1 / 11

Kapittel 14 Ei verd i ubalanse

BOKMÅL. Kapittel 14 Ei verd i ubalanse. Elevane skal kunne – vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske røyrsler og statsutvikling på 1900-tallet – gjer greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunn.

ugo
Download Presentation

Kapittel 14 Ei verd i ubalanse

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. BOKMÅL Kapittel 14 Ei verd i ubalanse Elevane skal kunne – vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske røyrsler og statsutvikling på 1900-tallet – gjer greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunn

  2. BOKMÅL 1. Det tyske problemet «Diktatfreden» i Versailles blei ein belastning for den demokratiske regjeringa i Tyskland som underteikna den. Den blei eit av Hitlers beste propagandanummer. Sigerherrane trakk opp nye grenser som førte til at mange naboland til Tyskland fekk tyske minoritetar. Polen fekk store områder som før hadde tilhørt Tyskland. Grensa mellom Tyskland og Tsjekkoslovakia blei den gamle riksgrensa. Det førte til at 3 millioner tyskarar i Böhmen blei tsjekkiske statsborgarar.

  3. BOKMÅL 1. Det tyske problemet Fleirtalet i det tysktalande Austerrike ønskte å bli ein delstat i det nye demokratiske Tyskland, men Frankrike sette seg imot. Krigsskyldparagrafen blei endå eit propagandanummer for Hitler: «lygna om krigsskylda». Krigsskylda blei sett til svimlande 132 milliarder gullmark.

  4. 2. Nye nasjonalstatar i Europa Sluttfasen av verdskrigen og freden blei oppfatta som gjennombrotet for nasjonale rørsler i Europa. I eit område som Tyskland, Russland og Austerrike-Ungarn tidlegare hadde delt mellom seg, blei det skapt ei samanhengjande kjede av nye stater: Finland, Estland, Latvia, Litauen, Polen, Tsjekkoslovakia, Austerrike, Ungarn og Jugoslavia. Problem: Prinsippet om nasjonanes rett til å bestemme sjølv let seg ikkje gjennomføre fullt ut. Nesten kvar eineste grense som ble trukket i 1919 var utilfredsstillande for ein eller annan stat eller folkegruppe.

  5. 3. Dårlege vilkår for demokratiet Mellomkrigstida blei ei tid for diktatur og for autoritære regime. Demokratiet blei utfordra av to historisk nye rørsler, kommunismen og fascismen. I sluttfasen av, og like etter krigen, var demokratia truga av kommunistiske opprør. I 1920- og 1930-åra kom trusselen hovudsakleg frå autoritære, nasjonalistiske rørsler som var skremt av det som hadde funne stad i Russland.

  6. 4. Norden frå krig til fred Danmark, Noreg og Sverige erklærte seg som nøytrale statar da første verdskrig begynte, men alle tre blei utsett for krav og press frå dei krigførande stormaktene. Tyskland pressa Danmark til å mineleggje Øresund, Lille Bælt og Store Bælt, men danskane greidde likevel å halde oppe det gode sambandet til England. Noreg førte ein pro-britisk nøytralitetspolitikk og er blitt kalla ein «nøytral alliert». I Sverige var kongehuset, regjeringa og det meste av den borgerlege opinionen tyskvennlege.

  7. 4. Norden fra krig til fred Dei tre nordiske landa unngjekk å bli krigsskueplass fordi stormaktene ikkje hadde styrke eller interesse nok til å utvide krigen til Norden. I kjølvantnet av krigen auka talet på sjølvstendige nordiske stater fra tre til fem. Dei to nye var Finland (1917) og Island (1918). Etter krigen fekk Danmark tilbake Nord-Schleswig (Sønderjyllands amt), mens Noreg fekk suverenitet over Svalbard.

  8. 5. Maktbalansen i Europa Første verdskrig ødela den tidlegare maktbalansen i Europa. Storbritannia snudde ryggen til Europa og vendte tilbake til imperiet. Russland var endra på grunn av revolusjonen. USA trakk seg tilbake, likesæl ovanfor Europa. Tyskland var territorielt framleis ei viktig sentralmakt, med store befolknings- og industriressursar.

  9. 6. Konsekvensar av første verdskrig: Lilleasia og Midtøsten Tyrkia skubba nesten heilt ut av Europa. Saudi-Arabia blei ein sjølvstendig stat. Frankrike sikra seg kontroll over Syria og Libanon, mens britane tok styringa i Transjordan (Jordan), Irak og Palestina. Formelt skulle dei gamle kolonimaktene styre på vegne av Folkeforbundet. Jødane fekk lovnad om «ein nasjonal heim» i Palestina. Mot slutten av krigen kravde til dømes eit egyptisk parti, Wafd, for første gong full uavhengigheit. Etter tre år med kampar (1919–1922) blei britane nøydd til å gjere om sitt protektorat til eit tilnærma uavhengig Egypt.

  10. 7. Dei økonomiske konsekvensane av krigen Europa vann aldri tilbake den dominerande posisjonen frå før verdskrigen Krigen hadde gått hardt utover dei offentlege finansane. Hyperinflasjon i Tyskland. USA gjekk ut av krigen som den leiande økonomiske stormakta i verda. Tysk og deler av europeisk økonomi blei langt på veg avhengig av kortsiktige, amerikanske lån.

  11. 8. Krakket på børsen i New York og den store krisa Krisa på børsen i New York ramma først USA, den leiande økonomiske stormakta i verda. Krisa førte til at USA reduserte importen av varer frå andre land. Dermed krympa verdshandelen. Låna som USA hadde gitt til vesteuropeiske bankar og bedrifter blei stansa over natten. Konsekvens: Stor arbeidsløyse. Tiltak mot krisa: New Deal i USA (Roosevelt) og opprusting i Tyskland (Hitler).

More Related