90 likes | 283 Views
Foreldremøte 1.oktober Kl 18- 20. Agenda:. Kl. 18- 19 felles i aulaen -Diverse info - Ståstedsanalysen -Tiltaksplan for G aupne barnehage 2013-2014 Spørsmål… Kl. 19- 19.50 Avdelingsvis Val av Fau 19.50 Fau samlast i aulaen- val av SU. Info.
E N D
Foreldremøte 1.oktober Kl 18- 20 Agenda: Kl. 18- 19 felles i aulaen -Diverse info -Ståstedsanalysen -Tiltaksplan for Gaupne barnehage 2013-2014 • Spørsmål… Kl. 19- 19.50 Avdelingsvis Val av Fau 19.50 Fau samlast i aulaen- val av SU
Info • Me ynskjer alle plakatar utanfor barnehagen- det er tavle på utsida. • Me kjem ikkje til å prioritera badingi år. • Det vil ikkje bli overnatting for førskulebarna. • Køyremønster utanfor barnehagen, køyr øyagata til endes, opp Gardavegen, nedigjen Rockegata. Dette pga parkeringa utanfor barnehagen. Me vil og oppfordre alle om å senke farten utanfor barnehagen, nokon køyrer veldig fort. Styrar har vore i kontakt med kommunen for å få skilt utanfor men dei svarar: «Skiltet barn leikar er ikkje eit offentleg skilt, men eit privat skilt, og skal dermed ikkje stå på offentleg veg. Me har likevel gitt velforeiningar lov til å setje opp slike skilt, men dei får ikkje hengja dei på andre skiltstolpar eller rekkverk.» • Det er kome nye portar ute p.g.a sikkerheit. Me vil stenge av ved ulike prosjekt og når me har lite personal ute for å få betre oversikt. • Me ynskjer at barna skal hjelpe til med og rydde før dei går heim. • Me er i gang med og legge meir og meir ut på heimesida vår, informasjon skal ligge der. Ståstedsanalyse Tiltaksplan
Bakgrunn for tiltaksplan Alle einingar i kommunen skal utarbeida dette.Den skal vare i to barnehageår • Brukarundersøkinga, våren 2012 • Medarbeidarundersøking, våren 2012 • Medarbeidersamtalar, våren 2012 • Ståstedsanalyse, våren 2013 I tillegg har me kommunebarometer ein kan lese om ein er interessert. Dette er utgangspunktet for at me laga oss tiltaksplan. Me satte opp to punkt me ynskjer jobbe vidare med. Når det gjeld språkstimulering er dette eitt punkt me har bestemt at alle einingar i kommunen skal ha ekstra fokus på.
Kompetanseutvikling: Nettverk regionalt. Gaupne barnehage deltek på 4 fagnettverk: Kommunikasjon, språk og tekst – Svanhild Kropp, rørsle og helse- Kari Etikk, religion og filosofi- Liv Anny Tal, rom og form- Anne Margrete I tillegg vil det bli nettverk innan kommunen. Me samarbeida og med skulen og får delta i deira nettverk. (norsk og matte) Dette for å sikre betre overgangen barnehage- skule. Assistentkurs Fylkesmannen har fått ekstra midlar til gjennomføring av kurs for assistentar, dette er retta mot barnehage – datoane er satt til 12.-13.september og 7.november. Opplegga her skal styrast av fylkesmannen. I tillegg skal det vere to dagar i 2014. Dei to siste dagane skal organiserast av kommunen. Gaupne barnehage har pr i dag 4 assistentar med på dette. Me håpar dette blir noko fylkesmann satsa på framover slik at me får delta med like mange neste år. Nav arbeidslivssenter Leiargruppa skal ha Nav inne på 8 samlingar for å snakkke om leiing, rollar og liknande. I tillegg deltek dei på 2 personalmøter der tema har vore arbeidsmiljø. Dette blir avslutta november 2013. Styrar har teke leiing i framtidas barnehage og styrarassistent er i ferd med og avslutte i desse dagar.
