150 likes | 250 Views
EALTA – Europeisk organisasjon for språktesting og -vurdering. www.ealta.eu.org. EALTA sitt overordna føremål.
E N D
EALTA – Europeisk organisasjon for språktesting og -vurdering www.ealta.eu.org
EALTA sitt overordna føremål Føremålet til EALTA er å fremje forståinga for teoretiske prinsipp for språktesting og -vurdering, og å arbeide for at test- og vurderingspraksis i Europa blir betra og utveksla land imellom.
EALTA sine Retningsliner for God Praksis er først og fremst retta mot tre ulike grupper: Personar som er involverte i • opplæring av lærarar i testing og vurdering • testing og vurdering i klasserommet • utvikling av testar ved nasjonale eller institusjonelle testeiningar eller -senter
Generelle prinsipp som gjeld for alle gruppene: Respekt for studentane/testkandidatane Ansvarskjensle Rettferd Reliabilitet Validitet Samarbeid mellom dei involverte partane
EALTA sine Retningsliner for God Praksis i Språktesting og -vurdering .
Medlemmer i EALTA som er involvert i opplæring av lærarar i testing og vurdering, må avklare overfor seg sjølv og relevante interessegrupper (lærarstudentar, praktiserande lærarar, læreplanutviklarar):
Døme • Kor relevant er opplæringa i høve til studentane sitt vurderingsarbeid? • Kor tydeleg er prinsippa for testing og vurdering (til dømes validitet, reliabilitet, rettferd, washback) relatert til studentane sin kontekst? • Korleis er balansen mellom teori og praksis i opplæringa? • I kor stor grad er studentane involverte i utvikling, utprøving og evaluering av vurderings-prosedyrar?
Medlemmer i EALTA som er involvert i testing og vurdering i klasserommet, må avklare overfor seg sjølv og relevante interessegrupper (spesielt elevar/studentar, men også foreldre så langt det lar seg gjere):
Døme • Kva er føremålet med vurderinga? • Kor relevante er vurderingsprosedyrane for elevane? • Kva blir gjort for å sikre at vurderingsresultata er eksakte og rettferdige? • Kva omsyn blir tatt til elevane sine synspunkt på vurderingsprosedyrane? • Kva tiltak vil bli sett i gang for å fremje elevane si læring? • Kva typar tilbakemelding får elevane?
Medlemmer i EALTA som er involverte i testutvikling må avklare overfor seg sjølv og relevante interessegrupper (lærarar, testkandidatar, det offentlege) og komme med svar på spørsmåla nedanfor.
For å auke kvaliteten på vurderingssystem og – rutinar, blir testutviklararoppfordra til å gå i dialog med dei som tar avgjerder ved ulike institusjonar, direktorat og departement for å sikre at dei er innforståtte med både god og dårleg praksis.
Døme • Finst det testspesifikasjonar? • Har testutviklarane og oppgåveskrivarane relevant erfaring frå undervisning på det nivået vurderinga rettar seg mot? • Kva opplæring har testutviklarane og oppgåveskrivarane fått? • Blir testane prøvd ut? • Får sensorane opplæring før kvar testavvikling?
Døme • Er det rutinemessig bruk av dobbelsensur på subjektivt vurderte testar? • Kva er washback-effekten? • Kva rutinar er på plass for å sikre at testane held tritt med endringar i læreplanen? • Blir testnivået spesifisert som CEFR-nivå? • Kva dokumentasjon støttar CEFR-tilknytninga?
Språkversjonar av Retningslineneferdigstilt i januar 2007 • armensk • bulgarsk • dansk • engelsk (britisk) • estisk • finsk • fransk • georgisk • gresk • italiensk • katalansk • latvisk • litauisk • luxemburgsk • nederlandsk/flamsk • norsk (bokmål +nynorsk) • polsk • rumensk • russisk • slovensk • spansk • svensk • tsjekkisk • tyrkisk • tysk • ungarsk
For den fullstendige versjonen avEALTA sine Retningsliner for God Praksis i Språktesting og -vurderingog dei ulike språkversjonane dokumentet finst i, sjå www.ealta.eu.org