E N D
FN-sambandets føremål FN-sambandets føremål er å spreie informasjon om FN-pakta, FN sin organisasjon og verksemd, med mål om å skape interesse, kunnskap og debatt om internasjonale spørsmål. FN- sambandet skal i si opplysningsverksemd vidare leggje vekt på forholda i utviklingslanda og samarbeidet med dei - multilateralt og bilateralt. Målet skal nåast gjennom aktiv og saklegfolkeopplysning mellom anna ved eigne tiltak, gjennom skuler, organisasjonar, institusjonarog massemedier.
Kunnskap og debatt om FN og internasjonale spørsmål Auka kunnskap i folket og forståing i skulen for internasjonalt samarbeid • Styremakter skal gjere fram-forhandla FN-vedtak gjeldande for Noreg • Ålmenta i Noreg skal gje støtte til FN og internasjonalt samarbeid Hovudmål Ungdomskule Vidaregåande skule Grunnskule Lærar-utdanning Målgruppe Fred og nedrusting Menneskerettar FNs berekraftige utviklingsmål Klima Tema Organisasjon Finansiering Medlems-masse Kompetanse
Aktivitet – møte ansikt til ansikt og digitalt tilbod FN-sambandets målgrupper er skuleverket. Prioritert rekkefølge er vidaregåande skule, ungdomskule, lærarutdanninga og grunnskulen . Desse målgruppene skal nåast med eit tilbod om aktivitet ansikt til ansikt og også eit digitalt tilbod.
Digitalt tilbod Barnehageborn har vorte kjende med FN-filuren som reiser rundt for å snakke med barn om rettar og om samarbeid. • Barnehagen: • utvikle FN-filuren vidare på nett gjennom fn-filuren.no • tilby materiell som byggjer opp om FN-filuren for bruk i barnehagane og øvste trinn på barneskulen • Ålmenta • leggje til rette for debatt gjennom nettsider og sosiale medier • la tilbudet til skuleverketvere slik utforma at det har appell hos ålmenta for bruk i kvardag og som kjelde
Ålmenta gjennom medier Ålmenta møter FN-sambandet først og fremst gjennom media. FN-sambandet skal vere ei klår stemme for internasjonalt samarbeid i media. • FN-sambandet skal: • bidra til den offentlige debatten gjennom media • vere ei prioritert kjelde til kunnskap om FN i media • utvikle andre arenaer enn dei tradisjonelt meiningsberande media for kor FN-sambandet er synleg.
Auka kunnskap i folket og forståing i skulen for internasjonalt samarbeid FN-sambandets viktigasteoppgåve er å sørge for at folk i Noreg kjenner til FN og FNs aktivitet. Hovudsaka er då å sørge for at dei som veks opp får kunnskap og kan setje denne kunnskapen om internasjonalt samarbeid inn i einsamanheng. FN-sambandet skal: • bidra til god og grunnleggjande kunnskap om FNog FNs rolle som normgjevar (internasjonale lovar, reglar og standardar) • Skape debatt om FNs rolle i eit nytt verdsbilete • veretilstades i skuleverket for å spreie FN-informasjon
Styremakter skal gjere framforhandla FN-vedtak gjeldande for Noreg Noreg er av mange kjend for si støtte til FN og FN sin aktivitet. Samtidig finns det avtalar og konvensjonarNoregikkje har slutta seg til av ulike årsaker. FN-sambandet skal: • arbeide for at Noregsluttar seg til alle avtalar som er forhandla fram i FN • krevje at det vert gitt ei særskild grunngjeving dersom Noreg vel å ikkje slutte opp om ein avtale • Hva oversikt over kva Noreg har slutta seg til og kva ein i Noregikkje har slutta seg til av avtalar
Ålmenta i Noreg skal gje støtte til FN og internasjonalt samarbeid I den norske befolkninga er det stor støtte til FN og internasjonalt samarbeid. Ei slik støtte kjem ikkje av seg sjølvog krev stadig oppdatert informasjon om FNs arbeid og aktivitet. FN-sambandet skal: • bidra i den offentlege debatten med kunnskap og som kjelde • måle i kva grad ålmenta i Noregsluttar opp om FN og internasjonalt samarbeid
Vidaregåande skule FN-sambandet har mykje erfaring med arbeid med elevar i vidaregåande skule. Dette er FN-sambandets viktigaste målgruppe. Læreplanen gir rom for fleire relevante tilbod kopla til FN –sambandets prioriterte tema. • FN-sambandet skal: • tilby aktivitet til elevar i vidaregåande skule innan alle FN-sambandets prioriterte tema • møte fleireelevar i vidaregåande skule • utvikle nye tilbod til vidaregåande skule • sikre tilbod tilpassa elevar i alle utdanningsprogram
Ungdomskule Ungdomsskulen er det skuleslaget der alle elevane er samla i samme gruppe. Det er mogleg å lage tilpassa undervisningsopplegg til læreplanmåla i skulen. • FN-sambandet skal: • utvikle tilbodet til elevar i ungdomskulen • tilpasse tilbodet til elevar i vidaregåande skule også til ungdomskulen
