130 likes | 359 Views
NYNORSK. Elevane skal kunne – gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945
E N D
NYNORSK Elevane skal kunne – gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945 – gjere greie for den politikken den norske nasjonalstaten førte overfor urfolk, nasjonale og etniske minoritetar på 1800- og 1900-talet, og diskutere nokre konsekvensar av denne politikken – gjere greie for korleis arbeidsliv og arbeidsdeling mellom kjønna har endra seg i Noreg frå 1800-talet og fram til i dag Kapittel 22: Vekstkritikk og norsk oljeeventyr
Kritikk og protest - Kritikk av ein altfor einsretta skole, ønske om meir kritisk tenking i skolen. - Protest mot atomvåpen på norsk jord. - Protest mot den amerikanske krigføringa i Asia. - Aukande protest mot NATO.
Kritikk og protest - Misnøye med lukka politiske maktmiljø og byråkrati. - Kritikk av einsidig økonomisk vekst. - Åtvaringar om miljøøydeleggingar: lokal ureining inngrep i urørt natur globale klimaproblem - Kampen mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget. - Kampen mot fråflytting på bygdene.
Tiltak - Miljøverndepartementet blei oppretta i 1972. - Inntektsheving for bøndene.
Kritikk og protest EF-kamp - Folkerørsla mot norsk medlemskap i EEC: brei folkeleg rørsle distriktspolitikk og politisk venstreside - Europarørsla: feste i byar og på Austlandet - Nei-fleirtal ved folkeavrøystinga i 1972. - Nye parti på ytterfløyene: ALP og AKP (ml).
Kritikk og protest Kritikk av kjønnsrollemønsteret - Ei ny kvinnerørsle. - Kamp for like rettar. - Kamp mot undertrykkjande kjønnsroller.
Mange krav vann fram - Lov om sjølvvald abort. - Likestillingslova. - Krisesentra.
Oljeeventyret - 1970: Storfunn av olje i Nordsjøen. - 1975: Storproduksjonen av olje og gass i gang. - Staten ville sikre nasjonal kontroll med oljeinntekter og oljeindustri. - Målet var at mest mogleg av oljen skulle ilandførast i Noreg og gi arbeid og utvikling her.
Oljeeventyret - I Noreg, meir enn andre stader i Vesten, skapte oljeverksemda offentleg velferd, ikkje berre privat velstand. - Noreg blei etter kvart leiande innanfor oljeteknologi til havs. - I åra 1973–1975 var det oljekrise og økonomiske nedgangstider ute, men norsk økonomi var likevel i sterk vekst.
Innvandring - Noreg trong arbeidskraft og ønskte innvandrarar velkommen. - Fram til 1970 hadde innvandrarar til Noreg i hovudsak vore arbeidssøkjarar frå nabolanda, arbeidssøkjarar frå industriland som Italia, Spania og Portugal og kald krig- flyktningar frå Aust-Tyskland, Tsjekkoslovakia og Ungarn. - Fram til 1967 vandra fleire ut enn inn. I dei neste åra merka Noreg den globale migrasjonen.
Innvandring - Fleire kom hit frå land som Tyrkia, Marokko, India og Pakistan. - Dei aller fleste kom til Oslo og gjekk inn i låglønnsyrke.
Velferdsstaten – ikkje berre idyll - Målet var å sikre folk sosialt, men det økonomiske grunnlaget svikta. - Helsestellet voks. - Folk levde lenger og fekk høgare forventningar til helsestellet. - Eit nytt klientsamfunn? - Stadig fleire blei trygdemottakarar i staden for arbeidsytarar.
Velferdsstaten – ikkje berre idyll - Familien i forandring. - Vanlegare å vere ugift, men åleinemødrer var den største gruppa av fattige. - Talet på brotsverk steig. - Alkoholforbruket steig. - Fleire arbeidsledige. - Større narkotikaproblem.