120 likes | 282 Views
NYNORSK. Kapittel 10:Samfunn og stat i mellomalderen. Noregsveldet på 1200-talet omfatta:. – Det norske fastlandet (inkludert Båhuslen) – Island – Orknøyane – Shetland – Færøyane – Hebridane (Suderøyane) – Isle of Man Kongemakta styrkte makta si over områda til samane i nord
E N D
NYNORSK Kapittel 10:Samfunn og stat i mellomalderen
Noregsveldet på 1200-talet omfatta: – Det norske fastlandet (inkludert Båhuslen) – Island – Orknøyane – Shetland – Færøyane – Hebridane (Suderøyane) – Isle of Man Kongemakta styrkte makta si over områda til samane i nord gjennom skattlegging og bygging av militære utpostar.
NoregsveldetBondesamfunnet Levekåra til bøndene: – Færre enn 30 % åtte si eiga jord rundt 1300. – Kyrkja, kongemakta og adelen åtte det meste. – Folk som rydda nytt land i allmenningen, blei leiglendingar.
NoregsveldetBondesamfunnet Mann og kvinne: – Like viktige i dagleglivet på garden. – Kvinner arbeidde inne, menn ute. – Foreldra til gutar fann ektemakar til dei. – Arverett for både søner og døtrer i 1270-åra. – Kyrkja kravde samtykke frå begge partane ved giftarmål.
NoregsveldetBondesamfunnet Trælane: – Ufrie, men kunne kjøpe seg fri. – Trældommen forsvann utover gjennom 1200-talet. – Svikt i rekrutteringa etter at vikingferdene tok slutt.
Noregsveldet Byar og byfolk – Byane avløyste marknadsplassane. – Byar som oppstod på 1000-talet: Borg (Sarpsborg) Oslo Tønsberg Bergen Nidaros (Trondheim)
Noregsveldet Byar og byfolk – Handel (korn, tørrfisk, handverk, trelast). – Administrative sentra. – Bylova av 1276 definerte faste grupper i bybefolkninga: «Husfaste menn» som åtte eigne bygardar Handverkarar, skipperar Fleirtalet var arbeidarar og småkårsfolk
Noregsveldet Kongemakta Lov og rett: – Kongemakta tok gradvis over rolla til dommarane. – Sette i verk dommane og kravde inn bøter. – Tok etter kvart over retten til å lage lover. – Magnus Lagabøtes landslov av 1274 og bylova av 1276.
Noregsveldet Forsvaret: – Leidangen blei omgjord til ein skatt i fredstid. – Hirda, kongens elitesoldatar, blei til ein slags adel.
Noregsveldet Kyrkja som statsmakt – Kyrkja samarbeidde med kongen i rikssamlinga. – Økonomisk uavhengig gjennom store jordeigedommar. – Stod under leiing av erkebiskopen i Nidaros. – Ca. 2000 «tilsette» (prestar, nonner og munkar). – Usemje om kor mykje kyrkja eigentleg påverka folk.
Noregsveldet Kyrkja som statsmakt – Kyrkjeleg umoral? – Kristendommen prega dagleglivet til folk (gudstenester, skriftemål, faste, pilegrimsreiser osv.).
Var den norske mellomalderstaten «føydal»? Kva slags stat? – Føydalismen i Europa var eit hierarkisk system med kongen på toppen. – Kongen bytte jord mot truskap frå vasallane. – Færre trinn i den norske «samfunnspyramiden». – Den norske adelen var tenarar for staten. – Bøndene hadde ein meir sjølvstendig posisjon i forhold til adelen.