1 / 50

Den nye nynorskrettskrivinga Store eller små endringar? Torodd Kinn

Den nye nynorskrettskrivinga Store eller små endringar? Torodd Kinn førsteamanuensis i nordisk språkvitskap Universitetet i Bergen Oversiktsførelesing 6. september 2012. v. Det gamle systemet: skilje mellom læreboknormal ( hovudformer ) og rettskriving ( hovud - + side-/klammeformer).

eytan
Download Presentation

Den nye nynorskrettskrivinga Store eller små endringar? Torodd Kinn

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Den nye nynorskrettskrivinga Store eller små endringar? Torodd Kinn førsteamanuensis i nordisk språkvitskap Universitetet i Bergen Oversiktsførelesing 6. september 2012 v

  2. Det gamle systemet: skilje mellom læreboknormal (hovudformer)og rettskriving (hovud- + side-/klammeformer)

  3. Det nye systemet: Alle godkjende former er likeverdige og kan brukast av alle.

  4. Litt historie 1938: skilje mellom læreboknormal og rettskriving i begge målformene 1959: den siste større reforma av nynorsk (òg bokmålsreform; tilnærmingslinja gjaldt) 1981: bokmålsreform utan særleg tilnærmingsprofil 1980-talet: mindre justeringar av nynorsken e

  5. Litt historie 1990-talet: arbeid med ein strammare nynorsk læreboknormal (og ei framleis vid, og ev. vidare rettskriving), dvs. færre hovudformer og fleire sideformer 2000: framlegg om å oppheve skiljet mellom læreboknormal og rettskriving i bokmål, ikkje i nynorsk 2000: Departementet sende saka tilbake, nok mest pga. spørsmålet om sideformer.

  6. Litt historie 2002: Stortinget avslutta tilnærmingslinja. 2002−03: høyringsframlegg om nynorskrettskriving utan sideformer, stor motstand m.a. frå målrørsla 2003: nytt framlegg om nynorsk med sideformer (bokmål utan sideformer) 2005: Departementet godkjende bokmålsrettskrivinga, ikkje den nynorske. Hovudgrunnen var nok sideformsystemet.

  7. Litt historie 2009−11: arbeid med ny nynorsknorm utan sideformer februar 2011: høyringsrunde om framlegg april 2011: endeleg innstilling frå nemnda (nokså mykje endra) mai 2011: støtte frå Språkrådet september 2011: godkjenning i departementet 1. august 2012: Ny rettskriving gjeld.

  8. Rettskrivingsnemnda skulle ifølgje mandatet lage 1 … ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer. … 2 … som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, … tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, … stabil over tid. … lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. 3 … slik at nynorsken … kan appellera til språkbrukarar over heile landet og gir rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma.

  9. Innstramming av rettskrivinga,utviding i høve til læreboknormalen Den nye rettskrivinga består av … dei fleste gamle hovudformene (men nokre forsvinn) og ein del gamle sideformer (men mange forsvinn) og nokre få nye former. Det meste er som før!

  10. I nokre få tilfelle vert norma vidare enn før: me/vi ønskjer/ynskjer dykk velkomne 2 x 2 x 1 x 1 = 4

  11. I nokre få tilfelle vert norma vidare enn før: me/vi ønskjer/ønsker/ynskjer/ynsker dykk/dokker velkomne 2 x 4 x 2 x 1 = 24 (jf. Klaus Johan Myrvoll i Aftenposten 22. januar)

  12. Mykje oftare vert norma strammare! røysta/røsta [røysti/røsti] høyrdest/hørtest [høyrtest/hørdest/høyrdes/ høyrtes/hørtes/hørdes] frosen [frose/frosi] ut 4 x 8 x 3 x 1 = 96

  13. Mykje oftare vert norma strammare! røysta/røsta [røysti/røsti] høyrdest/hørtest [høyrtest/hørdest/høyrdes/ høyrtes/hørtes/hørdes] frosen[frose/frosi] ut 1 x 1 x 1 x 1 = 1

  14. Men dei fleste treng ikkje å endre nynorsken sin! … iallfall ikkjenokosærleg. Men t.d. nordiskstudentar må jo setje seg inn i … • kva som går ut • kva som vert ståande • kva som kjem inn

  15. Døme frå BT 24.01.2012 Politiinspektør Jørn Presterudstuen i PST stadfestar at ei norsk bedrift er under etterforsking for brot på eksportreglane, men vil ikkje kommentere den konkrete saka. − Generelt tenkjer mange ikkje over at varer laga for fredelege formål også kan bli brukt militært, seier Presterudstuen. PST brukar difor mykje ressursar på å informere norsk næringsliv. Dei siste åra har PST besøkt 1300 norske bedrifter for å fortelje om eksportkontrollen. Ifølgje advokat Kopperud var det eit iransk selskap med band til Sverige som kjøpte utstyret. Selskapet skal drive med oppkjøp av brukt industriutstyr i ei rekkje land, og direktøren i Rolvsøy Metallindustri meiner difor det ikkje var grunn til å fatte mistanke.

