190 likes | 315 Views
Kvifor bryr ordføraren seg så sterkt om barnevernet?. KS-konferanse Bergen, 26. mai 2010. Fordi. Forskingsresultat viser at barnevernet i Norge kjem for seint inn og vedtaka er for svake. Alle Stortingsmeldingar o.l. krev tettare tverfagleg samspel i det offentlege.
E N D
Kvifor bryr ordføraren seg så sterkt om barnevernet? KS-konferanse Bergen, 26. mai 2010
Fordi • Forskingsresultat viser at barnevernet i Norge kjem for seint inn og vedtaka er for svake. • Alle Stortingsmeldingar o.l. krev tettare tverfagleg samspel i det offentlege. • Kva er eigentleg barns beste – og kven definerer det?
3 roller som folkevald • Ombod for folket. • Leiar for rådmannen – les direktøren. • Styreleiar for kommunen. • Barnevernet utfordrar i alle dimensjonane.
Kvifor engasjementet? • Eg har vore gjennom alle spørsmåls- og frustrasjonsstadium. • Først trudde eg veldig på at alt var vèl på sektoren i Radøy, - ny barne- og familieteneste. • Så kom det klager på barnevernet frå folk som har kome i tvangsvedtakssituasjon. • Korleis forheld ordføraren seg til dette? • 1 gong, men kva med 5, der alle signala går same vegen? • Rettstryggleiken – ombodsrolla,- skjer her justismord i Radøy?
Kvifor engasjementet? • Store budsjettoverskridingar – tar barnevernet styring – kva med resten av einingane, som då må kutta? Barnevernet svarte ikkje tilfredsstillande for seg i fellesmøte. • Kostratal sjokkerte. • Høyrde skrekkhistorie frå barneverntilsett i annan kommune: Eg har makt til å kjøre kommuneøkonomien i grøfta, og rådmannen treng ikkje koma her og koma her. ????????? • Kor er lojaliteten?
Kvifor engasjementet? • Spurde rådmannen og rådgjevar oppvekst, og fekk styrkt uro om at: • Barnevernet framstår for dei fleste utanforståande som ei lukka maktverd, som me alle fryktar å gå inn i, pga. barnevernet har definisjonsmakta, og unnlet dialog skjult bak teieplikta (eller?). • Bekymring for ressurssløsing i barnevernet – kameraderi?
Kontrollspørsmål? • Hadde ordføraren nok til å bli bekymra over no? • Kor mykje kjenner du til barnevernet i kommunen din? • Om det er stilt, er alt bra då?
Så begynte eg jobba… • Drøfta med rådmannen. • Brukte alle ”ordførarmøte” til å spørja om barnevernet. • Spurde lensmannen om Radøy vs resten av Nordhordland. • Las på nettet, barnevernlova, Bufetat. • Spurde meir. • Tok saka i styret i KS Hordaland. • ”Informasjonsmøte” for formannskapet med barnevernet i Radøy.
Kor er eg no? • Har full tillit til barnevernet mitt. Har fått forklart både Kostratal, ryddejobben, faglege standardar dei arbeider etter, måla dei set seg. (har dessverre ein ryddekostnad enno) • Er svært systemkritisk til organiseringa i barnevernet. • Svært kritisk til Bufetat, men ikkje Bufetattilsette. • Meiner at barnevernet må bli opnare, og må marknadsføra tryggheit for at ein er eit trygt, rettssikkert rådgjevings/hjelpeapparat med vekt på tidleg intervensjon. ( og ikkje at ein tek ungane frå deg!) • Meiner at barnevernet må bli betre på forvaltningsprinsippa. • Etterlyser Helseforetaka i barnevernet.
Bufetat • Skulle vera eit rettleiingsorgan for kommunale barnevernet. • Har est kraftig, og det er no ca 900 feliere sakshandsamarar i Bufetat enn i kommunale barnevernet. • Unisont frå kommunalt barneverntilsette eg har møtt at Bufetat har gått frå rådgjevarrolla til å ta definisjonsmakta. • I tillegg ikkje tryggheit mellom Bufetat og komm. Barnevernet. • Konklusjon: Staten tek definisjonsmakta og stolar ikkje på kommunane. Når kommunane mæler imot vert svaret kommunesamanslåing.
Opnare barnevern som grip tidlegare inn • Omdømmebygging på vegne av barnevernet, der den vanlege oppfatninga må bli eit rettleiande førebyggjande organ, som gjer tiltak i småbarnsalderen. • = samhandlingsreform i barnevernet. • Med 100% barnehagedekning og pliktig skulegang, så ser me symptoma på helsestasjon, barnehage og barneskule, men får få meldingar til BV frå desse. • Meldingane og tiltaka kjem i ungdomsskulen, - det er for seint, tiltaka virkar ikkje og er kostbare. I tillegg er det ofte tvangsvedtak med dei familiære ulempene det medfører.
Marknadsføringsjobb i vente • Avtabufisèr barnevernet. Meld tilbake, marknadsfør barnevernet i barnehage og skule, så dei tør melda frå. • Barnevernet må i større grad melda tilbake. • God, open dialog i leiargruppene, og rådmannen er sjefen. • Ingen har blitt dømt pga. brot på teieplikta. • Dyktige barnevernstilsette gøymer seg ikkje bak teieplikta, men søkjer samtykke til å oppheva den når det trengst. • Det ventar ein stor infojobb for å skapa tryggheit for at barnevernet er ei familiestøtte basert på forsking. • Tvangsvedtaka er unntaka, men det er ikkje det folk trur…
Fokus må endrast. • Me veit at tiltak mot ungdom er for seine,- kostbare og virkar ”ikkje”. • Me veit at tidleg intervensjon virkar. Kjem me for seint inn, så bryt me barnekonvensjonen!
Lensmann Vatnes bibelvers (fritt sitert) • Ungdommens tre søyler Heim skule vener • Kasustilboda Barnevern fengsel ungdomsheim Kriminalitet politi rus ran ymse kriminalitet
Reknestykka. • Når me sviktar og kjem inn for seint, eller den klassiske nye norske modellen • 1 standard narkoman: Snitt levealder 44 år, prislapp 20 millionar kroner i tiltak. + fortvilinga + skadar hjå andre + øydelagde familiar ++++++ • Ved tidleg intervensjon. • Ein småbarnsfamilie som får hjelp og alle vert gagns menneske og får ta ut potensialet livet gjev i verdas beste land å bu i. • Prislapp? Maks 0,5 årsverk av barnevernet over 2 – 3 år samla?
Eit godt barnevern er samfunnets beste investering • Eg vil barna og familiane sitt beste innan det kommunen har ansvar for. • Eg vil alle barneverntilsette alt vel, og eg stolar på deira kompetanse. • Sett frå rådhuset, som folkeombod, leiar og ordførar er eg langt frå overtydd om at det samla samarbeidet og den samla ressursbruken i barnevernet er rett og god nok. • Eg meiner at folket og landet får meir velferd ved å flytta ressursinnsatsen frå Bufetat og til kommunane. Kommunane gjev meir att for kvar krone enn staten klarar. Kommunalt branevern bør doblast. Lokalt eller interkommunalt mindre viktig,- Gje kommunane ressursar og set krav og hald tilsyn. • Eg vil ha ei samhandlingsreform i barnevernet, der vekta er på tidleg innsats, med tiltak i heim, slik at me unngår tvangsvedtak. • Sektoren må opnast og avtabuifiserast. Det er lov å ha problem, det er lov å få hjelp. Lær av somatikken. • Barnevernet vert dessverre ein vekstsektor. • Eg gledar meg til å få mange svar seinare i dag!