60 likes | 175 Views
Publikasjonar (innan humaniora og samfunnsfag) utan impact faktor. Korleis ivaretar systemet publisering i slike?. Forsking som del av finansieringsgrunnlaget I utgangspunktet bra! rettar opp ubalanse set fokus på grunnforskinga Fastlegging av kriterium for vitskapleg publisering
E N D
Publikasjonar (innan humaniora og samfunnsfag) utan impact faktor. Korleis ivaretar systemet publisering i slike? • Forsking som del av finansieringsgrunnlaget • I utgangspunktet bra! • rettar opp ubalanse • set fokus på grunnforskinga • Fastlegging av kriterium for vitskapleg publisering • i utgangspunktet bra! • det er viktig at ambisjonsnivået blir heva i val av publiseringskanal • det er viktig at norske forskarar allmenngjer sine funn på ein slik måte at det kan spelast inn i den internasjonale forskingsdebatten • Haldningane i UHR og godkjenningsbyråkratiet • i utangspunktet bra! • Vilje til å ta omsyn til skilnader mellom fag • Lydhøyr overfor gode argument for godkjenning av publiseringskanalar og vekting
Kva gjeld som vitskap? • Skiljet vitskapleg publisering og formidling er problematisk innanfor humaniora • mykje grunnforsking blir gjort i arbeid retta inn mot det allmenne publikummet • Døme: Lars ivar Hansen: Astadfjords historie • også framstilling av alternative heilskapsoppfatningar, syntesar, driv vitskapen framover • døme: Norsk innvandringshistorie • Konklusjon: Det viktigaste skiljet går mellom god og dårleg vitskap, ikkje mellom ”populær” og ”eigentleg” forsking • Kriterium for vitskapskapleg publikasjon etter ”Vekt på forskning” • presentera ny innsikt • vera etterprøvbare og kan nyttast av andre forskarar • vera i eit språk og ha ein distribusjon som gjer den tilgjengeleg for dei fleste forskarar som kan ha interesse av den • vera i publiseringskanal med rutinar for fagfellevurdering
Problem med operasjonalisering av kriterium for vitskapleg publisering • Hovudproblem: Ikkje alt som blir publisert i vitskaplege publiseringskanalar er vitskap, og det blir produsert mykje vitskap i ikkje-vitskaplege publiseringskanalar • døme: Norsk polarhistorie i tre bind (2004), på Gyldendal forlag (og ikkje Gyldendal akademiske forlag) • tvillaust vitskapleg verdi • er gjennom grundig referee • når ut til det relevante vitskaplege publikum • Problem med distribusjonskriteriet, skiljet mellom lokal, nasjonal og internasjonal forfattarkrets: • Det ”lokale” nivået utelukka. • Internasjonale kompistidsskrift rager over nasjonale prestisjetidsskrift • Skriftseriar og fagblad utelukka a priori • Lokale utgivarar utelukka a priori (sjølv om publikasjonane er underlagt fagleg kvalitetssikring)
Kva er målgruppa for vitskap? • Ikkje ein vitskapleg offentlegheit i dei ulike disiplinane, men fleire • døme 1: Narve Fulsås: Universitetet i Tromsø si historie • døme 2: Einar Niemi: Pris som fremste forskar innanfor humaniora i samband med det Kgl. Vitterhetsakademiets 250-års jubileum (2003) • Vitskap: Olympisk grein eller verksam kraft? • internasjonal prestisje? • samfunnsoppdraget? • auka kunnskaps- og refleksjonsnivået i samfunnet • formidling på norsk nødvendig
Formidling og vitskap • Formidling skal inn i finansieringssystemet. Bra! • Formidlingsindikatorane skal dekka opp for samfunnsoppdraget – men: • også for formidling ei nasjonalstatleg ramme – utelukkar utgivarar med lokal, regional eller transnasjonal utbreiing • jf. formidling til reiseliv, regionale utviklingsaktørar etc. • konferanserapportar på Barentsregion-nivå • skriftseriar tel ikkje med, sjølv om ”forskerrettet formidling” • tidsskrift som ikkje er definert som ”fagtidsskrift” fell utanfor – allmennkulturelle tidsskrift m.a.o. verken ”vitskapleg publisering” eller ”formidling” • Redaksjonsarbeid heller ikkje med her • Formidling til eit breitt regionalt og lokalt publikum gir ikkje uttelling, men derimot formidling som inneber hemmeleghald
Vekting og nivå • Monografi vs. artiklar – skilnader mellom disiplinane • Kriterium for rangering på nivå 2 • impact factor/ISI heilt ubrukeleg for dei fleste fag innanfor humaniora og samfunnsfag • internasjonalt mål problematisk som kriterium for ”de mest ledende” publiseringskanalane • Historisk tidsskrift – flaggskipet, fått gjennomslag som nivå 2 • ein femtedel av kva? • Dei nasjonale fagråda må avgjera dette utfrå konsensusprinsippet og skjønn • lettare i eit relativt homogent fag som historie enn for ein del andre disiplinar • Kven skal avgjera kva kategori eit fagleg arbeid skal rubriserast under?