110 likes | 291 Views
NYNORSK. Kapittel 14: Ei verd i ubalanse. Elevane skal kunne – vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
E N D
NYNORSK Kapittel 14: Ei verd i ubalanse Elevane skal kunne – vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet – gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet
Det tyske problemet «Diktatfreden» i Versailles blei ei belastning for den demokratiske regjeringa i Tyskland som hadde underskrive fredavtalen. Dolkestøytlegenda: politikarane måtte bere ansvaret for feilgrepa til dei militære. Hitlers beste propagandanummer. Sigerherrane drog opp nye grenser. Mange av nabolanda til Tyskland fekk tyske minoritetar. Polen fekk store område som før hadde hørt til Tyskland. 3 millionar tyskarar i Böhmen blei tsjekkiske statsborgarar.
Det tyske problemet • Fleirtalet i det tysktalande Austerrike ønskte å bli ein delstat i det nye demokratiske Tyskland. • Frankrike sette seg imot det. • Krigsskuldparagrafen blei seinare enda eit propagandanummer for Hitler. • Krigsgjelda blei sett til 132 milliardar gullmark.
Nye nasjonalstatar i Europa Sluttfasen av verdskrigen og freden blei oppfatta som gjennombrotet for dei nasjonale rørslene i Europa. I eit område som Tyskland, Russland og Austerrike-Ungarn tidlegare hadde delt mellom seg, blei det skapt ei samanhengande kjede av nye statar: Finland, Estland, Latvia, Litauen, Polen, Tsjekkoslovakia, Austerrike, Ungarn og Jugoslavia. Problem: Prinsippet om nasjonal sjølvråderett lét seg ikkje gjennomføre fullt ut. Nesten kvar einaste grense som blei dregen opp i 1919, var utilfredsstillande for ein eller annan stat eller ei folkegruppe.
Dårlege vilkår for demokratiet Mellomkrigstida blei prega av diktatur og autoritære regime. Det liberale demokratiet blei utfordra av to nye rørsler: kommunismen og fascismen. På slutten av og like etter krigen var demokratia truga av kommunistiske opprør. I 1920- og 1930-åra kom trusselen i hovudsak frå autoritære, nasjonalistiske rørsler. Revolusjonen i Russland førte til ei radikalisering på høgresida.
Danmark, Noreg og Sverige erklærte seg som nøytrale statar da den første verdskrigen begynte. • Alle tre blei utsette for krav og press frå dei krigførande stormaktene. • Tyskland pressa Danmark til å mineleggje Øresund, Lillebælt og Storebælt. • Danskane greidde likevel å halde oppe gode sambandslinjer til England. • Noreg førte ein probritisk nøytralitetspolitikk og er blitt kalla ein «nøytral alliert». • I Sverige var kongehuset, regjeringa og det meste av den borgarlege opinionen tyskvennlege. Norden frå krig til fred
Dei tre nordiske landa unngjekk å bli krigsskodeplass. • Stormaktene hadde ikkje styrke eller interesse nok til å utvide krigen til Norden. • I kjølvatnet av krigen auka talet på sjølvstendige nordiske statar frå tre til fem. • Dei to nye var Finland (1917) og Island (1918). • Etter krigen fekk Danmark tilbake Nord-Schleswig (Sønderjyllands amt) frå Tyskland. • Noreg fekk suverenitet over Svalbard (Spitsbergen). Norden frå krig til fred
Den første verdskrigen øydela den tidlegare maktbalansen i Europa. • Storbritannia snudde ryggen til Europa og fokuserte på imperiet. • Russland var utstøytt frå det gode selskap på grunn av revolusjonen. • Cordonsanitaire: belte av nye statar i aust som skulle hindre spreiing av kommunismen. • USA drog seg tilbake frå verdspolitikken, ikkje med i Folkeforbundet. • Tyskland var framleis ei viktig sentralmakt, med store befolknings- og industriressursar. Maktbalansen i Europa
Tyrkia blei pressa nesten heilt ut av Europa. • Saudi-Arabia blei ein sjølvstendig stat. • Frankrike sikra seg kontroll over Syria og Libanon • Britane tok styringa i Transjordan (Jordan), Irak og Palestina. • Formelt skulle dei gamle kolonimaktene styre på vegner av Folkeforbundet. • Protektorat. • Jødane fekk lovnad om «ein nasjonal heim» i Palestina. • Mot slutten av krigen kravde eit egyptisk parti, Wafd, for første gong fullt sjølvstende. • Etter tre år med kampar (1919–1922) måtte britane omgjere protektoratet sitt til eit tilnærma uavhengig Egypt. Konsekvensar av den første verdskrigen: Vesleasia og Midtausten
- Europa vann aldri tilbake den dominerande posisjonen sin frå før verdskrigen. - Krigen hadde gått hardt utover dei offentlege finansane. Hyperinflasjon i Tyskland. - USA gjekk ut av krigen som den leiande økonomiske stormakta i verda. - Særleg den tyske økonomien blei langt på veg avhengig av kortsiktige amerikanske lån. Dei økonomiske konsekvensane av krigen
- Børskrakket i New York i oktober 1929 gjekk først utover USA. - Krisa førte til at USA reduserte importen av varer frå andre land. - Verdshandelen krympa. - Låna som USA hadde gitt til vesteuropeiske bankar og bedrifter, blei stansa over natta. - Konsekvens: Stor arbeidsløyse. - Tiltak mot krisa: New Deal i USA (Roosevelt) og opprusting i Tyskland (Hitler). Økonomisk verdskrise i 1930-åra