180 likes | 315 Views
Høgskulen og Sogn regionråd i nasjonalt prosjekt om kvalitetsutvikling Utvikling av barnehagen som lærande organisasjon og arena for kompetanseheving for tilsette og studentar. Samarbeid på fylkesnivå.
E N D
Høgskulen og Sogn regionråd i nasjonalt prosjekt om kvalitetsutvikling Utvikling av barnehagen som lærande organisasjon og arena for kompetanseheving for tilsette og studentar
Samarbeid på fylkesnivå Høgskulen i Sogn og Fjordane har ein lang tradisjon med samarbeid med barnehagane, eigarane og leiinga i barnehagane • Forum for barnehage- og skuleutvikling. Dette er eit formalisert samarbeid mellom dei skule- og barnehagefagleg ansvarlege i dei fire regionane i fylket, fylkeskommunen, representantar frå rådmannsutvalet, Utdanningsforbundet, Skoleleiarforbundet, KS og Høgskulen i Sogn og Fjordane. • Høgskulen har drøfta pilotsøknaden med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, KS, Utdanningsforbundet og Fagforbundet. Alle partane ser nytten av eit slikt prosjekt og vil vere både støttespelarar og pådrivarar. Høgskulen har og fått over sendt kommunane/regionane sine søknader om kompetansemidlar frå fylkesmannen. Desse dannar eit godt grunnlag når vi skal gå inn i samarbeidet i kommunane/regionane.
Fagleg tilnærming til barnehagen som lærande organisasjon. Den tradisjonelle ”kvalitetsmodellen”struktur-, prosess,- og resultatkvalitet
Leiestjerna for lærande organisasjonar Den raude sirkelen indikerer hovudsatsingsområde for å byggje barnehagane som lærande organisasjonar.
Springbrett for fagleg utvikling Mål med satsinga. Synleggjere barnehagen som organisasjon og læringsarena: • Møtearena me har i dag: • Styrarnettverket; styrarar • Fagnettverk; pedagogisk utdanna personalet deltek på med engasjerte fagarbeidarar og assistentar. • Barnehagestemnet; årleg motiveringsarena i indre Sogn
Konkrete kompetansesatsingar 2013-2015 Sogn I samarbeid med regionleiar Kari Rønnestad, kommunalsjef i Balestrand kommune, og programleiar Claus Røynesdal i Sogn regionsråd. Nært samarbeid og samvirke mellom fagnettverka i regionen og fagtilsette og studentar på høgskulen.Fagtilsette i dei nye kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga og barnehagelærarstudentane skal bli kopla direkte mot fagnettverka og delta på dei lokale fagsamlingane. Styrarnettverk: Tilsette ved høgskulen skal delta aktivt i styrarnettverket; 3 - 4 årlege samlingar med fokus på fag og kvalitetsutvikling.
Konkrete kompetansesatsingar 2013-2015 Sogn - framhald Barnehagestemne. Høgskulen er fast deltakar og medarrangør av Barnehagestemna - ei årleg samling for alle dei 420 barnehagetilsette i regionen. Her vert lokale og nasjonale satsingar, føringar og utviklingsperspektiv teke opp. «System for styrka læring»: Høgskulen arbeidar mot å utvikle eit nært samarbeid med dei åtte kommunane i indre Sogn gjennom ”System for styrka læring”; eit permanent utviklingsprogram for skule- og barnehageutvikling i Sogn. Kommunane betalar av eigne midlar ein 100 prosent stilling som ”utviklingsagent”. For høgskulen er dette ein nøkkelstilling når det gjeld dette prosjektet. Vi ser mange mulegheiter for samarbeid, også når det gjeld samarbeid med dei eksterne samarbeidspartnarar i programstyret for indre Sogn som Statped Vest, i tillegg til NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane.
Springbrett for fagleg utvikling • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, kompass, arbeidsplassert barnehagelærarutdanning. Vi vil motivere og synleggjere dei skritta kommunane og arbeidsgjevar kan leggje til rette for, slik at assistentane kan byrje eit løp fram mot fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Vi skal og bruke barnehagestemnet til å samle alle fagarbeidarane til eigne motivasjonsøktar, i von om å få fleire til å ta utdanningar som «kompass»og kanskje nokre blir motiverte til å byrje påarbeidsplass-basert barnehagelærarutdanning. • Saman med regionrådet som representant for eigarane, har vi no fleire møteplassar og fora som vi vil bruke aktivt til kvalitetsutvikling av sektoren.
«Alle skal med» • Pedagogar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar. Kriteriet for å bli med i eit nettverk er at du er aktivt interessert i fagfeltet, uavhengig fagleg bakgrunn. • Fagtilsette og studentane på høgskulen. Den koplinga vi planlegg å gjere, er at vi fordelar studentane og dei fagtilsette på barnehagelærarutdanninga på dei respektive nettverka. Då blir 3 – 5 studentar med på kvart nettverk i regionen, slik at dei deltek på nettverkssamlingane saman med lærarane i det aktuelle kunnskapsområdet • For studentane vil deltaking i fagnettverk bidra til å konkretisere både fagleg innhald, men også arbeidsmetodikk for å bli ein lærande organisasjon. Nettverka vil også føre studentane inn i spanande nettverk av dyktige, engasjerte og erfarne fagarbeidarar frå barnehagane.
