270 likes | 510 Views
Kunnskapsløftet Ei struktur og innhaldsreform for grunnopplæringa - konsekvensar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Kunnskapsløftet. Kunnskapsløftet. St.meld nr 30 (2003-2004) Kultur for læring. Handsama i Stortinget 17 juni 2004
E N D
Kunnskapsløftet • Ei struktur og innhaldsreform for grunnopplæringa • - konsekvensar for vidaregåande • opplæring i Sogn og Fjordane
Kunnskapsløftet Kunnskapsløftet • St.meld nr 30 (2003-2004) Kultur for læring. Handsama i Stortinget 17 juni 2004 • Inst. S nr 268 (2003-2004), i all hovudsak fekk forslaga tilslutning i Stortinget • Endringane skal no realiserast i ei ny og omfattande reform for heile grunnopplæringa, som har fått namnet ”kunnskapsløftet” • Visjonen for reforma er å skape betre kultur for læring for eit felles kunnskapsløft.
”Kultur for læring” Kunnskapsløftet Ein skal nå denne visjonen gjennom: • Måla det vert arbeidd mot skal verte tydelegare • Grunnleggande ferdigheiter skal styrkast • Elevane har krav på tilpassa og differensiert opplæring med like høve for å utvikle seg • Skulen som verdiformidlande, allmenndannande og kulturformidlande aktør ligg fast.
KunnskapsløftetNy reform for grunnopplæringa • Hausten 2006 • 1.-9 trinn i grunnskulen • 1.trinn i vidaregåande opplæring • Hausten 2007 • 10.trinn i grunnskulen • 2.trinn i vidaregåande opplæring • Hausten 2008 • 3 trinn i vidaregåande oppæring • Opplæring i bedrift.
Kva er nytt? • Nye læreplanar i alle fag med tydelege mål for kva elevane skal kunne. • Meir vekt på tilpassa opplæring, • Lokal handlefridom i høve til læringsmetodar og organisering av skulekvardagen • Fleksibel progresjon, fleksible løp og fordjuping • Strukturelle hindringar vert fjerna • Satsing på kompetanseutvikling for lærarar, instruktørar og skuleleiarar
Kunnskapsløftet Tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring Endringane gjeld både nemningar og samansetjingar av fag: - Vidaregåande opplæring skal ha tre studieførebuande og ni yrkesfaglige utdanningsprogram
Endringar i vidaregåande opplæring • Dei nåverande 12 yrkesfaglege studieretningar vert gjort om til ni utdanningsprogram. • Færre og breiare Vg1 og Vg2 • Dei fleste Vg2 gir fleire valmoglegheiter blant lærefaga • Prosjekt til fordjuping gir moglegheit til spesialisering på eit tidlegare nivå og auka samarbeid med næringslivet • Dei nåverande 3 studieførebuande studieretningane vert 3 utdanningsprogram • Større krav til fordjuping innan eige programområde • Valfrie programfag kan veljast frå eige eller eit anna programområde frå studieførebuande utdanningsprogram
12 utdanningsprogram • YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM • Teknikk og industriell produksjon (mekaniske fag, kjemi- og prosessfag, maritime fag) • Elektrofag • Bygge- og anleggsteknikk (byggfag og tekniske byggfag) • Restaurant og matfag (hotell- og næringsmiddelfag) • Helse- og sosialfag • Design og handverksfag (trearbeidsfag, frisør, tekstil +) • Media og kommunikasjon • Service og samferdsle (sal og service, transportfag, reiselivsfag) • Naturbruk • STUDIEFØREBUANDE UTDANNINGSPROGRAM • Studiespesialisering (4 programområde: realfag, språkfag, samfunnsfag og økonomi og formgjevingsfag) • Idrettsfag • Musikk,dans og drama
Modell for studiespesialiserande utdanningsprogramElevane skal velje eitt programområde (språk, realfag, samfunnsfag eller formgjeving) Min. 2 felles programfag frå eige programområde, kvart fag på min. 10 timar, eitt av dei kan ha inntil 20 timar Valfrie programfag på totalt maks. 10 timar – kan veljast frå alle programområde innanfor studieførebuande utdanningsprogram
Studiespesialiserande utdanningsprogram- felles programfag -
Yrkesførebuande utdanningsprogram Modell for organisering og tilrettelegging av yrkesfaglege utdanningsprogram (2+2 modellen ligg fast) 100% bedrift Vg3* 100% bedrift Vg2 FF= 10 t FPF = 26 t - PF PF maks. 9 t Vg1 FF= 13 t FPF=23 - PF PF maks. 6 t FF = fellesfag FPF = felles programfag PF = prosjekt til fordjuping
Yrkesførebuande utdanningsprogram Kunnskapsløftet • Prosjekt til fordjuping: • eige lærefag • andre lærefag innanfor eige utdanningsprogram • førebuing til generell studiekompetanse, t.d. framandspråk 2 og matematikk
Kunnskapsløftet Programområde for påbygging til generell studiekompetanse
Kva rettar har søkjarane?Elevar som går ut av grunnskulen har rett til: • Tre års vidaregåande opplæring i løpet av ein samanhengande periode på fem år om opplæringa føregår i skule, eller seks år om heile eller deler av opplæringa føregår i bedrift • Men du må fullføre innan utgangen av det året ein fyller 24 år • Å fullføre opplæring som etter læreplanen varer meir enn tre år.
