1 / 15

Kapittel 7: Imperium og koloniar

NYNORSK. Kapittel 7: Imperium og koloniar. Elevane skal kunne – presentere sentrale trekk ved kolonialismen og situasjonen i eit ikkje-europeisk område på 1800-talet, sett frå ulike perspektiv

alder
Download Presentation

Kapittel 7: Imperium og koloniar

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. NYNORSK Kapittel 7: Imperium og koloniar Elevane skal kunne – presentere sentrale trekk ved kolonialismen og situasjonen i eit ikkje-europeisk område på 1800-talet, sett frå ulike perspektiv – gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet

  2. Ein tidsalder med imperialisme - I 1870-åra innleidde europeiske statar ein intens konkurranse for å skaffe seg koloniar i Afrika, Indokina, Kina og ein del øyar i Stillehavet. - På eit par tiår blei ein firedel av landmassane på kloden erobra av europeiske imperialistar.

  3. Gamle og mye kolonimakter - Dei gamle kolonimaktene Storbritannia og Frankrike gjekk fremst i klappjakta på koloniar, men fekk følgje av andre statar som Tyskland, Italia og Belgia.

  4. Ny eller tradisjonell imperialisme? Tradisjon: Imperiebygging eller imperialisme vil seie at statar og herskarar skaffar seg herredømme og kontroll over andre statar. Å utvide makta si på kostnad av andre har vore eit hovudinnslag i historia til statane.

  5. Ny eller tradisjonell imperialisme? Nytt: - Det høge tempoet i kolonierobringa. - Rivaliseringa mellom kolonimaktene arta seg som eit kappløp. - Erobrarane hadde eit begeistra heimepublikum i ryggen.

  6. Føresetnader og årsaker - Den industrielle revolusjonen. Ny våpenteknologi. - Nye kommunikasjonsmiddel. - Medisinske nyvinningar.

  7. Motiv og årsaker - Sosialdarwinismen. - Misjon og sivilisering. - Raselære. - Jakt på råvarer og marknader. - Stormaktsambisjonar. - Konflikt mellom dei europeiske stormaktene.

  8. Kappløpet om Afrika Heile det afrikanske kontinentet blei delt opp i koloniterritorium. Unntak: Liberia og Etiopia.

  9. Kappløpet om Afrika - Britane la planar om å etablere eit samanhengande rike frå Kapp i sør til Kairo i nord. - Frankrike ville etablere eit imperium i aust–vest-retning langs tverrlinja Senegal–Djibouti. - Tyskland erobra Tanganyika, Sørvest-Afrika, Kamerun og Togoland i åra 1883–1885. - Kong Leopold 2. av Belgia erobra Kongo og innførte eit terrorregime. - Berlinkonferansen i Berlin 1884 drog opp reglar for erobringar i Afrika.

  10. Afrikansk motstand - Engelskmennene i Nigeria og Kenya og tyskarane i Togo og Kamerun førte kolonikrig langt inn på 1900-talet. - Samori Ture, leiaren for mandefolket, kjempa mot franske hærstyrkar i 16 år. - Maji-Maji-opprøret i 1905–1907 kosta 75 000 afrikanarar livet. - I 1879 nedkjempa zuluhæren den britiske invasjonsstyrken.

  11. Kolonistyre og statsbygging - Kolonistyre dreia seg om å sikre administrativ kontroll over eit område og om å byggje statar. - I Afrika samla europearane ulike folkegrupper i nye politiske einingar som seinare blei uavhengige statar. - Handelskoloni: Store europeiske handelsselskap dominerte. - Settlarkoloni: Europearane var ute etter jord, kom i tusental og slo seg ned. - Protektorat: Lokale herskarar fekk behalde suvereniteten, men stod under såkalla vern av kolonimakta.

  12. Asia, Latin-Amerika og Stillehavet - Frankrike okkuperte Vietnam, Kambodsja og Laos. - Storbritannia utvida landområdet sitt i Malaya og erobra Burma. - Russland ekspanderte mot Svartehavet og Det osmanske riket, sørover mot Kaukasus og Turkestan og austover mot Mandsjuria. I Latin-Amerika begynte USA med innblandingspolitikk i 1870- åra.

  13. USA: Frigjerar eller erobrar? - USA var i prinsippet ein anti-imperialistisk stat. - Områda til indianarfolka blei tekne med makt. - Dei sørvestlege statane blei erobra frå Mexico. - I 1895 tok USA Panama som protektorat. - I 1898 tok USA Puerto Rico, gjorde Cuba til protektorat og oppretta eit kolonistyre på Filippinane.

  14. Kina: Eit keisarrike i forfall - I 1850-åra: Fransk-britiske troppar trengde inn i Beijing. - Kolonimaktene tvinga kinesarane til å opne fleire hamnebyar som traktathamner. - På slutten av 1800-talet blei store delar av Kina delte i interessesfærar, men utan å bli hakka opp i koloniar. - USA pressa igjennom ein «open dør-politikk», det vil seie at alle makter skulle ha same handelsrettar i Kina. - Kinesarane gjorde opprør mot utbyttinga og umyndiggjeringa i 1899–1900, men opprøret blei slått ned av stormaktene i fellesskap.

  15. Konsekvensar av kolonikappløpet - Europa og Vesten utvida makta og innverknaden i den sørlege halvdelen av kloden. - Lidingar, personlege krenkingar og nedvurdering av lokal kultur. - Europearane provoserte fram motstand og utløyste krefter som på 1900-tallet medverka til å øydeleggje det Europa-dominerte verdssystemet. - Imperialismen utgjorde opptakta til globaliseringa i vår tid.

More Related