50 likes | 158 Views
NYTT STUDIETILBOD 2011/2012! Vg 2 studiespesialiserande program i Skottland
E N D
NYTT STUDIETILBOD 2011/2012! Vg 2 studiespesialiserande program i Skottland Vg 2 i Skottland, er eit av undervisningstilboda til Møre og Romsdal fylkeskommune, og kan søkjast av elevar busett i Møre og Romsdal. Søkjarane må vera elevar i Vg1 på utdanningsprogram for studiespesialisering. Tilbodet blir administrert av Haram vidaregåande skule. Ordninga går ut på at 16 elevar frå Møre og Romsdal går på skule i Skottland i eit heilt skuleår. Der får dei plass ved Armadale Academy. Skulen ligg om lag 20 minutt med tog frå Edinburgh. Skuleåret tel som Vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering. Etter året i utlandet kjem elevane tilbake til norsk vidaregåande skule, og går inn i Vg3. Elevar som nyttar seg av denne ordninga, kan såleis gjennomføre den vidaregåande utdanninga si på dei vanlege tre åra - samstundes som dei skaffar seg verdifull internasjonal studieerfaring. Dette studietilbodet er ein eineståande sjanse for elevar frå Møre og Romsdal, men det er krevjande, og stiller store krav både til elevane sine evner til omstilling og til sjølvstendig, målmedvite arbeid. Samarbeidsskulen vår tilbyr fag som elevane kan byggje vidare på i Vg3 når dei kjem tilbake til Noreg. Dei vil få hjelp til å velje fag og fagkombinasjonar som gjer at dei oppfyller krava innanfor eit av programområda i studiespesialiserande utdanningsprogram. Når det gjeld fellesfaga, blir elevar som tek eitt år av den vidaregåande opplæringa i utlandet, fritekne for desse etter visse reglar. For fellesfag som går over fleire år, og som har eksamen etter Vg3, må dei likevel vera budde på ein god del sjølvstudium. Dette gjeld historie (som har 2 veketimar i Vg2) og norsk (som har 4 veketimar i Vg2). I norskfaget vil elevane få ein del konsentrert undervisning gjennom skuleåret, ved at det blir lagt undervisning til ein del helger når kursleiaren er i Skottland.
Reisa til Skottland Omkring 12. august reiser elevar og kursleiar saman til Skottland. Reisa går med fly til Edinburgh og tog til Armadale. Haram vidaregåande skule ordnar det praktiske med denne reisa, og med heimreisa til jul, men elevane må sjølv betala billettane. Til reiser elles i skuleåret, må elevane ordna med billettar sjølv. Alle elevane får eit reisestipend frå Lånekassen. Skuleåret i Skottland Skuleåret i Skottland fell i tre terminar. Start- og sluttdatoane er om lag slik: Term 1 ca. 16. august - ca. 22. desember Term 2 ca. 9. januar - ca. 30. mars Term 3 ca. 17. april - ca. 20. juni Mellom terminane er det ferie (om lag 2 veker ved jul/nyttår og påske). Det vil vere eit krav om at alle reiser heim til jul og påske. Elevane har ein periode med skulefri i dei ulike terminane - i oktober ( 17.10-24.10), februar(13.2-20.2) og mai (7.5 – 9.5). I oktober tar kursleiaren elevane med på ein tre dagars ekskursjon i Skottland. Kostnadene til turen må elevane dekka sjølve. Utgiftene pr. elev for ein slik tur er om lag 1.500 kroner, som dekkjer to overnattingar, mat og reiseutgifter. I tillegg vil nokre av desse fridagane i oktober og februar verte nytta til undervisning i norsk og historie. Ellers står elevane fritt til å nytta fridagane slik dei sjølv vil.
Kontaktlærar/Koordinator/Kursleiar Studietilbodet i Skottland har ein norsk kursleiar som har ansvaret for avviklinga av førebuingskursa. I tillegg vil han organisere undervisninga i norsk, historie og matematikk medan elevane oppheld seg i Skottland. Kursleiar vil stå for kontakten med Armadale Academy og oppfølginga av elevane, og han kjem til Armadale fleire gonger i løpet av skuleåret. Elles står kontaktlæraren på Armadale Academy til disposisjon for dei norske elevane dersom dei treng hjelp. Kursleiar held dessutan kontinuerleg kontakt med elevane pr. e-post og telefon. Skulle det vera særleg trong for det, vil kursleiaren kunna reisa til Skottland på kort varsel. Økonomi: Møre og Romsdal fylkeskommune v/Fylkesutdanningsdirektøren dekkjer utgiftene til skulepengar for elevane, ca. 3.000 pund pr. elev. Den einskilde eleven må sjølv dekkje buutgiftene på 120 pund pr. veke. I tillegg kjem utgifter til førebuingskurs, reiser, transport til og frå skulen, og lommepengar. Det kan verte ein del mindre avgifter å betale. Desse utgiftene må elevane betale sjølve. Det same gjeld utgifter til eventuelle turar og ekskursjonar som skulen skiper til. Armadale Academy har dessutan skuleuniform som elevane må kjøpe. Førebuingskurs Det vil bli skipa til 3 samlingar for dei elevane som vert tekne ut til studietilbodet i Skottland Eit møte for elevane og deira føresette i mai, kort tid etter at elevane er valde ut. På dette møtet blir det gjennomgang av alle dei praktiske sidene ved opplegget. To samlingar med hovudvekt på undervisning i norsk og historie for Vg2, og britisk kulturkunnskap. Det første av desse kursa vil gå ei helg i juni, og det andre før avreise til Skottland (ca 10. august). Helgekursa vil bli lagt til ein rimeleg kursstad ein eller annan stad i Møre og Romsdal. Elevane må rekna med ei utgift på om lag kr. 1.000 (for kost og losji) for kvart av desse kursa.
Innkvartering: Samarbeidsskulen vår i Armadale har tatt på seg å skaffa innkvartering for elevane frå Møre og Romsdal. Elevane bur i private heimar som betalande gjester, dvs. at dei betaler ein pris som dekkjer husrom, mat (frukost, lunsj/matpakke og middag), lys, oppvarming og ei rimeleg mengd klesvask. Samarbeidsskulen vår har tatt på seg oppgåva med å finna fram til høvelege vertsfamiliar. Pris for hus og mat: 120 pund pr. veke (gjeld skuleåret 2011/2012) Elevane får bortebuarstipend frå Statens Lånekasse. Søknad: Elevar som søkjer plass på dette studietilbodet, skal søkja på vanleg måte gjennom fellesinntaket innan 1. mars. Møre og Romsdal fylke oppretter eigne kodar for dette tilbodet. Elevane søker på VIGO på enten Realfag med opplæring i utlandet eller Språk, samfunnsfag og økonomi med opplæring i utlandet (Sjå informasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Vidaregåande opplæring tilbod i skole 2011-2012 side 6.) I tillegg skal elevane fylla ut eit eige søknadsskjema. Dette skal leverast til rektor på eigen skule, som sender det vidare til Haram vidaregåande skule, saman med ei prioriteringsliste dersom det er fleire søkjarar. Skjemaet vil vere tilgjengeleg i god tid før fristen. Inntaket vert gjort av Inntakskontoret i samarbeid med Haram vidaregåande skule. I samband med inntaket vil elevane bli kalla inn til eit intervju som går føre seg på engelsk. For meir informasjon: Telefon 70209600 Telefax 70209601 E-post: haram.vgs@mrfylke.no