Studentar i fagnettverk 1.klasse barnehagelærar: Ca 16 studentar i nettverk slik: • NHR – natur, helse og rørsle: Natur, miljø og teknikk og Kropp, rørsle og helse • STM - språk, tekst og matematikk; Kommunikasjon, språk og tekst, tal, rom og form. 2. klasse barnehagelærar – ca 16 studentar slik: • KKK – kunst, kultur og kreativitet: • SRLE - etikk, religion og filosofi, nærmiljø og samfunn. • Studentar med i styrarnettverket
Dei høgskuletilsette skal bruke barnehagane som undervisningsarena • Studentane får arbeidskrav relatert til det faglege som skjer i nettverka, som skal gjennomførast i barnehagane, og der dei høgskuletilsette følgjer studentane i gjennomføringa ute i barnehagen. På denne måten legg vi opp til at dei høgskuletilsette og studentane bidreg aktivt til læringa i barnehagane, som tillegg til dei aktive bidraga i sjølve nettverka. • Dei høgskuletilsette kan gjennomføre kursopplegg og/eller utviklingsarbeid i barnehagen knytt til kunnskapsområde/fagområde som barnehagen arbeider med. • Høgskulen nyttar barnehagetilsette i undervising i høve ulike fagområde • Kjennskap og erfaringar om praksisfeltet og høgskulen kan påverke arbeidsmåtar på begge arenaer.
Høgskuletilsette i fagnettverk • Deltakarar på lik linje med dei andre deltakarane. • Logg • Heimeside – høgskuletilsette kan legge inn fagstoff.
Høgskulepraksisbarnehage. Kriterum: • Utviklingsorienterte barnehagar • Praksislærarar må ha 30 studiepoeng rettleiing • Barnehagen må delta i høgskulen sine FOU-prosjekt og vere aktive utviklarar i høve til praksis-organisering og innhald for studentane ved høgskulen. • Høgskulepraksisbarnehagane skal spegle fylket sitt mangfald når det gjeld ulike barnehagar og det er eit mål å ha høgskulebarnehagar i fleire av regionane. • Vi vil kople saman kompetansehevinga av praksislærarane og kompetanseheving for rettleiarar for nyutdanna.
Konkrete kompetansesatsingar 2013-2015 Nordfjord: I samarbeid med regionen, ved regionleiar Arne Berge, skulesjef i Stryn, og kommunalsjef Harald Sivertsen i Nordfjordeid, vertskommune for rettleiingsutdanninga. Rettleiing for pedagogiske leiarar og barnehagestyrarar. Studiestad Nordfjordeid Styrarane har ei nøkkelrolle i all kompetanseheving i kommunane og vi vil leggje opp til obligatoriske arbeidskrav i utdanninga der dei skal opprette rettleiingsgrupper på eigen arbeidsplass/eventuelt i eigen kommune. Dei får eit hovudansvar for å leggje til rette for at alle assistentane i KOMPASS har ein rettleiar på arbeidsplassen. .
Konkrete kompetansesatsingar 2013-2015 Nordfjord: framhald KOMPASS – 15 studiepoeng – Dette startar opp på Sandane i Gloppen kommune. Vi skal inkludere KOMPASS i prosjektet ved at me koplar rettleiarutdanninga på Nordfjordeid, styrarutdanninga på Sandane og rettleiarordning for Kompass-studentane. Høgskulen vil gje rettleiarane opplæring og ta dei aktivt med i utvikling av arbeidskrava i KOMPASS-studiet Fagbrev for assistentar. I prosjektet ligg ei satsing på å få fleire vaksne assistentar til å ta fagbrev. Utvikling av rettleiing for nytilsette på barnehagesektoren i kommunane i Nordfjord. Vi skal vidareutvikle rettleiingsordninga og vere støtte for dei kommunane som manglar gode planar og som treng kompetanseheving på dette område.
Konkrete kompetansesatsingar 2013-2015 Sunnfjord og HAFS : I samarbeid med regionleiar i Sunnfjord Helge Sæterdal, og regionleiar HAFS Gunnlaug OlsvollRøed og prosjektleiar Åsmund Berthelsen i HAFS-regionen. Barnehagelærarutdanning, deltid; Minimum 12 av desse vert ei ABLU-gruppe som følgjer deltidsklassen, men som har eit eige tilpassa ABLU-opplegg. Vi vil som del av dette pilotprosjektet fornye og vidareutvikle partnarskapsavtalen med kommunane Flora og Førde og inngå ny avtale med dei andre aktuelle Sunnfjordkommunane. Her ynskjer vi å utvikle ei eiga rettleiingsordning for ABLU-studentane og samstundes drøfte korleis HiSFkan gje støtte inn mot den enkelte arbeidsplass. Leiing i framtidas barnehage. 35 barnehagestyrarar har no i juni 2013 gjennomført 30 studiepoeng. Styrarutdanning. For høgskulen og kommunane i Sunnfjord og HAFS er det her ein utruleg viktig kompetanse som vi skal nytte for å heve kompetansen for dei tilsette i alle desse barnehagane. .
Konkrete kompetansesatsingar 2013-2015 Sunnfjord og HAFS : Kompass tilbod tilpassa behova i HAFS og Sunnfjord:Assistentane ynskjer å få meir kunnskap og kompetanse knytt til barn med spesielle behov, med særskilt fokus på spesialpedagogikk og det fleirkulturelle. Oppstart av denne Kompass-utdanninga er tenkt hausten 2014 Styrarnettverk: Dei to største kommunane i regionen, vil utvikle styrarnettverka i kommunane sine. Høgskulen vil bidra med rettleiingskompetanse. Fagbrev for assistentar: I prosjektet ligg ei satsing på å få fleire vaksne assistentar til å ta fagbrev.