t:Eg veit korleis vi destillerer (s. 172) UTSTYR: Rein kolbe Reint begerglas Kork med glasrøyr og gummislange Salt Vatn Gassbrennar Stativ Fyrstikker Våte papirhanddukar
Mål 3.t: Eg veit kva som meinast med kjemi, og kan forklare forskjellen på jamn og ujamn blanding (s.153-154) Kjemi handlar om kunnskap om korleis stoff er sett saman, korleis bygnaden deira – og dermed eigenskapane – kan endrast. Jamne og ujamne blandinger Jamn vs ujamn blanding: I ei ujamn blanding kan vi sjå (av og til må vi bruke mikroskop) at blandinga er sett saman av ulike stoff. I ei jamn blanding kan vi ikkje sjå dei ulike stoffa blandinga er sett saman av. Ei jamn blanding i væske vert kalla ein løysing.
Mål 4.t: Eg kan forklare skilnaden på grunnstoff, kjemisk sambinding og blanding, og kva aggregattilstand er (s.154-157). Grunnstoff er stoff som berre er bygd opp av ein type atom. NB: Periodesystemet viser alle grunnstoffa. Kjemisk sambinding er stoff som er samansett av ulike typar atom. Molekyl par eller samansette grupper av atom. Aggregattilstandane AGGREGATTILSTANDAR alle reine stoff kan finnast i tre fasar - fast stoff, væske og gass.
Mål 5.t: Eg kan forklare skilnaden på filtrering og dekantering (s.173). Øving nr. 3: FILTRERING OG DEKANTERING Namn:_____________ Dato:_______ Utstyr: Litt sand Vatn To begerglas Rørepinne Filtrerpapir Trakt Teikning: Hypotese: Eg trur dekantering/filtrering er den beste måten å skilje sand frå vatn på. Vi gjorde: sjå s.173 Resultat: Konklusjon: Stemdehypotesa di?
Mål 6.t: Eg kan fortelje om løysingsevna til vatn, og korleisein kan skilje vatn og stoffa som er i vatnet (s. 158-161) • Vatn utvidar seg når det frys - frostsprenging. Kva kan det leie til? • Vatn har svært stor varmekapasitet – kva vil det seie? • Løysingsevne – både faste stoff, væsker og gassar løyser seg i vatn. Når det ikkje kan løyse opp meir stoff er vatnet metta. • Destillering er når einkokar vatn, avkjøler vassdampen og samlar opp det kondenserte vatnet. • For å få tak på løyste stoffer i vatn kan ein la vatnet fordampe, og stoffa ligg att på botnen. Kan og dekantere og filtrere.
Mål 7.t: Eg veit korleiseg påviser oksygengass (s. 175) Øving nr.8: KOR LENGE BRENN LYSET? Namn:___________ Dato:______ Utstyr: To telys To begerglas Ei glasskål Fyrstikker Hypotese:Eg trur dette skjer med telys som brenn når vi set det under eitbegerglas: Teikning: Vi gjorde: Sjå s.175-176 Resultat: Konklusjon: Stemdehypotesa di? Kvifor skjer dette?
Mål 8.t:Eg kan fortelje om gassane oksygen og karbondioksid(s. 161-164) Luft er ei jamn blanding av mange ulike gassar. Dei fleste gassane rundt oss er usynlege og luktfrie. OKSYGEN: • Har korkje lukt eller farge • Får ting til å brenne godt – vert nytta som påvisingsreaksjon. • Kjemisk kjenneteikn: ei treflis med glo på flammar opp i gassen. Filmsnutt KARBONDIOKSID: (0,03%) • Vert laga ved forbrenning, vi pustar han ut via lungene. • Nyttig gass, t.d ved baking, men og negative sider, t.d klimagass. • Kjemisk kjenneteikn: gassen blakkarkalkvatn. filmsnutt om klimakvotesystemet
Mål 9.t:Eg kan fortelje om naturgass og hydrogen (s. 164-166) NATURGASS: • Vert nytta i ml.a. komfyrar, gassgrillar, stormkjøkken mm. Propan og butan • Vert kalla våtgass då dei lett går over i væskeform under press. • Svært brennbare gassar • Luktfrie, men tilsett lukt. HYRDOGEN: • Mest utbreidd av alle stoff, men på jorda berre bundne i kjemiske sambindingar. • Mykje forsking på hydrogengass i forbinding med bilar. • Kjemisk kjenneteikn: brenn med ei nesten usynleg flamme, og det vert danna vatn.