480 likes | 642 Views
Det komplette nettbrettet. Fotnotar må til. Fylkes-direktøren. Data-senter. Lærarar. Rektorane. IKT-avdeling. http://detkomplettenettbrett.wordpress.com/. Nettbrettprosjektet i matematikk. Matematikk-klassen. 1T 26 elevar Blanda gruppe 10 med nettbrett 16 med vanleg elev-pc.
E N D
Fylkes-direktøren Data-senter Lærarar Rektorane IKT-avdeling
Matematikk-klassen • 1T • 26 elevar • Blanda gruppe • 10 med nettbrett • 16 med vanleg elev-pc
Læreboka • PDF-utgåve av Sinus 1T (Cappelen Damm) • Windows Reader (nettbrett) • Adobe Reader (vanleg elev-pc) • Pdf-filutskrift i OneNote
15 elevar svarar at dei er fornøgd med å bruke den digitale læreboka • 8 elevar svarar at dei ville heller hatt papirutgåva
Elevkommentarar «det blir ikkje så mange bøker å ha i sekken nå som vi har digital lærebok.» «Du har moglegheita til og legge til notat og utheve tekst og skrive, noko som er veldig greitt. Også er det greitt og ha dei fleste bøkene samla på dataen.» «Ja, det går fint å digital mattebok. likar sers godt den i OneNote fordi der er alt så oversiktlig.» «Er veldig kjekt og søke på oppgavene» «Pdfbok fungerer fint, men det er litt uvandt i forhold til papirbok. Vi brukte aldri pc til noko som helst i matte på ungdomsskulen, så det er stor forskjell.» «Når du skal bak å skjekke fasiten brukar ein mykje tid på å finne fram til den sida som svaret på oppgåva står på. Det same gjeld når ein skal finne fram til oppgåvene. Det blir veldig mykje scrolling fram og tilbake.» «Det går mykje raskare med papirbok, fordi det tar ikkje lang tid å bla bak til fasiten, mens når det er digital bok tar det mykje lengre tid. Dessutan blir eg veldig trøtt av lyset som kjem frå Pc'en.» «Har hatt papirbok i 10 år, og likar det best»
Digital kladdebok • MathType • matematikkredigeringsverktøy integrert i Word • lett å skrive matematisk tekst • krev ein del trening… • Bruke OneNote som digital «ringperm» der ein samlar alle oppgåvene • Søkbar kladdebok • Halve klassen brukar MathType, resten brukar vanleg papirkladdebok
Elevkommentarar «Eg brukar MathTypefordi at då slepp eg og ha orden på alt papiret, og eg synast det er kjekkare og skrive på dataen. Så snart eg får inn alle hurtigtastane vil dette gå verkeleg unna!» «Sidan vi har læreboka på pc er det like greit å skrive på pc òg. Det var eit program som var lett å bruke og det gjekk fort å løyse oppgåvene.» «Fordi eg likte å bruke math type. Det er nytt og litt meir oversiktleg.» «Eg brukar mathtype fordi det vert betre orden på oppgåvene.» «Det er meir miljøvennleg å bruke mathtype fordi ein skrive på eit dokument på datanisteden for å bruke mykje papir.» «Det går fortare når eg brukar MathType.»
Elevkommentarar «Det er raskare og lettare å skrive rett i bok, slik vi alltid har gjort før.» «Eg lærer best av å skrive ned ting for hand på papir, og eg memorerar betre då også.» «Eg brukar vanleg kladdebok fordi eg synast det er mykje lettare og det tek lengre tid å skrive det på pc.» «Synst eg lære bedre når eg skriv det ned, spesielt i matte» «Eg valgte papir, fordi eg syns math type var veldig tungvint, dei hadde dårlige "keybinds" og å kopiere alle svara tar og lengre tid.» «Eg har brukt Math Type og synst at det var veldig bra program, menn oppgåvene gjekk for sakte å løye so eg har gått over til papir.» «Det går utruleg tregt med mathtype.»
Kalkulator • Elevane har ikkje fått utdelt lommereknar • Alle har gratisprogramma Microsoft Mathematics og GeoGebra med CAS installert på pc/brett • Offline-versjonar som kan brukast på Del 2 på eksamen
17 seier at dei er fornøgd med å berre ha kalkulator på pc/brett • 7 seier at dei vil helst ha ein lommereknar • Den digitale pennen og musepeikar er tungvint å bruke på kalkulatorane på pc/brett • Kan ikkje gje dei prøve som krev bruk av lommereknar utan at dei samtidig får tilgang til alt på pc/brett
Gjennomgang av teori/oppgåver • Tavle og kritt er sjeldan i bruk… • Presentasjon rett frå pdf-boka eller eigne notatar (videokanon) • Reknar oppgåver steg for steg med MathType • Brukar nettbrettet som «Smart Board» • lagrar og legg notatane ut i Fronter etterpå • Skal prøve omvendt undervisning!
Positive erfaringar så langt • Alt på eitt brett – slepp problemet med gløymt bok, kladdebok, kalkulator, skrivesaker osv… • Søkbar lærebok og kladdebok • Lågare terskel for å ta i bruk nyttige verktøy som GeoGebra og CAS når pc/nettbrett allereie er i bruk • God lesekvalitet på PDF-boka • Kan markere og notere direkte i boka • Godt å ha digital bok bygd opp som ei vanleg papirbok… • Elevar som brukar MathType på prøver og leverer digitalt, får tilbake prøva med rettingar og kommentarar digitalt. Kan då lagre den i same OneNote-ringperm • Prøver må gjerne ha to deler, ein del utan og ein med pc/nettbrett (der ligg både lærebok, kalkulator ++) -> meir eksamensnært
Negative erfaringar så langt • Skjermen på nettbrettet er liten, litt tungvint å ha oppe både lærebok, kladdebok og kalkulator/CAS/grafteiknar samstundes. • Tekniske problem, som oftast med det trådlause tastaturet. Digital penn litt unøyaktig, lettare med musepeikar • Tungvint å bla fram og tilbake i teoridel, oppgåvedel og fasit i PDF-boka Får heller ikkje same forhold til kvar ting står i boka… Ikkje fullt så god lesekvalitet dersom ein overfører boka til OneNote • Tek tid å bli god på MathType – går ut over progresjonen i eit omfattande 1T-pensum! MathType ikkje integrert i OneNote, må kopiere wordfilene inn der i etterkant • Ikkje same funksjonar for å bla, notere og gule ut for dei som har PDF-boka på vanleg elev-pc (har ikkje windows 8-reader) • Kort veg til Facebook…
Nettbrett vs. vanleg elev-pc • Lettare å navigere og zoome i pdf-boka med touchog Windows 8 Reader • Lett å skrive notatar og markere med digital penn rett i pdf-boka • Kan teikne rett på brettet • Nettbrettet er mindre og lettare å ta med seg overalt • PC har større skjerm, tastaturen er fast inkludert og funkar alltid!
Planar vidare • Nye tastatur? • Omvendt undervisning for å få meir tid til oppgåveløysing i timane • Ta i bruk Outlook, Lync og Kikora
Forsikring, klargjering, installasjon merking og feilprosent
Import til OneNote Studieteknisk døme