170 likes | 331 Views
Områdeplan Måløy sentrum. Bakgrunn. I gjeldande kommuneplan vart Måløy sentrum sett av som ”bykjerne”, og lagt opp til utarbeiding av ein kdp/rpl for sentrumsområdet i etterkant. Mangel på overordna plan er ei barriere for privat detaljregulering av sentrumseigedomar .
E N D
Bakgrunn • I gjeldande kommuneplan vart Måløy sentrum sett av som ”bykjerne”, og lagt opp til utarbeiding av ein kdp/rpl for sentrumsområdet i etterkant. • Mangel på overordna plan er ei barriere for privat detaljregulering av sentrumseigedomar. • Planutvalet vedtok 30. november i fjor planoppstart for områdeplan Måløy sentrum. Vedtok samstundes offentleg ettersyn av tilhøyrande planprogram.
Kommunedelplan eller områdeplan? • Formannskapet har teke stilling til spørsmålet og har vedteke at det skal utarbeidast ein områdereguleringsplan for Måløy sentrum. • Eitt av argumenta for å velge områdeplan, er at det set krav til direkte varsling. Dette gjer at grunneigarane i sentrum tidleg blir klar over at planarbeidet er sett i gong. • Det legg også til rette for auka medverknad, ved at alle får høve til å kome med innspel på planen heilt frå starten, og ved at dei kan påverke korleis planarbeidet skal gjennomførast (innspel på planprogrammet).
Stadanalyse • Det vart samstundes med vedtaket om planoppstart og ettersyn av planprogram, understreka at det er viktig at prosessen med områdeplanen vert ein god debatt om stadutvikling. • Eit hovudgrep for å få til både: - eit godt kunnskapsgrunnlag og - ei brei involvering, ville vere at kommunen lyste ut og fikk gjennomført ei ny stadanalyse.
Stadanalyse (2) • Ei stadanalyse skal vere eit verkty for involvering og medverknad. • Prosessen med den skal peike ut dei viktigaste - verdiane og - handlingsalternativafor Måløy sentrum.
Stadanalyse (3) Oppstartsmøte 10. januar: Arkitektane hadde store kart over byen på bordet og gjennomførte ein serie ”lynmøter” (15 min.) med representantar for offentlege/allmenne interesser:- Kommunen (eigedom, VVA og byggesak)- Skram skole- Vågsøy ungdomsskule- Ungdomsrådet og repr. for barna- Eldrerådet- Kommunerådet for funksjonshemma (forts.)
Stadanalyse (4) - Måløy kunstlag- Vågsøy historielag- Nordfjord Hamn IKS- Måløy vekst I tillegg vart det gjennomført ei grundig synfaring av planområdet, med lokal kjentmann.
Lokalavisa Lokalavisa Fjordanes Tidende vart invitert til å helse på arkitektane som var ”i byen”. Dette medførte ein fin artikkel som omtala at: - stadanalysearbeidet var i gang, - kva ei slik analyse skal innehalde og - at det blir lagt opp til å halde ”ope lokalkontor”, i ei heil veke, i eitt av dei tome sentrumslokala.
Lokalavisa (2) • Avisa har skrive fleire artiklar om stadanalysearbeidet. • Den første artikkelen, som nemnt ovanfor, kom på trykk tre veker før ”ope lokalkontor” skulle gjennomførast. • Både idèen om lokalkontor og idèen om å opprette ei eiga Facebookside for stadanalysa, vart omtalt i avisa.
Lokalavisa (3) • Den andre kom på trykk mandag 13. februar, første dag av veka med ope lokalkontor. • Avisa besøkte kontoret og tredje artikkelen kom kort tid etter at veka var over, med fokus på at lokalkontoret var bra besøkt (om lag 100 tilsaman) og at det kom mange gode innspel frå innbyggjarar med god aldersspreiing og av begge kjønn.
Planforum • Gjennomført onsdag i veka med ope lokalkontor. • Møtedeltakarar: Fylkesmannen si miljøvernavdeling, fylkeskommunen (plan- og samfunn, samt kultur), Statens vegvesen og NVE. • Underteikna orienterte om planarbeidet og stadanalysa. • Generell diskusjon om ulike tema. • Konkrete innspel vart sendt inn som formelle fråsegner.
Lokalavisa (4) • Påskenummeret hadde stort oppslag med ”lekkasje” frå stadanalysa, som då akkurat var levert kommunen men ikkje publisert. • Ei av dei første avisene over påske, hadde intervju med ”arealplanleggjaren”, samt fleire smålekkasjar. • ”Lekkasje” til avisa, av ein fagrapport på 91 sider, var bevisst gjort både for å gjere den ferdige analysa kjent og med vesentleg lavare ”brukarterskel” når presentert i avisa.
Stadanalysa på Facebook • ”Stedsanalyse Måløy” (sjekk den ut!) har hatt godt besøk (243 ”likar”). • Arkitektane har lagt ut informasjon og dømer på tiltak frå andre byar, som så er blitt grunnlag for diskusjon på FB. • Har generert interessante diskusjonar om ulike tema og enkelttiltak.
Ope ”Lokalkontor” • Det vart gjort avtale med eigarane av det mest sentrale av dei ledige sentrumslokala, midt i handlegata (Gate 1) og rett ved Torget, om å bruke det som ope lokalkontor i ei heil veke. • I erkjennelse av kor viktig stadanalysa er for den komande områdeplanen, og kor viktig den igjen er for utvikling og handel i sentrum, gjekk eigar av lokalet med på fri leige den veka, bakeriet (på Bryggja!) leverte gratis kaffimat og det nyaste hotellet lot arktektane bu vederlagsfritt.
Ope ”Lokalkontor” (2) • Rundt 100 personar var innom lokalkontoret i løpet av veka. Mange gode diskusjonar og innspel. • Ei oppsummering av dei einskilde dagane, fordelt på fem store (A2) plakatar, vart i etterkant hengt opp i vindauga på lokalet. • Alle innspel til stadanalysa er teke med og vil, via den ferdige stadanalysa, bli vurderte som innspel til områdeplanen.
Ferdig stadanalyse.. • Førstkomande mandag 23. april, vil den ferdige rapporten bli offentleggjort på kommunen si heimeside. • Analysa har i stor grad teke med seg og bygd vidare på innspela som er komne, både frå enkeltpersonar og frå næringsliv. • Forslag til tiltak varierer frå små og rimelege, til store og ”spektakulære”, og - dei fleste er bidrag til ei positiv utvikling av Måløy sentrum basert på medverknad frå engasjerte innbyggjarar.
Stadanalyse → områdeplan • Strategigruppa skal no diskutere stadanalysa og gje føringar for bruken av analysa i arbeidet med områdeplanen. • I starten av mai vil det bli arrangert ei opa markering av at stadanalysa er ferdigstilt, men som også skal framheve at den no skal vidareførast inn i prosessen med å utarbeide eitt eller fleire forslag til områdeplan.