40 likes | 242 Views
NYNORSK. Kapittel 1: Den industrielle revolusjonen. Elevane skal kunne – gjere greie for hovudtrekk ved den industrielle revolusjonen. Kva er skilnaden mellom førindustrielle samfunn og industrisamfunn?. Førindustrielle samfunn: – Arbeid blei i all hovudsak utført av musklane til
E N D
NYNORSK Kapittel 1: Den industrielle revolusjonen Elevane skal kunne – gjere greie for hovudtrekk ved den industrielle revolusjonen
Kva er skilnaden mellom førindustrielle samfunn og industrisamfunn? • Førindustrielle samfunn: – Arbeid blei i all hovudsak utført av musklane til menneske og dyr – Også seglskip, vindmøller, sager, vasshjul og omnar blei brukte – Bruk av fornybare energikjelder (vatn, vind)
Kva er skilnaden mellom førindustrielle samfunn og industrisamfunn? • Industrisamfunn: – Det meste av arbeidet utført av maskinar – Bruk av ikkje-fornybare energikjelder (kol, olje, naturgass)
Kvifor begynte den industrielle revolusjonen i Storbritannia? • Tilgang på kol og jern • Større avlingar i jordbruket – avlingsrotasjon – jorda kunne drivast kontinuerleg – nye vekstsortar – betre reiskapar, for eksempel plogen – målretta dyreavl • Kapitalismen stod sterkt • Samfunnet ope for initiativrike innvandrarar • Open haldning til nye idear og oppfinningar • Svake handverkarlaug: meir open haldning til forbetringar av produksjonsmetodar