750 likes | 875 Views
Kommuneinndeling i Indre Sunnfjord. En deleg rapport Styringsgruppemøte 12. februar 200 3. PwC. Innhald. Innleiing Kva har skjedd sidan føregåande utgreiing i 1998 Oppdatering av Telemarksforsking sin rapport 143 Arbeidsgruppene sine konklusjonar Økonomiske konsekvensar
E N D
Kommuneinndeling i Indre Sunnfjord Endeleg rapport Styringsgruppemøte 12. februar 2003 PwC
Innhald • Innleiing • Kva har skjedd sidan føregåande utgreiing i 1998 • Oppdatering av Telemarksforsking sin rapport 143 • Arbeidsgruppene sine konklusjonar • Økonomiske konsekvensar • Ved kommunesamanslåing • Ved regionkommune • Presentasjon av ulike organisasjonsmodellar og lokaliseringsprinsipp • Ved kommunesamanslåing og regionkommune • Nærare vurdering av organisasjonsmodell og lokalisering • Ved kommunesamanslåing • Utgreiar sin konklusjon • Konsekvensar for innbyggarane, lokaldemokrati, tilsette, busetjingsstruktur • Konklusjon 12 PricewaterhouseCoopers
Innleiing Nærare om bakgrunnen for utgreiinga, målsetjing og arbeidsform 13 PricewaterhouseCoopers
Bakgrunn • I 1997-98 vart det gjennomført eit utgreiingsprosjekt omkring kommunesamanslåing og interkommunalt samarbeid for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. • Konklusjonen på dette utgreiingsarbeidet var mellom anna at samanslåing ikkje lønte seg av di dei samla tilskota til ein ny kommune vart lågare enn tilskota til dei tidlegare kommunane samla sett. • Dei siste åra har staten lagt opp til betre ordningar for kommunar som slår seg saman. Mellom anna skal kommunane få behalde summen av basistilskot og rammetilskot i 10 år for deretter å få ei nedtrapping over 5 år. • Bakgrunnen for denne utgreiinga er eit initiativ frå Naustdal kommune som Førde, Gaular og Jølster har slutta seg til, der ein ynskte ei ny utgreiing av kommunestrukturen i indre Sunnfjord. 14 PricewaterhouseCoopers
Målsetjing • Hovudmålsetjinga for utgreiinga er å gje svar på spørsmåla - verknaden for kommunane ved samanslåing - verknaden for kommunane ved regionkommune • Det skal sjåast på verknadane for • innbyggarane • lokaldemokratiet • dei tilsette i kommunane • busetjingsstrukturen 15 PricewaterhouseCoopers
Arbeidsmåte og organisering Prosjekteigar Kommunestyra i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal Styringsgruppe Same som for hovudprosjektet Ordførar, Rådmann og tillitsvald frå kvar av kommunane Prosjektansvarleg (PA) Fylkesmann Oddvar Flæte Arbeidsgrupper administrasjon, teknisk, oppvekst, pleie og omsorg, miljø og natur, helse og sosial Prosjektleiar (PL) Jan Flølo PricewaterhouseCoopers Ressursgruppe PricewaterhouseCoopers Ressurspersonar frå PwC med røynsle frå liknande utgreiingsarbeid Prosjektgruppe: Representantar frå kvar av kommunane Richard Nesheim PricewaterhouseCoopers 16 PricewaterhouseCoopers
Arbeidsmåte Kva denne presentasjonen byggjer på • Møte med alle kommunane v/rådmann og ordførar • Drøfta problemstillingar med arbeidsgruppene • Innhenta ekstern informasjon • Frå SSB vedkomande nye kriterium i inntektssystemet • Rekneskap / årsmeldingar og andre dokument frå kommunane • Anna offentleg statistikk • Telemarksforsking sin rapport nr 143 (Karl Gunnar Sanda) • Basert på dette har vi utforma denne presentasjonen 17 PricewaterhouseCoopers
Kva har skjedd sidan førre rapport I denne delen vert det gitt eit oversyn over viktige endringar sidan føregåande utgreiing som vart sluttført i 1998. Til grunn for dette ligg ei oppdatering av Telemarksforsking sin rapport 143 og arbeidsgruppene sitt arbeid. Til slutt konkluderer PwC på om desse endringane fører til at det vert meir eller mindre aktuelt med kommunesamanslåing eller regionkommune 18 PricewaterhouseCoopers
