200 likes | 348 Views
Nynorsk. Kapittel 26: Fred og konflikt i ei globalisert verd. Elevane skal kunne - undersøkje to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945 og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv
E N D
Nynorsk Kapittel 26: Fred og konflikt i ei globalisert verd Elevane skal kunne - undersøkje to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945 og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv - finne eksempel på hendingar som har forma historia til eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd - undersøkje bakgrunnen for ein pågåande konflikt, og drøfte reaksjonar i det internasjonale samfunnet
Uvisse etter at den kalde krigen tok slutt - Slutten på den kalde krigen skapte forventningar om ei fredelegare verd, men skapte også uvisse. - Kva ville skje med det tidlegare sovjetimperiet? - Korleis ville forholdet bli mellom dei europeiske statane etter at Berlin-muren fall? - Ville det oppstå nye og andre konfliktar? - Er verda blitt ein tryggare eller ein farlegare stad å vere?
Etter Sovjetunionen Oppløysinga av Sovjetunionen skjedde relativt fredeleg, med nokre unntak: - Usemje mellom Russland og Ukraina om kven som skulle ta over krigsflåten. - Krigstilstand mellom Armenia og Aserbajdsjan om Nagorno- Karabakh. - Konflikten i Tsjetsjenia.
Konflikten i Tsjetsjenia - Muslimane i Tsjetsjenia ønskte sjølvstende frå det undertrykkjande Russland. - Russland ville ikkje gi slepp på oljeleidningar i landet. - Krigføring og bombing frå Russland. - Terrorhandlingar frå Tsjetsjenia.
Eit nytt Europa - Avviklinga av kommunistregima gjekk stort sett raskt og fredeleg føre seg og gjekk i demokratisk retning. - Eit større og sterkare EU. - Euro innført som felles valuta i EU frå 1999. - Tidlegare austblokkland blei medlemmer i EU i 2004.
Eit utvida NATO - Partnarskap for fred i 1994. - Tidlegare austblokkland kom med i 2004.
Krig på Balkan - Milosevic spela på motsetnader og erklærte krig mot Bosnia- Hercegovina. - Dreiv etnisk reinsing. - NATO svarte med å bombe Serbia.
Kina - Kina hadde opna seg forsiktig mot det kapitalistiske verdssamfunnet. - Framleis kommunistisk styreform. - Studentar ønskte større fridom og demonstrerte. - Massakren på Himmelfredsplassen i 1989 skjedde framfor auga på fjernsynssjåarar på heile kloden. - USA ønskte økonomisk samarbeid med Kina, derfor blei det ikkje lagt tungt nok press på Kina for at landet skulle opne for demokrati.
Ei ny rolle for FN? Irak - Irak invaderte Kuwait i 1990. - Tryggingsrådet i FN kravde at Irak skulle trekkje seg ut. - FN og USA gjekk til militær aksjon, Irak tvinga til å trekkje seg ut.
Ei ny rolle for FN? Bosnia - Feilslått fredsoppdrag for FN. - Mange bosniarar blei offer. - I og rundt byen Srebrenica blei fleire tusen muslimar massakrerte.
Ei ny rolle for FN? Rwanda - Den hutudominerte regjeringa sette i verk massakrering av mindretalet av tutsiar. - Feilslått fredsoppdrag for FN.
Ei ny rolle for FN? Somalia - FN vedtok «humanitær intervensjon». - Intervensjonen blei stoppa da USA trekte seg ut.
Gamle og nye atommakter - Stormaktene har framleis atomvåpen, men har slutta med prøvesprengingar. - India og Pakistan har atomvåpen og er i konflikt om Kashmir. - Nord-Korea har eit kjernefysisk program. - Iran er i gang med å opprike uran. - Israel har atomvåpen, men blir ikkje pressa av Vesten.
Menneske på flukt - Etnisk reinsing og utdriving av sivile har ført til at folk er blitt drivne på flukt. - Talet på internflyktningar har auka kraftig. - Over halvparten av flyktningane i verda er barn. - Massevaldtektar har vore eit ledd i etnisk reinsing.
Verda etter 11. september 2001 - Attentatet mot USA endra konfliktbiletet i verda. - Angrepet var også eit angrep mot NATO. - Den viktigaste oppgåva for amerikansk utanrikspolitikk etter 11. september 2001 var krigen mot terror. - Krig mot Taliban-regimet i Afghanistan.
Verda etter 11. september 2001 - Somme muslimar har tolka hendingane som ein begynnande samanstøyt mellom sivilisasjonar, men dei aller fleste tek avstand frå terroren. - President George W. Bush såg ein samanheng mellom terrorhandlingar og Saddam Hussein, og invaderte Irak.
Ei meir utrygg verd? - Talet på krigar og drepne har gått ned sidan 1989. - Nesten ingen krigar mellom statar. - Men talet på drepne etter terrorangrep har auka.
Kva er årsakene? - Slutt på kolonialisme. - Slutt på kald krig. - Auka vekt på konfliktløysing.