Lærarutdanning Vegen til elevane går gjennom læraren og vegen til læraren går gjennom lærarutdanninga. FN-sambandets tilbod må vere enkelt å ta i bruk for einkvarlærar. • FN-sambandet skal: • gjennomføre FN-rollespel på lærarutdanninga i alle regionar • gjere avtaler med institusjonane som tilbyr allmenlærarutdanning og PPU om faste kurs • tilby kurs og studiereiser til lærarar som underviser i internasjonale fag
Barneskule På barnesteget 1 – 4 og mellomsteget 5 -7 får borngrunnleggjande kunnskap for vidare læring. I grunnskulen vert grunnen lagt for haldningar som varer heile livet. • FN-sambandet skal: • møte elevar i barneskulen ansikt til ansikt og gjedei digitale tilbod • særleg utvikle tilbod for markering av dagar som FN-dagen, verdas miljøverndag, fredsdagen og menneskerettsdagen • utvikle tilbod som kombinerer kunnskap med aktivitetar
Fred og nedrusting (tilsetterepresentanten vil ha Fred og tryggleik) FNs arbeid for fred er grunnlaget for heile organisasjonen. FNs arbeid for nedrusting sikrer kontroll over våpenmakt og trygger freden. • FN-sambandet skal: • informere om FNs arbeid for fred og nedrusting og ta til orde for fredeleg sameksistens mellom statane • følgje forhandlingane om nedrustning • utvikle FN-rollespel med FNs tryggingsråd som arena vidarei Noreg og delta internasjonalt • gjeeit sterkt og truverdig undervisningsmateriell til våre medlemsskolar
Menneskerettar FNs menneskerettsverktøy skal sikre alle menneske grunnleggjanderettar. Menneskerettane er i stadig utvikling og under stadig debatt. • FN-sambandet skal: • auke kjennskapen til kva menneskerettar er og korleisdeivert til • auke kjennskapen vil FNs menneskerettsinstitusjonar og korleisdeiverkar • arbeide for at Noregratifiserarkonvensjonar forhandla fram i FN
FNs berekraftige utviklingsmål (tilsetterepresentanten vil ha Utvikling) FNs utviklingsagenda spenner over eit bredt felt og vert på mange vis samla i FNs nye og universelle berekraftige utviklingsmål. FN-sambandets arbeid med utviklinsagendaen vil krinse om desse måla. • FN-sambandet skal: • bidra til at merksemda om FNs tusenårsmål vert halden oppe fram til perioden for arbeidet med dei går ut • bidra til debatt om forhandlingane om mye mål • sørge for at innhaldet i nye berekraftsmål vert kjend
Klima Arbeidet med klima er gjennom FNs klimapanel IPCC og klimaforhandlingene UNFCCC blitt rekna som FNs fjerde stolpe. Med klimautslepp som klodens største utfordring er FNs arbeid med klima ein av FN-sambandets prioritetar. • FN-sambandet skal: • bidra til kunnskap om klima gjennom å gjere FNs klimarapportartilgjengeleg • bidra til kjennskap om forhandlingane om ein internasjonal juridisk bindande klimaavtale • bidra til debatt om korleisNoreg og verda kan redusere klimautslepp
Finansiering FN-sambandet er avhengig av finansiering frå norske styresmakter. For at FN-sambandet skal vidareutvikle si stilling som den beste staden for FN-informasjon i Noreg treng vi også i framtida tillit fråstyresmatene og ein stabil og god økonomi. • FN-sambandet skal: • sikre ei stabil finansiering for å oppretthalde og styrke organisasjonens virksomhet, som set oss i stand til å nå våre strategiske mål. • vurdere prosjektfinansiering til tiltak som fremjer organisasjonens verksemd • sikre finansiering, gjennom ny rammeavtale med Norad
Kompetanse Som den viktigastekjelda til FN-informasjon i Norge, må FN-sambandet ha den naudsynte kompetansen om FN og internasjonale spørsmål i tillegg til god informasjonsfaglig kompetanse, for å drive effektivt informasjonsarbeid i god folkeopplysningstradisjon. • FN-sambandet skal: • sørge for fagleg vekst og kompetansebygging, særlig om FN-systemet og på FN-sambandets prioriterte tema • styrke kontakta med FN-systemet og relevante norske styresmakter og forskningsmiljø • delta i norske delegasjonartil utvaldeFN-møter
Medlemsmasse FN-sambandet skal ha vekst i talet på tilslutta medlemsorganisasjonar. Særleg organisasjonar som arbeider innan: - Arbeidsliv- Fred - Miljø- Utvikling og humanitært arbeid- Ungdomsorganisasjonar- Menneskerettsorganisasjonar er også særlig velkomne som medlemmerom dei sluttar seg til FN-sambandet sitt føremål FN-sambandet skal ha vekst i talet på FN-skular, særleg på vidaregåande nivå