1 / 12

Ta ansvar!

Ta ansvar!. Fotballen tek samfunnsansvar. - Korleis kan vi saman bli betre?. To tankar i hovudet er ofte sunt!. Sogn og Fjordane Fotballkrets slår i sin ”Visjon og strategiplan” fast at vi skal vere ein open og inkluderande organisasjon, med like muligheter for alle.

lowri
Download Presentation

Ta ansvar!

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Ta ansvar! Fotballen tek samfunnsansvar. - Korleis kan vi saman bli betre?

  2. To tankar i hovudet er ofte sunt! Sogn og Fjordane Fotballkrets slår i sin ”Visjon og strategiplan” fast at vi skal vereein open og inkluderande organisasjon, med like muligheter for alle. Fokus på Fair Play (god framferd) skal skape glede trivsel og fellesskap i organisasjonen. Dersom vi i lag med klubbane våre skal meistre ei slik problemstilling, må vi ha leiarar som tør og vil. Ikkje minst må vi ha leiarar som tør å ta ansvar, og sette aktiviteten vår i eit større perspektiv enn sjølve ballaktiviteten. Det handlar om at vi som leiarar, foreldre og trenarar framstår som truverdige medspelarar i høve skule og lokalsamfunn Det handlar om trivsel i våre lokalsamfunn. ”Lev draumen og nyt augeblikket”

  3. SFFK og samfunnsansvar! Gode anlegg er eit samfunnsansvar! Treng vi ta samfunnsansvar? Vi engasjerer oss som born, ungdom og vaksne, fordi vi likar fotball. Vi er spelarar, trenarar, leiarar, dommarar, anleggsansvarlege, foreldre, fordi vi- eller gjerne barna våre vil drive med verdens mest populære idrett. Kjerneaktiviteten er - ”leiken med ballen”. I barne- og ungdomsalder er gjerne tidsbruken på fotball- og idrett på tredjeplass etter tida i heim og skule. Er det ikkje nok å vere aktiv vil du seie? Kanskje, eller kanskje ikkje seier fotballkretsen. Tar klubben din ansvar? Kanskje har du tanker når du har lest presentasjonen? Ta gjerne kontakt med SFFK om De treng hjelp i vidare arbeid. Foto: E. Meek. Opning av Fylkesbankløkke i Ålfoten. Velhaldne og gode anlegg er trivsel- og haldningsskapande. Tidsriktige anlegg gjev auka aktivitet og fotballglede.

  4. Fair Play Det er ei årsak til at SFFK vil ha med din klubb som Fair Play klubb! Fotball er ein aktivitet som handlar om å meistre, ikkjeberre leiken med ballen, men sjølve livet. • Vi skal takle seier og tap • Vi skal omgåast menneske • Vi skal respektere reglar • Vi må ta ansvar for andre • Vi må vere gode på samspel • Vi må gjere andre gode • Vi må ha respekt for dommaren • Vi representerer klubben heime og borte • Vi representerer byen og bygda vår Ønskjer du at barnet ditt skal vere i eit miljø med eller utan retningslinjer for god framferd og gode vanar? Er god framferd viktig for deg?

  5. Meir Idrett Frukt og grønt er sunt! Fotballen ønskjer å ha eit medvite forhold til sunn mat og drikke! ….Det gir betre helse og betre idrettsprestasjonar! Det er eitaukande fokus på folkehelse og fedmeproblematikk. Å drive idrett er ei motvekt til passiv livsstil, og då er eit godt kosthald viktig. Det kostar lite å ha eit sunt alternativ. Suppler kiosken med frukt og grønt på kampar, turneringar og fotballskular. Bruk sukkerfri drikke. Server god mat på klubbhuset og ta med sunn og god mat på bortekampar. Verre er det ikkje! SFFK samarbeidar med Fylke og Fylkesmann i prosjektet ”Vardar for folkehelse”

  6. Trafikktrygge fotballklubbar Det gjeld deg- eller kanskje barna dine? Bryr du deg om korleis transporten til og frå idrettsarrangement skjer? Veit du at enkle tryggleikstiltak kan vereskilje på liv og død? Vi veit det, og difor tar vi trafikktrygging på alvor. SFFK samarbeider med Trygg Trafikk, FTU, Statens Vegvesen og politiet om å gjere fotballtransporten trygg. Trygg transport er viktig! Har din klubb utarbeida trafikktryggingsplan? Veit du at kretsen kan hjelpe klubben din med betre og tryggare transport?