I tillegg samarbeidar me med: Barneskulen. I forhold til rammeplanen så skal barnehagen saman med skulen legge til rette for barna sin overgang mellom barnehage og skule. Barnehagen er blitt ein del av kunnskapsdepartementet og det inneberer at skule og barnehage gir kvarandre gjensidig informasjon om sine representative eining. Me har i dag eitt godt samarbeid med skulen og førskulebarna vil bli gjort kjente med skulen i løpet av våren. Høgskulen i Sogn og fjordane: Me er ein praksisbarnehage, dvs at me tek i mot studentar frå høgskulen. Det kan komme studentar til oss gjennom heile året, og me vil halde dykk oppdatert når dette skjer. Det å ta imot studentar gjer at me held oss fagleg oppdatert, utviklar oss med at me får inn ”nye auger” og barnehagen er i stadig pedagogisk utvikling. Pedagogisk psykologisk teneste. (PPT): Dette er kommunal rådgivande teneste som skal hjelpe barn som har vanskar med opplæring og oppvekstsituasjon. I samråd med foreldre henvise me barn til PPT for å få utredning, råd eller ekstra ressursar for barn.
Helsestasjon: Helsestasjonen kan vera ein samarbeidspart for å leggje til rette tilbodet for barn med særskilte behov. Helsestasjonen skal kunne bidra med råd og rettleiing knytt til bl. a handtering av legemiddel i barnehagen og i forhold til smittevern. Vidare er helsestasjonen sentral i kartlegging av barns språk Barnevernet: Barnevernet har sitt heimelgrunnlag i barnevernslova. Dei er ein offentleg teneste som har i oppgåve å sikre barn og unges oppvekstvilkår. Barnevernet kan tilby ein rekke tiltak for å hjelpe til i vanskelege situasjonar. Dei fleste av desse er frivillige tiltak. Barnevernet er einaste instans me kan melde barn til utan samtykke av foreldra. Offentlege tilsette er pliktig til å melde frå til barnevernet dersom det er teikn som tyder på at føreligg brot på omsorgsplikta HSP møter: Dette er tverrfaglege møter som blir satt opp gjennom Heile barnehageåret. Her møter helsesøster, barnvernet, PPT, fysioterapeut, saman med barnehagen. Dette er etablert for å samla og koordinera hjelp til barn som det blir knytt bekymring til. Her blir alternative tiltak drøfta mens problema er små, framfor å venta til dei har blitt store. Foreldreutvalet: - FAU: Foreldra sitt arbeidsutval. Dette består av ein foreldre frå kvar avdeling som blir valt som avdelingskontakt. Samarbeidsutvalet (SU): SU skal sikre brukarmedverknaden i styring av barnehagen. Dei har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld barnehagen. SU skal bestå av to representantar frå FAU og to representantar frå barnehagen
Saker som kom opp på møte: Foreldra ynskjer låne barnehagen slik at dei sjølve kan arrangera overnatting for førskulebarna. Dette let seg sikkert gjennomføra så det kan me ha ein dialog på. Dei må ha våken brannvakt om natta. Det vart valgt Fau representantar frå alle avdelingar. Me ynskjer at repr blir sittande i to år slik at me ikkje får utskiftningar av alle kvar haust. Dette let seg gjera med at nokre får naturleg avgang ved skulestart og nokre rykker opp andre året. Rosa: Hege Solheim, vara: Hilde Røneid Grøn: Sigurd Hauge, vara: Tor Hauge Blå: Knut Åge Teigen, vara: Christianne Kvam Orange: Line Døsen, vara: Connie Merkesdal Turkis: Trine Systad, vara: Randi Kalstad I SU sit: Line Døsen, Hege Solheim + repr frå barnehagen. ( ikkje avklart kven det er enda) Styrar har ikkje stemmerett.