250 likes | 343 Views
Regional planstrategi For Sogn og Fjordane Utfordringsdokumentet. Samarbeid om regional planstrategi og kommunale planstrategiar.
E N D
Regional planstrategi For Sogn og Fjordane Utfordringsdokumentet
Samarbeid om regional planstrategi og kommunale planstrategiar • Strategisk samhandling gjeld arbeidet med å identifisere regionale og lokal utfordringar og utvikle felles mål og strategiar for å møte utfordringane. Desse strategiane skal konkretiserast i den regionale planstrategien og i dei kommunale planstrategiane. • Ingrediensar i det strategiske arbeidet: • Bakgrunn: Analyse, statistikk • Prosess: Mobilisering, samtale, tillit – interesseavklaring
Målet med møtet Bidra til å styrke høyringsprosessen Klargjere prosessen og samhandlinga med kommunane og andre aktørar Bidra til ein sterkare dialog mellom aktørane på ulikt nivå Bidra til å etablere ein felles plattform for drøftingar av regionale og lokale utfordringar og sterke sider, og alternative utviklingsstrategiar • ”
Kva skal skje i møtet? • Presentere prosessen vidare og forventningane til den • Presentere hovudtrekka i analyse og utfordringsdokumentet • Presentere nokre trekk/funn spesielt for Nordfjord • Innspel i møtet og avklaringar omkring prosessen og aktuelle aktørar som bør trekkast inn
Analyse og utfordringsdokument • Utviklingstrekk • Generell vurdering i lys av fylkesspegelen • Temaområde • Fagtema (Samferdsle, Folkehelse, Helse Næring, Kultur, Klima og miljø, Utdanning, Kommuneøkonomi,, Tettstadforming, Omdøme / attraktivitet) • Målgrupper (eldre, ungdom, barnefamiliar) • Territorielle tema (bu- og arbeidsmarknad, kysten)
Felles bu –og arbeidsmarknadsområde Er etablering av spesielle funksjonar viktig for å stimulere slike regionar? Kva for regionfunksjonar er i så fall det, og korleis få eit samarbeid på tvers av kommunane for slike etableringar? Fungerer etableringane etter føremålet skal dei bidra til å styrkje både senteret for regionen og dei omliggande områda Kva for transporttiltak vil best sikre at etableringane fungerer og skapar vekst og utvikling i denne delen av fylket?
Samferdsle • Riksvegnettet: • Tar 55 % av trafikken • Fylket sine prioriteringar: E 16 og E 39 • Vestlandsrådet: Ferjefri Kyststamveg E 39 • Fylkesvegnettet: • Store investeringsbehov på nye vegar • Stort etterslep på vedlikehald • Kollektivtrafikk: • 50 % av innbyggarane har tilgang til kollektivtilbod med avgang sjeldnare enn 1 gang i timen (landet 20 %) • Ca ¼ av innbyggarane har kollektiv karakterisert som svært dårleg • Over 80 % har mindre enn 500 m til busshaldeplass • Spesielle transporttilbod: • Heim for ein 50 lapp • Ungdomskort og fleksibel skuleskyss
Samferdsle • Regional luftfart: • Har fire flyplassar på kortbanenettet • Kvivsvegen vil gje auka tilgang til Ørsta/Volda • Behov for å få lengre rullebanar pga tilgang på fly • Sjøtransport: • Peika på at sjøtransport er viktig • Vist til Vestlandsrådet sine vurderingar • Klimautfordring og samferdsle: • Samla vurdering av transportbehov (fly, bil, båt) • Endringar i drivstoff • Kollektivsatsinga • Spørsmål som er stilt: • Behovet for ein heilskapleg regional transportplan? • Er satsinga på E 39 i samsvar med lokale mål og behov for ein gjennomgåande transportkorridor i fylket? • Vil endringar på vegsida kunne påverke regional luftfart? • Er det behov for større flyplassar i fylket?
Kultur • Kulturpolitikk • Ta vare på å bygge vidare på fylket som eit rikt kulturfylke • Ha fokus på kulturen si rolle i samfunnsutviklinga, identitet og sosial deltaking • Satse på verdiskaping bygd på kulturarvverdiar • Vidareutvikle dialog og samhandling kulturaktørane imellom • Dialog med staten om sentraliseringstendensen av kulturpolitikken og samhandlinga mellom stat/fylke/kommunar • Utvikling av den institusjonaliserte kulturen og dei frie aktørane • Lokal kultur gjennom kulturskule og bibliotek viktige arenaer der kommunane spelar ei hovudrolle
Kultur • Utfordringar • Vidare utvikling av «kulturbygg» som kan fange opp allsidig lokal bruk • Samarbeid om vidare utbygging og utvikling av idretts- og friluftslivsanlegg • Utvikling av aktivitetsanlegg i tilknyting til skular/barnehagar • Styrke kunnskapen omkring kulturarven og verkty til å bruke den aktivt • Forskingsrådet: • ”Kulturarven vil bli et viktig profilerings- og utviklingselement i næringslivets og lokale og regionale myndigheters konkurranse om menneskelig kompetanse. • Stader med levande og mangfaldig kultur og attraktive bo- og leveområder blir vinnarane når det gjeld å tiltrekke seg folk og aktivitetar.”