Oppdatering av rapport 143Oversyn demografi og næring * Sjå etterfølgjande plansje 19 PricewaterhouseCoopers
Oppdatering av rapport 143 Vesentlege endringar - folketalsutvikling • Trenden frå førre rapport held fram med vekst for Førde i tidsrommet 1990 – 2002 og nokså stabilt for dei andre kommunane. • Likevel endringar i Førde: • Vekst på omlag 200 innbyggjarar i året i perioden 1995 – 1999 • Vekst på rundt 175 i 2000 • Vekst på rundt 118 i 2001 • Vekstprognose 2002 lik vekst i 2001 • Konklusjon: Veksten er lågare enn det som har vore lagt til grunn i dei siste folketalsframskrivingane. • I Gaular er også trenden meir negativ enn sist 20 PricewaterhouseCoopers
Oppdatering av rapport 143 Vesentlege endringar – demografiske faktorar • Fødselsoverskot i regionen aukar • 1991 – 1995: 131 • 1996 – 2001 : 140 • Nettoinnflyttinga til regionen blir redusert • 1991-1995: 65 • 1996-2001: 37 (negativ sidan 2001) • Redusert andel personar i aldersgruppa 20-39 år i Førde, for dei andre kommunane er andelen stabil. • Høgare andel personar i aldersgruppa 67 år og over i Førde, for dei andre kommunane er andelen stabil. • Kvinneoverskotet i aldersgruppa 20-39 år er redusert i Førde. Kvinneunderskotet har auka i Gaular, men er redusert i Naustdal og Jølster. 21 PricewaterhouseCoopers
Oppdatering av rapport 143 Vesentlege endringar – konklusjon folketal og demografi • Framleis er folketalsutviklinga og demografiske forhold positive forhold i regionen, men • Den positive folketalsutviklinga kjem frå stort fødselsoverskot i Førde og ikkje frå positiv netto innflytting • Trenden er at folketalsauken er avtakande • Dette vil truleg halde fram som følgje av redusert tal personar i aldersgruppa 20 til 39 år • Oppdatert folketalsframskrivinga for regionen fram til 2012 ligg ved som vedlegg. 22 PricewaterhouseCoopers
Oppdatering av rapport 143 Tenestetilbod og organisering Går ikkje nærare inn på dette i denne omgang då dette dels har vore handsama av arbeidsgruppene 23 PricewaterhouseCoopers
Oppdatering av rapport 143 Andre forhold * Sjå etterfølgjande plansje 24 PricewaterhouseCoopers
Oppdatering av rapport 143 Kommunal økonomi • Sterkt forverra økonomi sidan føregåande rapport • Netto driftsresultat 1997 +14.231 • Netto driftsresultat 2001 - 15.898 • Netto driftsresultat 2002 (estimat) - 23.000 • Netto lånegjeld 1997 434.374 • Netto lånegjeld 2001 682.348 • Netto lånegjeld 2002 (budsjett) 703.948 (+21.600) • Alle kommunane hadde underskot i 2001 og forventar det i 2002 • Bokført eigenkapital har betra seg i alle kommunane • Fyrst og fremst pga endring i eigartilhøva i Sunnfjord Energi • Stor forskjell i eigenkapitalen og lånegjeld i dei ulike kommunane 25 PricewaterhouseCoopers
Oppdatering av rapport 143 Kommunal økonomi – finansielle indikatorar 2001 • Ikkje bokførte meirverdiar 108.000 29.000 3.800 5.700 • (Sunnfjord Energi AS) • Gaular og Jølster eig begge 7,54 % av aksjane i Sunnfjord Energi, men dei har ført opp aksjane til ulik verdi i rekneskapen. 26 PricewaterhouseCoopers
Kommunal økonomi – framtidsutsikter • Budsjettutfordring 2003 i følgje kommuneleiinga: • 32 - 36 mill samla for dei fire kommunane • Statlege signal om økonomien i åra som kjem: • Vil redusere veksten i offentlege utgifter • Taper ikkje rammetilskot dei fyrste 10 åra ved ei kommunesamanslåing • Omfordeling frå små til større kommunar • Regionaltilskotet vert ikkje inflasjonsjustert • Politisk usemje om regionaltilskotet (Frp vil fjerne det) 27 PricewaterhouseCoopers
