340 likes | 435 Views
Språkfakta 2010 eller 653 sider på 30 minutt. Ottar Grepstad Landsmøtet i Noregs Mållag 16. april 2010. Dokumentasjon av norsk språk og språk i Noreg. Database med minst 50 000 tal: dokumentasjon og analyse. Bearbeiding av offisiell statistikk
E N D
Språkfakta 2010 eller653 sider på 30 minutt Ottar Grepstad Landsmøtet i Noregs Mållag 16. april 2010
Database med minst 50 000 tal: dokumentasjon og analyse • Bearbeiding av offisiell statistikk • Supplement til og korreksjon av offentleg statistikk, t.d. folkerøystingar om skulemål • Innsamling av eige materiale, t.d. målform i kyrkjesokn, bøker og presse • Presentasjon av studiar og spørjeundersøkingar • Oppdatering kvart år, ny utgåve 2013
Tal er ikkje så nøyaktige som dei ser ut til • Tal verkar korrekte og pålitelege • Sjølv ikkje tal med desimalar seier heile sanninga • Tal er ofte like unøyaktige som ord • Tal og ord må skrivast saman for å gi meining
Den norske språksituasjonen • Norsk er det 131. mest brukte språket i verda • Dei språklege skilnadene i Noreg aukar • Toleransen for slike språklege skilnader aukar • Presset frå engelsk i akademia svekkjer bokmål • Nynorskbrukarane har enno ikkje fulle språklege rettar • Vestlandet er blitt nynorsklandet
Sterk vilje til å verne norsk språk • Nær 50 % er interesserte i språkspørsmålet • 88 % meiner det er viktig å verne norsk språk • Det meiner også like mange av dei mellom 15 og 29 år
Sosiale skilnader i bruk og haldningar • Di høgare inntekt, di fleire meiner at dialekt blir brukt for mykje • Dei som tener minst og mest, er mest opne for engelsk • Kvinner er meir positive til dialektbruk enn menn • Menn er meir positive til bruk av engelsk enn kvinner • Det er fleire nynorskbrukarar blant lågtlønte enn høgtlønte
Presset frå engelsk svekkjer bokmål • Mange fleire bruker norsk språk på universitet og høgskular i dag fordi mange fleire studerer der • I 2006 var åtte av ti masteroppgåver skrivne på bokmål • I 1986 var seks av ti hovudoppgåver skrivne på bokmål
Haldning er noko anna enn handling • 37 % av dei under 30 år meiner engelsk er eit betre språk enn norsk (alle: 22 %) • 58 % av alle under 30 år bruker engelske ord og uttrykk fleire gonger om dagen (alle: 38 %) • Ikkje fleire unge enn eldre trur dei fleste snakkar engelsk om 50 år
Fleire lærer somalisk enn samisk i skulen • 2635 elevar får morsmålsundervisning i somalisk • 2289 elevar får undervisning i samisk (nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk) • Nesten alle skular har språklege mindretal eller språklege minoritetar
7 Få språk kjem frå Europa 234 av 6909 språk i verda skriv seg frå Europa (og 2300 frå Asia)
6 Noreg har vore fleirspråkleg i tusen år Det siste tiåret har norsk skule undervist i 180 språk (for hundre år sidan var det forbode å undervise i samisk)
5 Heller engelsk enn nynorsk frå forlaga 12 % av alle bøker frå norske forlag er på Engelsk (og 6 % er på nynorsk)
4 Meir dialekt og mindre bokmål i radio 31 % av sendingane i NRK Radio er på dialekt (i 1972 var dialekt brukt i 3 % av sendingane)
3 Høgare utdanning aukar den språklege toleransen og minkar mangfaldet 3 % av studentane ved universitet og høgskular skriv masteroppgåver på nynorsk (då dei gjekk i grunnskulen, brukte 17 % av elevane nynorsk)
2 Fleire får undervisning i samiske språk som er alvorleg truga 97 elevar får dette skuleåret undervisning i sørsamisk, og 81 i lulesamisk (det er fleire enn for ti år sidan)
1 Lyset over Vestfold 28 % av dei som bur i Vestfold, vil at VG og Dagbladet skal bruke meir nynorsk (i dag har 2 av 30 000 elevar i fylket nynorsk som opplæringsspråk)
Nynorskkommunane er grunnfjellet • Kvar fjerde kommune i landet bruker nynorsk • Åtte av ti nynorskelevar i grunnskulen bur der • Utan innvandrarane ville folketalet i nynorskkommunane gått ned det siste tiåret
Fleire nynorskaviser, men dei er små • Det kjem ut om lag 240 aviser • 68 av desse er redigerte på nynorsk eller begge målformer – det er 29 % av alle aviser • Det kjem ut fleire nynorskaviser på Austlandet no enn for hundre år sidan • Bokmålsavisene er store, nynorskavisene er små
Fleire bøker på nynorsk, men like få i % • Kvart år kjem det ut 500 bøker på nynorsk • For hundre år sidan kom det ut 25 nynorskbøker i året • Då som no utgjer nynorskbøkene 6 % av alle bøker frå norske forlag • 4 % av hovudbøkene i Bokklubben Nye Bøker har vore på nynorsk • 22 % av Brage-prisane har gått til nynorskforfattarar
Mindre nynorsk på Internett enn i bbøker og presse • Aldri før har så mykje tekst på nynorsk vore tilgjengeleg for så mange • Om lag 5 % av dokumenta på norskspråklege nettstader er på nynorsk • Nynorskavisene gjer like mykje av seg på Internett som på papir
Det blir færre nynorskelevar i grunnskulen • Den 27. januar 2010 har 81 147 elevar i grunnskulen nynorsk som opplæringsspråk • Desse bur i 168 kommunar i 16 fylke • I Trøndelag og Nord-Noreg har berre 109 elevar nynorsk som opplæringsspråk i dag • 8 av 10 nynorskelevar bur i nynorskkommunar
Det språkdelte Noreg blir akseptert av jamt fleire • I 1946 ville 15 % at både nynorsk og bokmål skulle vere skriftspråk i Noreg • I 2008 var 44 % usamde i at det er viktig for elevane å lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål (i Møre og Romsdal 25 %)
Perspektiv, 1-5 • Mangfald er ein måte å tenkje på • Historiske minoritetsspråk har krav på ein annan språkpolitikk enn dei nye minoritetsspråka • Grunntekstane til fleire religionar må gjerast tilgjengelege på både nynorsk og bokmål • Interessa for å bruke norsk er neppe mykje mindre i næringslivet enn i akademia • Lokale folkerøystingar gjer språk til ei sak for mange, men inneber også språkpolitikk etter utslagsmetoden
Perspektiv, 6-10 • Barnehagane er ein vel så viktig arena for språkutvikling som tv • Språkspørsmålet må reknast med kommunesamanslåingar • Eit fornya system for pressestøtte kan på enkelt vis gjerast språkpolitisk utan å utfordre det redaksjonelle sjølvstendet • Meir bokmål og nynorsk i digital form er den viktigaste strategien for å styrkje den språkdelte norske skriftkulturen • Tida for ideen om det eittspråklege Noreg er ute