260 likes | 415 Views
NYNORSK. Kapittel 20: Ei todelt verd. Elevane skal kunne – gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet
E N D
NYNORSK Kapittel 20: Ei todelt verd Elevane skal kunne – gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet – undersøkje to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945, og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv – finne eksempel på hendingar som har forma historia til eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd – vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
Den kalde krigen i Europa Kva var den kalde krigen? – Ein konflikt mellom to supermakter, USA og Sovjetunionen. – Ein ideologisk konflikt mellom to verdsoppfatningar. - Ein konfrontasjon om ordninga av Europa.
Særtrekk ved den kalde krigen – Den kalde krigen skil seg ut frå andre periodar med eit spent forhold mellom stormaktene, ved at det aldri kom til væpna samanstøytar mellom desse maktene. – Internasjonal politikk blei dominert av berre to makter. – Den raske utviklinga av øydeleggingsvåpen av eit heilt nytt omfang.
Aust-Europa blir kommunistisk Etter den andre verdskrigen innførte Moskva det sovjetiske systemet i dei austeuropeiske statane. Dei blei kalla folkerepublikkar: – 1945 - Jugoslavia (Tito) – 1946 - Bulgaria og Romania – 1947 - Ungarn og Polen – 1948 - Tsjekkoslovakia
Måla for Sovjetunionen med Aust-Europa-politikken – Politisk og ideologisk einsretting. – Byggje opp ei sovjetisk tryggingssone. – Økonomisk gevinst.
Målet for USA: Oppdemming (containment) mot kommunismen - I 1947 la ein amerikansk diplomat og sovjetekspert, George Kennan, fram tanken om ei langsiktig oppdemming (containment) mot den sovjetiske kommunismen. Oppdemming, både med militære og økonomiske middel, kom til å bli ei rettesnor for amerikansk politikk i åra etter den andre verdskrigen.
Oppdemming (containment) Truman-doktrinen 12.3.1947. Lovnad om amerikansk støtte til «frie folk som kjempar mot forsøk frå væpna minoritetar eller framande interesser på å vinne herredømme».
Oppdemming (containment) - Marshallhjelpa juni 1947. Det blei sagt at hjelpa ikkje retta seg mot noko land eller nokon ideologi, men «berre mot svolt, fattigdom, desperasjon og kaos». - Strategien bak Marshallplanen: Redde Vest-Europa frå kommunismen.
Eit todelt Europa – Berlin-blokaden juni 1948 – mai 1949. Årsak: Vestmaktene innførte den nye D-marka i Vest-Berlin. Konsekvens: Delinga av Tyskland blei framskunda. – Forbundsrepublikken Tyskland blei oppretta 23. mai 1949. Bonn blei hovudstad. – Den tyske demokratiske republikken (DDR) blei proklamert 7. oktober 1949.
Eit todelt Europa – 4. september 1949 blei Atlanterhavspakta (NATO) underskriven. – I 1955 danna Sovjetunionen og auststatane Warszawapakta som eit kommunistisk motstykke til NATO.
Ulike vegval i Norden – Danmark, Island og Noreg valde den vestlege sida i den kalde krigen. Alle dei tre landa var med i Marshallplanen, og dei gjekk inn i NATO i 1949. – Finland la vekt på eit nært utanrikspolitisk samarbeid med Sovjetunionen, og dei to regjeringane skreiv under ei omfattande «vennskaps- og bistandspakt». – Sverige sa nei til NATO, men blei med i Marshallplanen. Landet heldt fast ved posisjonen som ein nøytral og alliansefri stat.
Gylne tider i Vesten – I dei første 30 etterkrigsåra utvikla landa i Vesten seg til overflodssamfunn med masseproduksjon og masseforbruk. – Til grunn for utviklinga av forbrukarsamfunnet låg ein økonomisk vekst utan historisk sidestykke.
Gylne tider i Vesten Årsakene til den kraftige veksten: – Marshallhjelpa. – Handelen liberalisert. – Opnare klima i økonomien gjorde det lettare å investere i andre land, lettare å overføre pengar mellom land og lettare å reise mellom land.