Oppdatering av rapport 143 Interkommunalt samarbeid • Fleire nye interkommunale samarbeidsprosjekt • IKT samarbeid • Skattekontroll • Næringsarbeid • Landbrukssjef (Jølster og Førde) • Nokre nye interkommunale samarbeidsprosjekt har ikkje ført fram • Legevaktsamarbeid • Barnevern 28 PricewaterhouseCoopers
Arbeidsgruppene sine konklusjonar 29 PricewaterhouseCoopers
Konklusjon - trendar • Kommuneøkonomien har blitt dårlegare og ein tapar ikkje rammetilskot dei 10 fyrste åra • Argument for samanslåing då stordriftsfordelar kan betre økonomien og dermed høve til å drive tenesteyting overfor innbyggarane • Veksten i folketalet er avtakande • Argument for samanslåing då ei samanslåing vil føre til betre vilkår for næringsutvikling som kan motverke den avtakande veksten. Uvisst kva SND-status ein samanslått kommune vil få. • Meir positiv haldning til kommunesamanslåing no enn sist • Argument for samanslåing. Viktigaste kriterium i rapport 143 var om kommunane sjølve ønskte samanslåing 30 PricewaterhouseCoopers
Konklusjon - trendar • Større grad av interkommunalt samarbeid • Argumentet er nøytralt • For samanslåing -> kommunane klarer å samarbeide og kan vere modne for utvida samarbeid. • Mot samanslåing -> Kommunane kan løyse sine utfordringar gjennom samarbeid i staden for samanslåing. Trendane tilseier i hovudsak at ein bør vere meir positiv til kommunesamanslåing no enn sist. Regionkommune er mindre aktuelt enn kommunesamanslåing. 31 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensar Denne delen gjev ei vurdering av korleis inntekter og kostnader vil endre seg dersom kommunane vert slått saman (direkte verknad). Ein vurderer kor mykje som kan løysast gjennom innsparing i administrasjon og kor mykje som må løysast gjennom innsparing på tenesteyting. Det er samanslåingsalternativet som i hovudsak vert drøfta. Regionkommunealternativet vert drøfta kort tilslutt. 32 PricewaterhouseCoopers
KonsekvensvurderingRammetilskot 33 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensarRammetilskot (sjå vedlegg 2) • Frå og med år 10 vil ein tape 5,8 mill per år i 5 år. • Frå og med år 15 vil kommunane få 25 mill mindre i årlege overføringar. • * Merk at det ordinære skjønnet er ein usikker storleik, skjønsmidlane vert tildelt av fylkesmannen og som det ligg i namnet er dette ei skjønsmessig fordeling. 34 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensarEigedomsskatt • I dag er det berre Førde og Naustdal som har generell eigedomsskatt. I Naustdal er det tvist om innføringa og saka er anka til lagmannsretten. • Utgjer omlag 14 mill i 2001 • Den samanslåtte kommunen kan gjere vedtak om å innføre eigedomsskatt for heile kommunen (avhengig av resultatet av rettsaka i Naustdal) • Inntektsgrunnlaget vil då auke med omlag 1,6 mill(anslag) • Den samanslåtte kommunen kan gjere vedtak om å ikkje innføre eigedomsskatt • Inntektsgrunnlaget vil då bli redusert med 14 mill • Den samanslåtte kommunen kan og gjere vedtak om å ha eigedomsskatt berre i delar av kommunen (Førde sentrum). 