Næring • Status: • Næringsmessig prega av at vi ikkje har store bykonsentrasjonar • Naturbasserte næringar står sterkt (jord og fisk) • Metallproduksjon står sterkt • Har ein strategi om å støtte bransjar der vi har konkurransefortrinn • Fornying av næringslivet gjennom ei etablerersatsing • Komparative fortrinn: • Fiskeri og havbruk • Olje / gass • Fornybar energi • Landbruksproduksjon for spesifikke produkt (døme: bringebær) • Kulturnæringar: • Låg sysselsetting i høve andre fylke, men har hatt stor auke • Landbruket: • Næringsaspekt, busetnad, kultur og natur
Næring • Utfordringar for vidare utvikling: • Prioritert satsing der vi har komparative fortrinn • Satsing på FoU • Utvikling av kompetansearbeidsplassar • Utviklinga innan offentlege arbeidsplassar • Lokalt eigarskap for å styrke lokal utvikling • Internasjonalt arbeid i politikkutvikling og rammetilhøve • Reiselivssatsinga • Auka satsing på fornybar energi
Landbruk Landbruket har ei spesiell stilling i fylket fordi det i tillegg til næringsaspekta og har stor innverknad på å ivareta lokal busetnad, ta vare på kulturlandskap og sikre måla om å ta i bruk lokale ressursar. I vedlegget er det presentert til dels omfattande statistikk som omhandlar status og utvikling av landbruket i fylket.
Arealbruk/natur/miljø og ressursforvaltning Fylkesplanmeldinga: ”verdiskapinga må styrkast gjennom å ta heile fylket i bruk og nytte kultur- og naturgrunnlaget på ein aktiv og berekraftig måte. Fylkeskommunen ynskjer å vere meir tydeleg på sitt ansvar for å forvalte den storslåtte og særprega natur- og kulturarven i fylket. Fylkeskommunen vil derfor prioritere å bruke verkemiddel inn mot innovative program og prosjekt som er godt forankra i kommunane sine plan og strategiar for verdiskaping basert på natur- og kulturkvalitetane.” Kva er kontrastane vi har i høve store byar? Utfordringa er å skape samfunn med verdiar på naturgitte premissar, som er motstykke til den store byen. Styrke desentraliseringstanken, skape mangfald og spesialiserte stadar i eit differensiert landskap. Fylket sin strategi for overleving har vore å styrke det lokale særpreget, det motsette av sentralisering.
Natur- og miljøressursar • Bruk og vern • - Verneområder og næringsutvikling • Fornybar energi • Korleis kan fylket då forvalta desse resursane på ein god måte? • Korleis gje tilgang til naturresursane i fylket utan at det går ut over av anna lokal verdiskaping? • Korleis kan dei fornybare resursane verta ei kjelde til lokal verdiskaping, auka bulyst og investering?
Klima og energi Fylkesdelplan for klima og miljø Fylkesdelplan for klima og miljø vart vedtatt i Fylkestinget i mars 2009. Klima og klimatilpassing I Sogn og Fjordane har vi store naturgitte føresetnadar til å bidra med vasskraft og vindkraft, og store føresetnadar for å tilpasse seg klimaendringane. Utsleppsreduksjon Sogn og Fjordane er svært avhengig av transport og at transportsystema fungerer godt. Transporten er i stor grad basert på fossilt brennsel. For å kunne oppretthalda busettinga i fylket vårt, i ei verd der dyrare transport kjem i tillegg til aukande sentraliseringspress, er det naudsynt å finna/utvikla alternative og fornybare transportmetodar. Klimatilpassing Omfanget av klimatilpassinga vil vera avhengig av om ein lykkast med å redusere klimagassutsleppa. Utfordring for kommunane er å ha kapasitet og kompetanse til å møte desse. Det er i dag lite resursar til arbeidet med klima og miljø i kommunane. Korleis får kommunane tilgang på verkemiddel og verktøy som gjer dei i stand til å integrere klimatilpassing i arealplanlegginga og organisering av tenester og verksemder?
Spørsmål ved reduksjon i elevtal/reduserte økonomiske rammer for opplæringssektoren • Korleis oppretthalde kvalitet på og breidde i opplæringstilbodet? • Korleis sikre robuste fagmiljø? • Korleis vil dette påverke skulestrukturen? • Fylkesperspektiv eller regionalt perspektiv? • Kva samfunnsmessig effekt har dagens skulestruktur?
Vidare arbeid • Analysa • Har vi nok kunnskap til å sei at vi veit kva situasjonen i fylket er? Har vi fått fram dette i dokumentet? • Kva er utfordringane? • Stort landskap – små stader – regulering av verdiar og ikkje berre objekt • Dei mange verneområda – bruk og vern – kva er utfordringane • Kompetanse lokalt • Vi har verdas beste helse – kva er utfordringane? • Kva lokal effekt kan vi ha av førebyggande arbeid? • Kva utfordringar hadde vi ved etablering av Dooria og NorSun?
Prosessen vidare • Kva forventar vi av høyringa? • Innspel på tema som manglar eller som bør konkretiserast meir • Merknadar til analysedokumentet og klargjere behov for meir djuptgåande analysar/vurderingar • Merknadar/synspunkt på korleis aktørane vil samhandle i det vidare planarbeidet?