100 likes | 205 Views
Kvalitet i opplæringa – om tilpassa opplæring (KIO). Høgskulen i Volda. Vitskapleg publisering. Ein artikkel i internasjonale tidsskrift med referee frå den kvantitative undersøkinga, ein artikkel frå kvart av temaområda og ein artikkel som presenterer heilskapen i prosjektet.
E N D
Kvalitet i opplæringa – om tilpassa opplæring (KIO) Høgskulen i Volda
Vitskapleg publisering • Ein artikkel i internasjonale tidsskrift med referee frå den kvantitative undersøkinga, ein artikkel frå kvart av temaområda og ein artikkel som presenterer heilskapen i prosjektet. • Alle forskarane skal vere medforfattar på minst ein artikkel i denne kategorien. • Artiklar i norske og nordiske vitskaplege samanhengar i tidsskrift, antologiar og bøker. • Kvar av deltakarane skal vere medforfattar på minst ein artikkel eller publikasjon innanfor denne kategorien.
Heimeside • Det er nettopp starta ei eiga heimeside for prosjektet: www.hivolda.no/kio
Tilbakemelding til alle skulane i prosjektet. • Skulane som er med i den første delen av prosjektet vil få ein eigen tilstandsrapport, der resultata frå skulen saman med hovudresultata blir lagde fram. • I del 2 vil skulane få munnleg tilbakemelding i form av kurs og seminar frå dei delprosjekta dei er med på.
Lærarutdanninga • Presentasjon og drøfting av resultata i to lærarutdanningar som vi samarbeider med (Høgskulen i Vestfold og Universitetet i Stavanger). • Drøftingane inkluderer både dei tilsette i lærarutdanninga og øvingsapparatet. • Planlagt til vår 2009.
Kunnskapsløftet • Høgskulen i Volda driv eit nokså aktivt arbeid innan Kunnskapsløftet. Det vil bli lagt opp til eit samarbeid med prosjektskulane i Kunnskapsløftet om resultatformidling og drøfting av konsekvensar av forskingsresultata. Dette vil bli gjort årleg. • Det er etablert eit samarbeid med eit av prosjekta i ”Program for skoleutvikling”.
Nordplus • Fagmiljøet er med i eit Nordplussnettverk innanfor inkluderande skule, med samarbeidspartar ved Universitet i København, Reykjavik, Göteborg og Stavanger. I mange samanhengar er inkludering og tilpassa opplæring nokså synonyme. Forskinga vi her omtalar er derfor svært interessant for dette nettverket, som vil få høve til å diskutere den inngåande.
Nettverk for tilpassa opplæring • Høgskulen i Volda har delt leiaransvar med Høgskulen i Hedmark når det gjeld Nasjonalt nettverk for tilpassa opplæring i Utdanningsdirektoratet. Det vil vere naturleg å ta opp og presentere både prosjektideane og resultata der.
Nettverk for skuleutvikling • Høgskulen i Volda er med i Nasjonalt nettverk for skuleutvikling i Utdanningsdirektoratet. Det vil vere naturleg å ta opp og presentere både prosjektideane og resultata der.