35 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensarStordriftsfordelar • Vil kunne ha stordriftsfordelar både i • Administrasjon • Tenesteyting • Tilhøve som påverkar kor mykje ein kan ta ut i stordriftsfordelar • Val av organisasjonsmodell • Val av tenestenivå i samanslått kommune • Om ein vel regionkommune eller om ein slår saman kommunane • Det er det framtidige kommunestyret som avgjer dette • Våre vurderingar baserer seg på synspunkt frå arbeidsgruppene, samanlikningar med andre kommunar og faktiske vurderingar 36 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensarStordriftsfordelar - administrasjon • Ei samanlikning med 11 andre kommunar med innbyggjartal mellom 16.000 og 24.000 viser at ein samanslått kommune har innsparingspotensiale på kostnader til administrasjon, styring og fellesutgifter. • Samanlikninga viser at ein kan spare mellom 11 og 18 mill. kr • Førde er mellom kommunane med lågast kostnader til administrasjon. • Stordriftsfordelar er erfaringsmessig vanskelege å ta ut. Men basert på samanlikninga over meiner vi at ein samanslått kommune må ha som eit realistisk mål å klare ei innsparing på 12 mill. kr i året.(Innsparinga er også redusert noko for å justere for feil i Kostra-rapportane frå nokre kommunar.) 37 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensarStordriftsfordelar - tenesteyting • Det vil vere stordriftsfordelar i tenesteytinga • Ein liten kommune har same lovkrav til å yte tenester som stor kommune • Ein større kommune vert meir fleksibel • Organisering og grad av sentralisering vil avgjere kor mykje ein kan hente ut • Storleiken på underskot etter at ein har henta ut stordriftsfordelar i administrasjon må avgjere kor mykje ein må hente ut gjennom omorganisering, effektivisering og eventuelt redusert tenesteyting 38 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensarOmstillingskostnader • Omorganisering og nye arbeidsoppgåver for tilsette medfører omstillingskostnader knytt til • Kostnader ved etterutdanning og omskulering • Jobb- og lønsgaranti • Investeringar i t.d. IKT • Denne kostnaden må ein i berekne ved ei eventuell planlegging av samanslåing. Mellom 40 % til 60 % vert dekka av staten. • Dette vert å sjå på som ein eingongskostnad (investering). I våre økonomiske utrekningar har vi vurdert kommunane sin del til 10 mill. kr 39 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensarAuka kostnadsnivå før samanslåing • Ein fare er at kostnadsnivået i kommunane aukar fram til kommunane er slått saman: • Investerer for å sikre interessene i sitt område • Auka driftsnivå som følgje av mindre motivert leiing • Ein svekka eigenkapital / auka låneopptak fram til tidspunkt for kommunesamanslåing vil medføre at tenestenivået etter samanslåing må reduserast unødvendig mykje • Må ta omsyn til dette gjennom: • Vere raske med å avgjere om kommunane skal slåast saman • Ha felles økonomiforståing fram til samanslåinga vert gjennomført 40 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensarOppsummering • Dei økonomiske problema som kommunane opplever i dag vert ikkje løyste berre ved å ta ut stordriftsfordelar i administrasjon: • Resultat i år 2 vert 16 mill betre, enn utan kommunesamanslåing • Tek ein utgangspunkt i budsjettproblema for 2003 vil ein måtte kutte ytterlegare 19 mill i tenesteytande sektor etter at alle stordriftsfordelar innan administrasjon er teke ut. • Sjølv om ein taper 25 mill frå år 15 i rammetilskot, vil ein i eit 50 års perspektiv likevel få ein positiv økonomisk verknad (noverdi), dersom ein klarer å realisere 12 mill per år i stordriftsfordelar 41 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensarRegionkommune (Ikkje eit aktuelt alternativi flg styringsgruppa) • Vil ikkje kunne hente ut så store vinstar som ved samanslåing • Vil til ei viss grad måtte ha administrative ressursar på begge nivå • Mindre høve til å hente ut vinstar innanfor kostnadskrevjande sektorar som oppvekst og pleie og omsorg • Fleire usikre tilhøve • Får primærkommunane behalde fullt rammetilskot etter år 10 ? • Kan kvar primærkommune sjølv avgjere om dei vil innføre eigedomskatt ? • Endrar SND statusen seg ? 42 PricewaterhouseCoopers
