150 likes | 374 Views
NYNORSK. Kapittel 8: Det moderne Noreg blir til. Elevane skal kunne - gjere greie for hovudtrekk ved den industrielle revolusjonen og undersøkje kva han fekk å seie for næringsutvikling og sosiale forhold i det norske samfunnet
E N D
NYNORSK Kapittel 8: Det moderne Noreg blir til Elevane skal kunne - gjere greie for hovudtrekk ved den industrielle revolusjonen og undersøkje kva han fekk å seie for næringsutvikling og sosiale forhold i det norske samfunnet - gjere greie for den politikken den norske nasjonalstaten førte overfor urfolk, nasjonale og etniske minoritetar på 1800- og 1900-talet og diskutere nokre konsekvensar av denne politikken - gjere greie for korleis arbeidsliv og arbeidsdeling mellom kjønna har endra seg i Noreg frå 1800-talet til i dag
Hovudtrekk - Kraftig folkeauke etter 1750. - Samfunnet meir i rørsle enn før. - Mange unge menneske som trong mat og arbeid. - Industriverksemd i byane. - Utvandring til Nord-Amerika. - Modernisering av samfunnet.
Befolkningsutviklinga - Svært rask befolkningsvekst i Noreg 1750–1850. - Høge fødselstal, men også høge dødstal for barn. - Gjennomsnittleg levealder på 35 år. - Fleire av barna overlevde på 1800–talet enn tidlegare. - Meir effektiv kamp mot sjukdommar som kolera, lepra og tuberkulose førte til betre folkehelse. - Etter kvart gjekk talet på barn per familie ned.
På flyttefot - Vanskelege tider i 1840– og 1860–åra. - Stadig fleire blei jordlause husmenn og tenestefolk. - Ei løysing var å flytte til byane.
Nye levebrød i industrien - Utbygging av infrastruktur: Gater, vassanlegg, kloakk. - Behov for skolar, sjukehus og fattigheimar. - Markert klasseskilje i byane. - Fattig og rik budde i ulike bydelar.
Utvandring til Nord-Amerika - Kanskje så mykje som 1 million nordmenn utvandra til Nord- Amerika. - Trass i masseutvandringa heldt folketalet fram med å auke. - Berre Irland hadde høgare prosentvis utvandring enn Noreg. - Ikkje dei fattigaste som reiste, men folk som ønskte eit betre liv.
Utvandring til Nord-Amerika - Push- og pull-faktorar. - Uår og epidemiar i 1860-åra. - Homestead-lova gav billeg jord til innvandrarane. - Dei som blei igjen i Noreg, fekk betre vilkår. - Færre husmenn og tenestefolk.
Flytting innanfor Noreg - Moderniseringa av jordbruket. - Jordbruket i Noreg var prega av at folk var mangesyslarar. - Sesongbestemte tilleggsnæringar, som fiske eller skogsarbeid. - Folkeauken førte til meir intensiv utnytting av ressursane. - Framleis mest sjølvforsyningsjordbruk.
Det store hamskiftet - Teigblanding, det vil seie at jordstykka var delte mellom ulike brukarar, var eit hinder for moderniseringa. - Stortinget vedtok i 1857 lov om utskifting av jorda. - Større råderett over eiga jord. - Import av billeg korn frå utlandet.
Det store hamskiftet - Bøndene begynte å produsere for ein marknad. - Spesialisering på husdyrhald. - Nye korntypar og husdyrrasar. - Mekanisering og betre dyrkingsmetodar.
Næringsutvikling - Fleire fann arbeid utanfor jordbruket. - Tradisjonelle næringar dominerte. - Industrivekst, særleg etter 1890. - Økonomisk liberalisme. - Frihandel førte med seg auka vekst. - Avskaffing av reguleringar. - Noreg blei ein del av verdsmarknaden.
Fiskeria - Nest største næring etter jordbruket. - Fiskarbønder. - Lokale handelsmenn åtte produksjonsmidla i nord. - Krise frå 1875. - Modernisering av fangstmetodar. - Statleg regulering av verksemda.
Seglskutetida - Høgdepunkt 1850–1875. - Betre seglskip og billeg arbeidskraft. - Noreg var tredje største sjøfartsnasjon i verda. - Få dampskip. - Gammal teknologi var lønnsam. - Dårlege forhold førte til at sjømenn rømde. - Krise i 1875 førte til omstrukturering av næringa.
Industrialisering 1850–1875 - Vasskraft viktigare enn dampkraft. - Akerselva i Kristiania. - Import av teknologi frå England. - Ny form for disiplin. - Produksjon for heimemarknaden. - Sagbruk, mekaniske verkstader, møller, spinneri, teglverk.
Andre fase av industrialiseringa - Utviklinga skaut fart på slutten av 1800-talet, særleg etter 1905. - Ny vasskraftteknologi. - Smelteverk (Rjukan, Odda). - Eksportretta industri. - Frykt for utanlandsk kontroll over vasskraft. - Konsesjonslover. - Industriarbeidarane begynte å organisere seg.