  16. Som hovudregel vert gamle former ståande, t.d.: båtar > båtar ikkje > ikkje velja/velje > velja/velje fyrst/først > fyrst/først gonger [gongar] > gongar/gonger anten [enten] > anten/enten Dette må ein tenkje på som det normale – det som ikkje eksplisitt vert teke ut, vert verande.

  17. Men ein del gamle former går ut, t.d.: boka [boki] > boka draum [drøm] > draum skote/skoti > skote framand/fremmend > framand nake/naki [nakent] > nake/nakent massing [messing] > messing

  18. Nokre få nye former kjem inn: mengd > mengd/mengde dykkar > dokkar/dykkar I nokre få tilfelle er det utskifting av former: radiar > radiusar fråssa/fråsse > fråtsa/fråtse

  19. Ordtilfanget Det er i prinsippet ingen endringar i kva ord som er aksepterte i nynorsk. passe? begynne? evigheit? dumheit?

  20. Vi ser på ein tekst i gamle og nye språkdrakter: Mannen som skulle stelle heime

  21. Store substantivklassar

  22. Store substantivklassar

  23. Litt meir om fleirtal av substantiv

  24. Litt meir om fleirtal av substantiv

  25. Litt meir om fleirtal av substantiv

  26. Litt meir om fleirtal av substantiv

  27. Nokre ord får endra grammatisk kjønn,t.d.: enkelte ord på -(n)ing (ikkje alle!): strekning-a > strekning-a / strekning-en bygning-en > bygning-en / bygning-a enkelte ord på -skap (ikkje alle!): forfattarskap-en > forfattarskap-en / forfattarskap-et ord på -sel/-sle: ferdsel/ferdsle − ferdsla > ferdsle − ferdsla el. ferdsel − ferdselen ord på -lekt: dialekt-en > dialekt-en / dialekt-a

  28. Infinitiv vert om lag som før: Ein kan velje mellom a-infinitiv: kasta, finna, bora, vera e-infinitiv: kaste, finne, bore, vere kløyvd infinitiv: kaste, finne, bora, vera Men fordelinga av -a og -e i kløyvd infinitiv vert heilt fast, dvs. kan ikkje lenger tilpassast det einskilde talemålet.

  29. Verbformer på [-s] går ut, t.d.: kastast [kastas] > kastast treffast [treffas] > treffast treffest [treffes] > treffest treftest [treftes] > treftest trefst [trefs] > trefst

  30. Sterke verb får færre former, t.d.:

  31. Sterke verb får færre former, t.d.:

  32. Svake verb er i hovudsak uendra, men med ei viss innstramming av d vs t i preteritum og partisipp:

  33. Svake verb er i hovudsak uendra, men med ei viss innstramming av d vs t i preteritum og partisipp:

  34. Samsvarsbøying av sterkt partisipp vert obligatorisk:

  35. Samsvarsbøying av sterkt partisipp vert obligatorisk:

  36. Samsvarsbøying av svakt partisipp vert valfritt:

  37. Samsvarsbøying av svakt partisipp vert valfritt:

  38. Ulike mindre innstrammingar kan verke saman og gje store innstrammingar …:

  39. Ulike mindre innstrammingar kan verke saman og gje store innstrammingar …:

  40. Adjektiv på -en får færre former:

  41. Adjektiv på -en får færre former:

  42. Pronomen og possessiv Ut går: honom, [hennes], [deires]. Inn kjem: dokker, dokkar. (Framleis ikkje dykk som subjektsform.) Før berre: De må ta med dykk bøkene dykkar. (Framleis ikkje: «Dykk må ta med dykk bøkene dykkar.»)

  43. Pronomen og possessiv Ut går: honom, [hennes], [deires]. Inn kjem: dokker, dokkar. (Framleis ikkje dykk som subjektsform.) Før berre: De må ta med dykk bøkene dykkar. (Framleis ikkje: «Dykk må ta med dykk bøkene dykkar.») No alternativt: Dokker må ta med dokker bøkene dokkar.

  44. Nokre andre endringar (grammatikk)

  45. Andre kutt i tradisjonelle former (døme)

  46. Andre kutt i tilnærmingsformer (døme)

  47. Men hugs at det aller meste vert ståande!

  48. Detaljert framstilling: Nynorskrettskrivinga av 2012

  49. Ha alltid framme ordbøkene når du skriv! Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nettet Legg eit bokmerke i «Bookmarks Toolbar» eller «Favorittar-feltet», så går det raskt!

  50. No kan dokker komme med spørsmåla dokkar! … om kva som helst som gjeld nynorsk, både det som er endra, og det som står ved lag.

More Related