Økonomiske konsekvensarKonklusjon Innanfor administrasjon bør ein kunne hente ut stordriftsfordelar på omlag 12 mill frå år 2. Dei første 10 åra vil ein dessutan kunne få 4 mill i auka inntektsgrunnlag. Inntektsgrunnlaget vert deretter redusert med 29 mill over dei neste 5 åra. Dei økonomiske vanskane til kommunane er av ein slik storleik at ein ikkje kan rekne med at stordriftsfordelar innanfor administrasjon åleine løyser dei økonomiske problema. Når ein skal velje organisasjonsmodellar og lokalisering må ein derfor i stor grad ta omsyn til at den nye kommunen må bli kostnadseffektiv. 43 PricewaterhouseCoopers
Organisering og prinsipp for lokalisering I denne delen vert ulike alternativ for organisering og lokalisering drøfta. 44 PricewaterhouseCoopers
Organisasjonsmodellar og lokaliseringsprinsipp • Modellar ved kommunesamanslåing • Desentralisert modell • Sentralisert modell • Modellar ved regionkommune • Primærkommunemodellen • Konsernmodellen 45 PricewaterhouseCoopers
Modellar for kommunesamanslåing Definisjonar av uttrykk som vert nytta i modellane: Servicetorg:eit fullverdig “kompetansesenter” der innbyggjarane skal få svar på “90%” av sine spørsmål og kunne hente alle naudsynte skjema og blankettar. Personale må ha omfattande kompetanse / røynsle. Internt servicesenter:eit fullverdig “kompetansesenter” der leiarar i tenesteytinga skal få hjelp innan t.d. økonomi og personalsaker. Skal også ha ansvar for post og arkiv. Generell tenesteyting:Tenesteyting som mange innbyggarar etterspør ofte. Døme: Skule, sjukeheim, open omsorg, barnehage, legekontor osb. Spesiell tenesteyting:Tenesteyting som få innbyggarar etterspør/vert etterspurt sjeldan. Døme: Landbrukskontor, PPT, barnevern osb. Administrasjon:Rådmannen sin stab og støttefunksjonar som løn, personal, rekneskap etc. I tillegg reknar ein også med administrasjonen knytt til sektorsjefane for skule, pleie og omsorg, tekniske tenester m.m. Desentralisert:Med desentralisert meinar ein at tenesteytinga skal vere som i dag. Det kan likevel vere naturleg at funksjonen får ein felles leiar. Sentralisert:Med sentralisert meinar ein at leiinga av funksjonen vert sentralisert og utføringa av funksjonen i stor grad vert sentralisert. 46 PricewaterhouseCoopers
Modellar for kommunesamanslåingDesentralisert modell Sentralisert Administrasjon Desentralisert Gaular Naustdal Jølster Førde Servicetorg Servicetorg Servicetorg Servicetorg Internt service- senter Internt service- senter Internt service- senter Internt service- senter Generell tenesteyting Generell tenesteyting Generell tenesteyting Generell tenesteyting Spesiell tenesteyting Spesiell tenesteyting Spesiell tenesteyting Spesiell tenesteyting 47 PricewaterhouseCoopers
Modellar for kommunesamanslåingSentralisert modell Sentralisert Administrasjon Servicetorg Internt servisesenter Spesiell tenesteyting Desentralisert Gaular Naustdal Jølster Førde Generell tenesteyting Generell tenesteyting Generell tenesteyting Generell tenesteyting 48 PricewaterhouseCoopers
