100 likes | 215 Views
Frå passivt musikkråd til aktivt kulturnettverk?. 12.3.2010 Lars Egil Vik -leiar-. Geografitimen. Agenda. Litt om Bømlo og kulturlivet der Frå passivitet til aktivitet Litt historikk Kva er vår rolle? Kva har me gjort? Resultat? Vegen vidare. Litt om Bømlo og kulturlivet der.
E N D
Frå passivt musikkråd til aktivt kulturnettverk? 12.3.2010 Lars Egil Vik -leiar-
Agenda • Litt om Bømlo og kulturlivet der • Frå passivitet til aktivitet • Litt historikk • Kva er vår rolle? • Kva har me gjort? • Resultat? • Vegen vidare
Litt om Bømlo og kulturlivet der • Kulturkommunen Bømlo vest i havet med i overkant av 11000 innbyggarar • Ca. 500 aktive kulturutøvarar med i kulturnettverket • Store kulturaktørar som Bømloteateret (Mostraspelet) og Bømlo Musikal Laug (Musikaloppsetjingar, Noregs Vest End) • Mange små kulturaktørar innan song, musikk, dans, teater og kunst som sikrar eit breitt kulturliv og kulturtilbod • Mange flotte kulturarenaer med Moster Amfi, Langevåg Bygdatun og Bømlo kulturhus i spissen
Litt historikk • Bømlo musikkråd • Uklare oppgåver, personavhengig aktivitet • Anonym organisasjon berre for song- og musikkulturen i kommunen • Viktigaste oppgåve var utdeling av kommunens (begrensa) kulturmidlar, men også denne oppgåva fall bort etterkvart • Gjekk i dvale i nokre år • Kom til eit vegskilje, vere eller ikkje vere • Ei arbeidsgruppe vart sett ned for å sjå på organisasjon og arbeidsform • Bømlo kulturnettverk, visjon: • Favne om heile kulturlivet • Løfte fram det flotte kulturlivet på Bømlo • Samordne opplæring og rekruttering • Styrke samarbeid mellom organisasjonane om større arrangement
Kva er vår rolle? • Vere synlege og gjere oss kjent blant medlemmane, politikarane, kommunen og elles andre kulturinteresserte • Vere talerøyr for kulturlivet på Bømlo • Lokalt (bømlingar og politikarar) • Nasjonalt (og globalt som her i Bergen! :-) • Oppfordre til kulturelt samarbeid på tvers • Støtte, veilede, tilretteleggje og koordinere • Vere ein attraktiv kulturressurs for medlemmane, det skal vere ein fordel å vere med i kulturnettverket • Vera ein ressurs som gir medlemmane fordelen av målretta marknadsføring ut i nettverket
Kva har me gjort? • Me har etablert ei nettside for kulturlivet på Bømlo: www.bomlokultur.no (musikk.no/bomlo) • Presentasjon av alle medlemsorganisasjonane • Praktiske og konkrete hjelpemiddel for medlemmane: • Oversikt over stønadsordningar • Verkty til å hjelpe organisasjonane i kvardagen • Gratis kulturkalender • Me er aktive pådrivarar for nye kulturtiltak/prosjekt • Kulturveko 2010 – Breitt lokalt kulturarrangement i veke 43 • Blow Out – Kulturtilbod til musikantar over 13 år • Me er på facebook (gruppa vart registrert 6. mars, no har me over 90 medlemmer) • Me jobbar aktivt opp mot politikarar og kommunen
Resultat? • Me har lagt grunnmuren som basis for vidare arbeid • Me er inne i ein oppbyggingsfase og merkar ein positiv trend, men opplever at det er vanskeleg å få tilbakemeldingar frå medlemmane • Me er vortne meir synlege og attraktive • Me får gode tilbakemeldingar på nettsidene og det at me tilrettelegg for breie kulturarrangment
Vegen vidare • Handlingsplan som er godkjent av årsmøtet er vårt styrande dokument saman med visjon og vedtekter • Vere attraktive og synlege • Jobbe opp mot politikarar og kommunen • Formidle relevant kulturinformasjon • Oppdaterte nettsider • Facebook • E-post • Medlemsmøte for leiarane – me må feste vår visjon i leiinga • Jobba vidare som ein arena for kulturelt samarbeid • Jobba med å gjere oss salgbare – det skal vere ein fordel å vere medlem i kulturnettverket • Jobba for eit årleg kulturarrangement for og av medlemmane • Jobba for å arrangere eit årleg kurs
Spørsmål? Takk for meg!