270 likes | 364 Views
Den digitale kvardag. Diskusjonsspørsmål. Utarbeidd på bakgrunn av Play Decide, Digital life. Mitt første Internett. Er det ein ideell alder for når barn skal begynne å bruke Internett? . Popularitet. Påstand: Du er nokon om du har mange vener på Facebook.
E N D
Den digitale kvardag Diskusjonsspørsmål Utarbeidd på bakgrunn av Play Decide, Digital life
Mitt første Internett • Er det ein ideell alder for når barn skal begynne å bruke Internett?
Popularitet • Påstand: Du er nokon om du har mange vener på Facebook. • Er du einig i påstanden? Kvifor/kvifor ikkje?
Drep Google magien? • Påstand: Når vi googlar alt mogeleg misser vi noko viktig – eventyrlysta vår. • Er du einig eller ueinig i at når vi alltid har tilgang til informasjon så har Internett-generasjonen mist kjensla si for undring og glede over å oppdage nye ting?
Kjempe eigne slag • Ein av klassekameratane dine har fått negative kommentarar og fått spreidd usanne og dårlege rykte om seg sjølv på Internett. • Er det hans/hennar ansvar å kjempe for seg sjølv og slå tilbake? • Kva ville du gjort i same situasjon?
Tagging • Nokre gonger kan det vere moro å tagge andre i bilete, men det er kanskje ikkje så moro for den det gjeld. • Kom med døme på slike situasjonar.
Anonymitet • Påstand: Det vert sagt at yngre gøymer seg bak kallenamn og avatarar på sosiale media, og at dei skjuler sitt sanne eg framfor å vere ærlege og opne om kven dei er. • Er du einig i påstanden? Diskuter.
Samle onlinevener • Scenario: 3/4-deler av venene dine online er menneske du aldri har møtt. • Kva er poenget med slike vener? Diskuter.
For ung for sosiale media • Bør det vere ei aldersgrense for når ein kan delta i sosiale media? Grunngje svaret.
MMORPG • Påstand: Mange seier at slike spel gjer at ein utviklar sosiale ferdigheiter. • Trur du dette er sant og trur du at dette er likt for gutar og jenter? • MMORPG = Massive(ly) Multiplayer Online Role-Playing Game (t.d. World of Warcraft)
Å kaste bort tid • Vaksne klagar ofte over at barn og unge brukar for mykje tid online. • Er det nokre online-aktivitetar som du personleg meiner er bortkasta tid? Kva og kvifor?
Pornografi • Påstand: Det er ein myte at det å sjå pornografi på nett vil hindre unge frå å vakse opp som ansvarlege, balanserte vaksne. • Er du einig i påstanden? • Påstand: Å stenge for pornografi er å bruke teknologi på noko som ikkje er eit teknologisk problem. • Er du einig i påstanden?
Foreldre på Facebook • Ønskeleg eller skremmande? • Er foreldre sitt nærvær på sosiale nettverk ein god ting? • Skal ein vere ven med foreldra sine? • Skal ein vere ven med lærarane?
Rykte på nett • Dårleg omdøme kan nokre gonger berre vere eit tastetrykk unna. • Kom med døme på når slikt kan skje.
Virtuelle verder og avatarar • Utsegn: Eg kan forstå at barn treng å late som om dei er nokon andre og lage fantasifulle, glamorøse avatarar i virtuelle verder. Men når ein blir tenåring er vel det litt barnsleg? • Er du einig i utsegna? Kvifor/kvifor ikkje?
«Like» • Kor viktig er det at andre trykker «like» på profilen din? Grunngje svaret.
Krafta i sosiale nettverk • Påstand: Sosiale nettverk er truleg viktigare når det gjeld å promotere sosiale og miljøvernmessige saker enn det som kjem frå styresmaktene. • Er du einig i påstanden? Kvifor/kvifor ikkje?
Sensur • Utsegn: YouTube og Facebook skulle tillate porno. Lenge leve ytringsfridomen! • Kva bør sensurerast og ikkje sensurerast på nett? • Diskuter.
Multitasking • Påstand: Multitasking er ineffektivt. Ein kan ikkje konsentrere seg om meir enn ein ting om gongen. • Er du einig i påstanden? Diskuter.
«Fast-food»-informasjon • Påstand: Auka tilgang på informasjon gjer Internett-generasjonen latare og mindre eigna til å forstå informasjonen. Folk tenkjer ikkje sjølv lenger. • Er du einig i påstanden? Kvifor/kvifor ikkje?
Gøyme seg bak skjermen • Er det feigt å seie ting på nett som ein ikkje har mot til å seie ansikt til ansikt? • Grunngje svaret.
Forby sosiale media i skulen • Mange ønskjer å forby sosiale media i skulen fordi mange surfar på nett, oppdaterer profilar og chattar framfor å følgje med på undervisninga. • Er det å forby sosiale media i skulen ei god tilnærming? Diskuter.
Leve i ei digital boble • Påstand: Folk har aldri vore så åleine som dei er no i vår digitale tidsalder. • Diskuter kva som ligg i påstanden.
Kva er Wikipedia verd? • Påstand: Wikipedia har mest informasjon, men er samstundes ei av dei mest upålitelege kjeldene på Internett. • Diskuter påstanden.
Video-deling • Nokre av videoane på YouTube har blitt sett av millionar av menneske. • Kvifor har desse videoane så stor suksess?
Gode gamle dagar • Påstand: Foreldre seier at livet før Internett var betre. • Korleis kan livet ha vore betre før i tida? • Er du einig i påstanden? Kvifor/kvifor ikkje?
Tryggleik • Korleis kan ein lære barn om tryggleik på nett? • Kva er den beste måten foreldre kan gå fram på når dei skal lære barna sine å handtere risiko knytt til online-aktivitet?