Modellar for kommunesamanslåing Nærare om desentralisert modell Alle tenestetilbod skal finnast i kommunane som i dag. Brukarane skal i praksis ikkje merke nokon stor endring i høve til dagens situasjon. Dei viktigaste oppgåvene skal løysast på servicetorga, eventuelt over døgn- open forvaltning (internet). Spesiell tenesteyting, som t.d barnevern skal tilbydast som i dag. Administrasjonen vert sentralisert, men det skal ytast administrative tenester frå lokale servicesenter. Administrasjonen vert i hovudsak plassert i Førde, men ein kan tenke seg at nokre delar kan verte plassert andre stader. Her vert det ei avveging mellom å utnytte eksisterande lokalitetar (spare husleige) og at Førde er det naturlege geografiske senteret med kortast pendlingsveg for dei tilsette. Moderne teknologi kan også brukast til å skape eit nettverk sjølv om ein ikkje er geografisk samla. Røynsle viser likevel at dette i mange tilfelle kan vere kostnadskrevjande eller mindre effektivt. Ein bør difor vere varsam med denne type løysingar. 49 PricewaterhouseCoopers
Modellar for kommunesamanslåing Nærare om sentralisert modell Dei generelle tenestetilboda skal finnast i kommunane som i dag. Når det gjeld spesielle tenestetilbod vert desse sentralisert. Døme på tenester som vert sentralisert vil vere: - Barnevern - Oppmåling - Landbrukskontor I denne modellen vert også servicetorget og servicesenteret sentralisert. Brukarane vil såleis på dette området kunne merke endringar i høve til dagens situasjon. Når ein skal avgjere lokalisering vert vurderingane dei same som i den desentraliserte modellen. I modellen vert det framstilt at den generelle tenesteytinga ikkje vert endra. På enkelte område kan det vere aktuelt å også vurdere endringar i generell tenesteyting. Døme på dette er vist på neste side. 50 PricewaterhouseCoopers
Modellar for kommunesamanslåingDøme på endringar i den generelle tenesteytinga • Eitt legevaktdistrikt • Jølster og Gaular er eigne legevaktdistrikt • Medfører behov for fleire legar for å dekke opp beredskap • Spesialisering og utnytting av kapasitet innanfor pleie og omsorg • Kan bygge opp spesialavdeling ved ein sjukeheim (t.d. for å ta seg av respiratorpasientar) • Tal eldre (+ 80 år) er på veg ned i Jølster, Naustdal og Gaular og på veg opp i Førde. Høve til å utnytte kapasitet i framtida • Justere grenser for skulekrinsar mellom kommunane • Ungdomskuleelevar i Haukedalen kan byrje på Viksdalen skule 51 PricewaterhouseCoopers
Modellar for kommunesamanslåing Vurdering av desentralisert modell Sterke sider Svake sider • Innbyggarane vil i lita grad merke endringar • Minst endringar for dei tilsette • Lågast omstillingskostnad • Auka fleksibilitet for innbyggarane (kan t.d. nytte det servicesenteret som høver best) • Mindre moglegheit til å ta ut stordriftsfordelar i teneste- produksjonen • Kan i mindre grad bygge robuste fagmiljø 52 PricewaterhouseCoopers
Modellar for kommunesamanslåing Vurdering av sentralisert modell Sterke sider Svake sider • Gode tilhøve til å hente ut stordriftsfordelar også i tenesteproduksjonen • Fagleg robuste einingar • Større omstillingskostnader • Omstilling for fleire tilsette • Større endringar for innbyggarane 53 PricewaterhouseCoopers