  7. Eikefjord tar ansvar! • Køyr forsiktig! • SJÅ OPP FOR DENNE JENTA! • Som bilist vil du truleg oppdage denne jenta. Ta ein kik på speedometeret, før det er for seint.  Foto:  Statens vegvesen. Eikefjord Fotball har ingen å miste! Ein vil difor oppmode alle om å køyre forsiktig. Med fotballen i fylket er det spesielt mange born og unge som skal til og frå trening og kamp. Ein finn born og unge både gåande og syklande langs vegen og på parkeringplassar, samt dei som er passasjerar i bilane. Sogn og Fjordane Fotballkrets reknar med at i løpet av eitt år så flyttar omtrent  13000 personar på seg i frå A til B for å delta på  trening eller kamp i Sogn og Fjordane.   I løpet av eitt år her i fylket så vert det arrangert ein stad i mellom 7000-10000 fotballkampar.

  8. Tobakksfri- også på sidelinja Tobakk, nei takk! Idrett er på lag MOT tobakk, rus og narkotika! Er du på sidelinja også samd i det? Stå saman om haldningsskapande arbeid i klubben. sunn SFFK vil ha røyk- og rusfrie stadion og treningsfelt. Går det ikkje? Tja, Sogndal har røykfrie tribuner, og det går godt! SFFK markerer kvart år Verdens røykfrie dag. Våre dommarar reklamerer for ”Tobakksfri- også på sidelinja”. Har din klubb klare retningslinjer?

  9. Inkludering Har alle eitfotballtilbod? Det handlar om fotballglede for alle! SFFK vil at alle grupper skal ha eit tilbod i sitt nærmiljø og i sin klubb… Veit du om nokon som står utanfor? SFFK har engasjert seg i inkluderingsarbeid, aktivitet på asylmottak og tiltak som ”Barn hjelper barn” Treng din klubb eit spark bak! SFFK har kompetanse til rådvelde.

  10. Det handlar om å bry seg! Minifotballen bryr seg. Nytt fokusområde i år er ”Barn hjelper barn”. Vi har valgt å gå inn i eit spesifikt prosjekt i Vietnam, i fotballklubben i Hong Tien, som NFF og Football for All in Vietnam følger tett, saman med Norsk Folkehjelp. Klubben består av i alt 8 lag i alderen 6-11 år. I år har SFFK i samarbeid med minifotballen i Heile fylket samle inn over 50 000 kr. til prosjektet. Barn viser at dei kan hjelpe barn. Innsatsen i klubbane har vore veldig god. Støtte betyr mykje for den som får det! Innsamla midlar går til infrastruktur, skule og også nye fotballbaner!

  11. Korleislukkast? Å vise samfunnsansvar handlarikkje alltid om veldig mykje innsats eller veldig mykjepengar. Truleghandlar det mest om kunnskap og godt leiarskap. I nokre tilfeller kan tiltak koste. God dialog med kommune og næringsliv er viktig for å få tilgang til ressursarinnan folkehelse, inkludering osv. Vis kva De kan, og er gode på! Veit De at godt samfunnsarbeid også lønner seg? Eit godt omdøme styrkar samhandlinga med næringsliv, skule og kommune. Har din klubb verktøyet De treng? Tar De utf0rdringa i lag med oss? Godt omdøme gjev gode resultat Årdalstangen og Eikefjord har fått stønad frå lokalt næringsliv til klubb bussar og tryggleikstiltak.

  12. Takk til våre samarbeidspartnarar!

More Related