Gylne tider i Vesten Årsakene til den kraftige veksten – Rikeleg tilgang på billeg energi i form av olje. – Vest-Europa tok i bruk teknologi som amerikanarane hadde utvikla i 1930-åra og under den andre verdskrigen. – Det politiske livet var prega av stabilitet.
Gylne tider i Vesten – Statsmakta spela ei sentral rolle i økonomien. – Reformer innanfor undervisning og utdanning. – Store marknadsområde som EFTA og EU blei etablerte.
Økonomisk samarbeid i Vest-Europa - I 1957 skreiv seks vesteuropeiske statar under Romatraktaten, som la grunnen for eit europeisk atomenergiorgan (Euratom) og for ein ny felles marknad (EEC).
Økonomisk samarbeid i Vest-Europa Årsaker – Den andre verdskrigen hadde redusert tiltrua til at dei europeiske nasjonalstatane var i stand til å ta seg av interessene til borgarane. – Gjennom Marshallhjelpa og NATO la USA press på europearane for å få dei til å samarbeide. – Schumanplanen: Etableringa av eit europeisk kol- og stålfellesskap. – Ønsket om varig fred: Gamle fiendar skulle bindast saman i politisk og økonomisk samarbeid i eit sameint Vest-Europa.
Koreakrigen – Eit tidlegare halvhjarta USA-engasjement i området blei erstatta av massivt militært nærvær. – Koreakrigen blei modellen for «avgrensa krig». – Det blei sagt at det kollektive tryggingsprinsippet (FN) var blitt forsvart.
Koreakrigen og global konflikt –Den kalde krigen utvikla seg til ein global konflikt. – USA bygde opp ein mur av basar og alliansar rundt det sovjetiske imperiet. – Massiv militær opprusting.
Våpenkappløpet – 1949: Sovjetunionen detonerte si første atombombe. – 1952: USA svarte med å detonere ei hydrogenbombe. – 1954: President Eisenhower (USA) lanserte strategien «massiv gjengjelding».
Våpenkappløpet – 1957: Sovjetunionen sende romfartøyet Sputnik 1 i bane rundt jorda. – 1961: Russaren Jurij Gagarin blei det første mennesket som krinsa rundt jorda i eit romfartøy. – 1969: Amerikanaren Neil Armstrong blei det første mennesket som sette foten på måneoverflata.
Cubakrisa Kvifor sette Khrusjtsjov i gang krisa? – Offisiell motivering: Omsorg for tryggleiken til Cuba. – Knappe inn på det forspranget USA hadde. – Utsikter til gevinstar i Europa − fjerne amerikanske rakettar i Tyrkia.
Cubakrisa Kvifor sette Khrusjtsjov i gang krisa? – Sikre Sovjetunionen eit fotfeste i Latin-Amerika for vidare framstøytar. – Skade USA sin prestisje. – Khrusjtsjov hadde behov for utanrikspolitiske sigrar for å halde stillinga i partiet. – Sovjetisk trong til å bli rekna som likeverdig med USA.
Cubakrisa Resultat av krisa – Krisa viste at den kalde krigen galdt heile verda, fordi ein konflikt mellom USA og Sovjetunionen kunne føre til ein katastrofe for menneskeslekta. – Den kalde krigen var også kommen til Latin-Amerika. Han var blitt verdsomspennande. – Supermaktene gjorde avtalar om ikkje-spreiing av atomvåpen til nye land og om rustingskontroll.
Slutten på den kalde krigen Ulike forklaringar – Ronald Reagans aggressive politikk mot Sovjetunionen («triumfalismen»). – Avskrekkings- og oppdemmingspolitikken som var blitt ført av presidentane i USA frå Truman til Reagan. – Dei grunnleggjande forandringane som skjedde i Sovjetunionen under Mikhail Gorbatsjov.
Sovjetunionens fall Årsaker til at Sovjetunionen braut saman: – Økonomisk krise. – Enorme utgifter til militære formål. – Moralsk og politisk krise. – Reformprogrammet under Gorbatsjov.