Modellar for kommunesamanslåingKonklusjon Den desentraliserte modellen og den sentraliserte modellen viser ytterpunkta ein kan velje mellom. Utgreiar er av den oppfatning at ein bør velje ein modell tilnærma sentralisert modell. Ulempa med å velje ein modell i retning av ein sentralisert modell vil vere at dette vil føre til omstilling for tilsette og endringar for innbyggarane. På den andre sida vil eit slikt val gje best vilkår for å bygge fagleg robuste einingar, noko som vil gje eit kvalitativt betre tenestetilbod for innbyggarane og eit betre miljø for dei tilsette.I tillegg er kommuneøkonomien slik at ein ikkje kan løyse dei økonomiske utfordringane ved berre å kutte i administrasjonen. Ved ei eventuell kommunesamanslåing vil det difor vere avgjerande at ein tenkjer nytt frå dag ein og byggjer opp ein ny og effektiv organisasjon utifrå den nye strukturen i kommunen. Ein slik organisasjon kan vere varig og gje eit betre tenestetilbod for innbyggarane enn ein modell som tek utgangspunkt i den organisasjonen ein har i dag. 54 PricewaterhouseCoopers
Modellar for regionkommunePrimærkommunemodellen Staten Innbyggarane Inntekter Direkte val i kvar kommune Primærkommunar (Førde, Gaular, Jølster, Naustdal) Ansvar for Oppvekst, pleie og omsorg, Helse og sosial Indirekte val i kvar kommune Inntekter frå primærkommune Regionkommune Ansvar for administrasjon, teknisk, miljø / natur 55 PricewaterhouseCoopers
Modellar for regionkommunePrimærkommunemodell I primærkommunemodellen vil det vere noverande kommunar som får inntekter frå staten og det er i primærkommunen innbyggarane vel representantar til kommunestyre. Primærkommunane vil i fellesskap vere “eigarar” av regionkommunen. Primærkommunane avgjer korleis regionkommunen skal tilførast inntekter og primærkommunane vel representantar til “regionalt kommunestyre”. Primærkommunen har ansvar for oppvekst / pleie og omsorg / helse og sosial, medan regionkommunen har ansvar for administrasjon / teknisk / miljø og natur. 56 PricewaterhouseCoopers
Modellar for regionkommuneKonsernmodellen Staten Innbyggarane Inntekter Direkte val i regionkommune Regionkommune Ansvar for administrasjon, teknisk, miljø / natur Inntekter frå primærkommune Indirekte val i kvar kommune Primærkommunar (Førde, Gaular, Jølster, Naustdal) Ansvar for Oppvekst, pleie og omsorg, Helse og sosial 57 PricewaterhouseCoopers
Modellar for regionkommuneKonsernmodellen I konsernmodellen vil det vere regionkommunen som får inntekter frå staten og det er i regionkommunen innbyggarane vel representantar til kommunestyret. Regionkommunen vil vere “eigar” av primærkommunane. Regionkommunen avgjer korleis primærkommunane skal tilførast inntekter og regionkommunen vel representantar til kommunestyra i primærkommunen. Ansvaret for tenesteytinga vert som i primærkommunemodellen. Denne modellen har likskapstrekk med styringsmodellen som er valt i spesialhelsetenesta (Regionalt helseforetak som bestiller tenester frå helseforetaka som utfører tenesteproduksjonen). 58 PricewaterhouseCoopers
Modellar for regionkommuneVurdering av primærkommunemodellen Sterke sider Svake sider • Innbyggarane har nærleik til dei viktigaste kommunale tenestene • Kommunane vil bevare sin noverande formuesposisjon • Primærkommunen, som har ansvar for den viktigaste delen av tenesteytinga, vil inneha eigarrolla som innbyggarane har eit direkte forhold til gjennom val. • Modellen er ny og har såleis aldri vore prøvd ut i praksis • Mange tilhøve må avklarast før ein kan setje den i verk • Store delar av tenesteytinga vil bli utført av organ som ikkje direkte er under folkevald kontroll • Fare for dobbelt administrasjon og uklare ansvarstilhøve 59 PricewaterhouseCoopers
Modellar for regionkommuneVurdering av konsernmodellen Sterke sider Svake sider • Spesielle interessegrupper vil i mindre grad kunne påverke avgjerdene i kommunane • Som for primærkommune modellen med tillegg for • Viktigaste kommunal tenesteyting vil ikkje kome under direkte folkevald kontroll 60 PricewaterhouseCoopers