200 likes | 358 Views
NYNORSK. Kapittel 16: Kriser og klassekamp i Noreg. Elevane skal kunne – vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
E N D
NYNORSK Kapittel 16: Kriser og klassekamp i Noreg Elevane skal kunne – vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet – gjere greie for korleis arbeidsliv og arbeidsdeling mellom kjønna har endra seg i Noreg frå 1800-talet og fram til i dag
Kriser og klassekamp – Klassekampen som utvikla seg under den første verdskrigen, var på det sterkaste i åra 1915–1935 og toppa seg rundt 1920. – Kamp mellom dei gruppene som hadde interessene sine særleg knytte til jord arbeid kapital – Interessekampen skapte også konfliktar mellom by og land. - Konfliktane blei forsterka av fleire økonomiske kriser som følgde etter kvarandre.
Tre klasser og tre kriser – Åra mellom 1920 og 1935 var ei lang krisetid med rekordstor arbeidsløyse, store sosiale problem og fallande prisar. – Prisane i 1935 var berre halvparten av det dei var i 1920. – Mellomkrigstida bestod av tre åtskilde kriseperiodar, frå 1920, 1925 og 1930.
Tre klasser og tre kriser – Kvar krise hadde ulike årsaker og råka ulike grupper. – For dei gruppene som ikkje sjølve blei råka av krisene, var mellomkrigstida paradoksalt nok ein vekstperiode som førte med seg høgare levestandard og meir fritid.
Tre kriser - Etterkrigskrisa 1920–1922. – Internasjonal krise. – Gjekk særleg utover by- og industrisamfunnet og dernest forretningsbankane. – Skapte stor arbeidsløyse.
Tre kriser – Parikrisa 1925–1927. – Sentralbanken prøvde å bringe den norske kronekursen tilbake til pari, det vil seie opp til den gamle gullstandarden. – Reduserte konkurranseevna til norsk næringsliv. – Særnorsk krise. – Gjekk særleg utover småbrukarar og bondefamiliar og alle som hadde gjeld.
Tre kriser - Trettitalskrisa 1929–1935. – Internasjonal krise utløyst av børskrakket i USA i 1929. – Gjekk særleg utover eksportnæringane og skapte stor arbeidsløyse. – Antiliberalistiske krisetiltak for bønder og småbrukarar.
Tre kriser – Bondepartiet og Arbeidarpartiet gjekk saman om å få vedteke fleire ordningar som letta gjeldsproblema. – Frå 1934 fekk folk rett til gjeldsoppgjer med kreditorane etter ordningar dei kunne klare. – Arbeidarpartiet og Bondepartiet var einige om at jord ikkje måtte bli ei vanleg salsvare.
Kriseforliket – Politisk samarbeid som Arbeidarpartiet og Bondepartiet inngjekk våren 1935 for å motverke krisa. – For å stoppe prisfallet på jordbruksprodukt måtte bøndene fjerne priskonkurransen seg imellom. – Omsetnadslova i 1930 gav derfor alle jordbrukarar pålegg om å levere varene sine til faste sentralar til ein felles pris.
Tre klasser i kamp – Klasseskilnader og klassemotsetnader var ikkje noko nytt i Noreg, men sette eit særleg preg på mellomkrigstida. – Krisetidene gjorde konfliktane mellom samfunnsgrupper tydelegare enn før. – Auka klassemedvit.
Tre klasser i kamp – Organisasjonane og partia samanfatta det folk drøymde om og engsta seg for, i form av politiske krav og kampsaker. – Utforma også tydelege ideologiar. – Klassekampen og dei ideologiske motsetnadene auka under krisene. – Dei ulike samfunnsgruppene som var i tydeleg konflikt med kvarandre i mellomkrigstida, hadde identiteten og interessene sine knytte anten til jord, til arbeid eller til kapital.
Tre klasser i kamp – Bondepartiet og jordbruksorganisasjonane målbar interessene til jordbrukarane politisk. – Arbeidarrørsla, med Arbeidarpartiet og LO i spissen, kjempa for interessene til lønnsarbeidarane.
Tre klasser i kamp – Kapitalinteressene blei forsvarte av Høgre, økonomiske liberalistar i Venstre og av dei fleste av organisasjonane i næringslivet, som bankvesen og handel. – Venstre stod i ei mellomstilling. Partiet samla både bedriftseigarar, bønder, fiskarar, arbeidarar og offentlege funksjonærar. – Kampen mellom partia på Stortinget var ei forlenging av interessemotsetnader i samfunnet utanfor.
Kriseforlik mot marknadskrefter – Krisetidene hadde skapt eit langvarig press på småkårsfolk utover bygdene. – Krisa pressa fram kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935.
Kriseforliket – Kriseforliket var eit resultat av nytenking: Utover i 1930-åra innsåg mange småbondefamiliar at det som truga velferda deira, ikkje kom frå arbeidarane og frå sosialistiske tankar, men frå den økonomiske liberalismen og dei frie marknadskreftene, og at problema til bøndene og arbeidarane hadde same årsak.
Kriseforliket – Arbeidarpartiet hadde slagordet «Hele folket i arbeid!» – Bondepartiet hadde slagordet «Bygdefolkets kjøpekraft setter folket i arbeid!» – For at ein slik politikk skulle kunne gjennomførast, måtte kapitalen regulerast og den økonomiske liberalismen motarbeidast.
Krisetiltaka skapte optimisme - Det var dei store gruppene som krisene hadde gått utover, som regjeringa ville hjelpe med tiltaka sine. – Dei arbeidslause og familiane deira fekk hjelp gjennom fleire tiltak som vegarbeid og brubygging og auka daglønn. – Bondefamiliane fekk hjelp gjennom jordbruksreguleringar. – Fiskarfamiliar fekk hjelp gjennom reguleringar av fiskeomsetnaden og gjennom støtte til kjøp og modernisering av båtar.
Krisetiltaka skapte optimisme – Mange som budde under elendige forhold, fekk tilskot til å setje i stand bustadhus. – Gamle som ikkje hadde inntekt, fekk ei behovsprøvd alderstrygd. – Kommunane som var hardast råka av krisene, fekk ekstra tilskot, slik at dei kunne hjelpe innbyggjarane sine. Hovudavtalen i arbeidslivet dempa arbeidskonfliktane.
Hovudavtalen mellom NAF og LO – I 1936 inngjekk LO, etter påtrykk frå Arbeidarpartiet, ein hovudavtale med NAF om prinsippa i arbeidslivet, som skapte arbeidsro der. – Hovudavtalen, som blei svært viktig i mange tiår framover, innebar eit sterkt brot med dei mange arbeidskonfliktane i tiåra før.
Fritid og populærkultur – Meir fritid førte til utfalding av populærkulturen, nye idear blei henta utanfrå. – Klassemotsetnader viste seg i fritidslivet. – Ulike klasser tok del i ulike organiserte aktivitetar, idrettslag osv. – Framvekst av eit moderne forbrukssamfunn (bilar, radio, grammofon).