Kva rettar har søkjarane?Elevar som går ut av grunnskulen har rett til: • Inntak på Vg1 i eit av tre utdanningsprogram • Men ein må søkje i prioritert rekkefølgje: 1-2-3 • Inntak på eit Vg2 som bygger på det Vg1 ein har valt • men ein har ikkje krav på det programområdet søkjaren sjølv prioriterar
Kva rettar har søkjarane?Elevar som går ut av grunnskulen har rett til: • Eit års utvida rett til opplæring ved eit omval • Men ein må velje om igjen på same nivå for å kunne fullføre innanfor retten • To pauseår undervegs i vidaregåande opplæring • Men ein må rekke å fullføre opplæringa i løpet av det året ein fyller 24
Om prosessen i Sogn og Fjordane Kunnskapsløftet
Prosess – organisering av arbeidet med ny struktur: Kunnskapsløftet Strukturteam i Opplæringsavdelinga Arbeider med konsekvensar av, og prosessen knytt til, reforma Kunnskapsløftet. Teamet rapporterer til fylkesdirektøren for opplæring, og har ansvaret for interne prosessar retta mot dei vidaregåande skulane generelt og rektorane spesielt. Regionsamarbeidet Skulane i regionane skal samarbeide om å eit mest mogleg heilskapleg tilbod, og for at ein i samarbeid – og på ein fleksibel måte – kan nytte både kompetanse og utstyr framover. Referansegruppe Informasjon om innhaldet i reforma, og om kor langt vi er komne i Sogn og Fjordane, er sentralt for arbeidet i regionane, for dei tilsette og elevar/lærlingar. Gruppa fokuserer særskilt på tilbodsstruktur, på konsekvensar for dei tilsette, og på tilgang til elev- og læreplassar. Gruppa er samansett av det interne strukturteamet supplert med ein rektor frå kvar region, ein representant frå Utdanningsforbundet, ein frå Elevorganisasjonen samt ein frå Opplæringskontora sitt samarbeidsutval (OKSU).
Innhaldsendringane • Gjennom Kompetanse for utvikling 2005-2008. • Arbeidet med læreplanar organisert på skular/region nivå. (studio)
Kompetanse for utvikling 2005-2008 Kunnskapsløftet • Som ein støttefunksjon for å realisere desse måla skal det settast i gong ein omfattande kompetanseutviklingstiltak for skuleleiarar, lærarar og instruktørar. • Kompetanseplan 2005 (HO- mars/FT-april). • Strategisk plan for kompetanseutvikling 2005-2008 (HO-mai/FT – juni).
Opplæring i bedrift • I samband med innføring av Kunnskapsløftet er det behov for å sjå på kva utfordringar den nye strukturen legg i høve arbeidet med intensjonsavtalar, formidling (nok læreplassar) og oppfølging i bedrift. • Fylkesdirektøren jobbar med å opprette eit team. Teamet skal arbeide med opplæring i bedrift, konsekvensar av, og prosessen knytt til reforma Kunnskapsløftet. Teamet rapporterer til fylkesdirektøren for opplæring, og har ansvaret for prosessar retta mot opplæring i bedrift. • Fleire fag vert lærefag • ”Mismatch”. • Tilbodsstruktur og næringslivet sitt trong for arbeidskraft
Konsekvensar for tilbodsstrukturen i Sogn og Fjordane Kunnskapsløftet
Fylkesdirektøren for opplæring sitt framlegg til hovudutvalet (29.11.05) vil bygge på følgjande: • Ny struktur og innhald i reforma Kunnskapsløftet - Ramma i budsjett- og økonomiplanen 2005-08 - Tilbod til alle rettssøkjarar - Fylkeskommunen sitt inntaksreglement (og Hordalandsavtalen) - Det vedtekne prinsippet om å oppretthalde eit desentralisert opplæringstilbod - Dagens tilbod skal i stor grad vidareførast for å nytte eksisterande ressursar (kompetanse, utstyr m.m.)
Fylkesdirektøren for opplæring sitt framlegg til hovudutvalet (29.11.05) vil bygge på følgjande: - Elevar som ønskjer det skal, så langt råd er, få høve til å ta vidaregåande opplæring og samstundes bu heime - Regionane i vidaregåande opplæring sine innspel/ønskje skal, så langt råd er, komast i møte - Innmelde behov frå partane i arbeidslivet skal , så langt råd er, takast omsyn til - Tal søkjarar/søkjarmønster ved siste inntak, læreplassituasjon og endringar i årgangstal påverkar tilbodet - Framlegget skal innehalde ei konsekvensanalyse i høve drift, utstyr, areal og overtal.
Vedtak opplæringstilbodet 2006-07: Kunnskapsløftet • Hovudutval for opplæring handsamar 29.11.05 saka om opplæringstilbodet for 2006-2007: • utvalet gjer vedtak for VgI (ny struktur), VKI (R-94 struktur) og VKII (R-94 struktur) • Fylkesdirektøren legg til same møtet fram skriv til orientering om: • korleis Vg1-tilbodet kan førast vidare på Vg2- og Vg3-nivået.