330 likes | 460 Views
Landbruksmelding for Møre og Romsdal Synnøve Valle. Fylkespolitikk og landbruk. Fylkespolitikarane ønskjer å ha ei meining om landbruk Fylkesutvalet vedtok 28.11.11 å setje i gang arbeidet med ei landbruksmelding for Møre og Romsdal. Fylkesmannen skulle gjere jobben
E N D
Landbruksmelding for Møre og Romsdal Synnøve Valle
Fylkespolitikk og landbruk • Fylkespolitikarane ønskjer å ha ei meining om landbruk • Fylkesutvalet vedtok 28.11.11 å setje i gang arbeidet med ei landbruksmelding for Møre og Romsdal. Fylkesmannen skulle gjere jobben • Landbruksmeldinga vedteken av fylkestinget 12.12.12
Mål for arbeidet med landbruksmeldinga var: • Gje kunnskap om landbruket og setje landbruket på den politiske dagsordenen • Vere retningsgjevande for utviklinga av landbruket på regionalt nivå • Bidra til å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i fylket
Resultatet… • Statistikk – og analysedel • Tal og utviklingstrekk for landbruket generelt og ulike produksjonar • Verdiskaping • Kva syn har bøndene på framtida? • Kva er utfordringane? • Kva mål skal me ha for landbruket i fylket vårt? Kva tiltak kan mesetje inn?
Fordi… • Regjeringa har kome med eistortingsmelding om landbruks- og matpolitikken. Den gjev føringar for landbrukspolitikken dei nærmaste åra • For eksempel: Statistisk sentralbyrå anslår at det vil bli 20 prosent fleire innbyggarar i Noreg dei neste 20 åra. Stortingsmeldinga seier at matproduksjonen skal aukast tilsvarande. Skal Møre og Romsdal ha sin andel av denne auken? Og korleis får me det til?
Fordi… • Det er viktig at næringa sjølv er aktiv i diskusjonen om eiga framtid og skaper alliansar i det politiske miljøet, i næringslivet og blant folk flest – også på regionalt nivå! • Landbruket må på dagsordenen!
Korleis står det til med landbruket i Møre og Romsdal? • Møre og Romsdal er eit sterkt landbruksfylke, med blant anna 10 prosent av mjølkeproduksjonen i landet • Me er store på sau • Me har viktige klynger innanfor frukt, grønsaker og bær • Det er eit behov for å synleggjere Møre og Romsdal som eitt av dei fremste matfylka i landet – og å finne nødvendige tiltak for å halde på den stillinga i åra framover
Kven er bonden i Møre og Romsdal? • Gjennomsnitt 51 år • 20 prosent er over 62 år • 41 prosent har landbruksfagleg utdanning på vidaregåande skule eller på høgskulenivå • 15 av 100 brukarar er kvinner, men det er 40 prosent kvinner som tek over gardane
Pessimistiske bønder? • Spørjegransking i 2012 utført av Bygdeforskning: • 23 prosent trur det økonomiske resultatet vil endre seg i positiv retning dei neste fem åra (2008: 30 prosent) • 25 prosent trur dei vil legge ned drifta dei neste fem åra (landet: 14 prosent) • Under halvparten – 46 prosent – vil rå borna til å ta over (landet: 60 prosent) • Er me langt meirpessimistiske i MR enn i andre fylke?
Verdiskaping Verdiskaping=nettoprodukt
Verdiskaping Verdiskaping i mjølkeproduksjonen Møre og Romsdal, nettoprodukt
Verdiskaping Verdiskaping i sauehaldet i Møre og Romsdal (nettoprodukt)
Korleis står det til i Fræna? • Desidert største landbrukskommunen i fylket • Sterkt fagmiljø • 350 årsverk • Ca. 200 gardsbruk • 56 000 dekar jordbruksareal (10 % av fylket) • 35% av kommunens landareal • 17,7 millionarliter mjølk
Omsetning i mjølkeproduksjonen • Ti på topp (mill. kroner): • Fræna 162,9 • Surnadal 94,5 • Rindal 87,4 • Ørsta 84,8 • Gjemnes 73,7 • Rauma 72,8 • Nesset 54,0 • Averøy 52,2 • Aure 51,1 • Tingvoll 49,9
Omsetning i sauehaldet Ti på topp (mill. kroner): Rauma 29,2 Fræna 17,3 Smøla 14,3 Surnadal 14,2 Stranda 14,1 Nesset 14,0 Vanylven 12,5 Ørsta 12,0 Norddal 10,9 Sykkylven 10,6
Viktige spørsmål: • Kva er det viktigaste for landbruket i Møre og Romsdal dei nærmaste åra? • Kvar har me handlingsrommet vårt? • På kva område innanfor landbruket kan fylket vårt verteeit føregangsfylke? Korleis nytte ut ressursane på ein best mogleg måte?
Utfordringane står i kø? • Investeringsbehov- og –evne • For låg inntekt • Produksjonsauke – korleis? • Mindre beiting i utmark – gjengroing • Stor andel leigejord • Omdisponering/nedbygging av jord • Klimaendringar • Betre grovfôr – korleis? • Samordning av rådgiving • Styrke sterke fagmiljø og klynger
Her er fleire… • Landbruket som energileverandør • Auka bruk av tre • Omdømme • Konkurranse med anna næringsliv • Rekruttering • Kompetanse • Større andel av verdikjedene • Bygdenæringar (turisme, sal av tenester, lokal mat, trevirke…)
Mål og tiltak i landbruksmeldinga for Møre og Romsdal: • Eitthovudmål, 13 delmål og mange tiltak • Hovudmål: Møre og Romsdal skal ha eit berekraftig og synleg landbruk over heile fylket
Ta vare på areala våre • Mål: Ta vare på jordbruket sitt produksjonsareal og kulturlandskap: • Politikarskule om jordvern • Stimulere til drift på marginale jordbruksareal
Me vil ha auka beiting • Mål: Beitebruken i Møre og Romsdal skal aukast, målt i tal dyr og i areal: • Kartlegge beitearealet i kommunane for å utnytte beiteressursane betre. • Auka satsing på gjerding
Klima og miljø • Mål: Møre og Romsdal skal arbeide for å nå nasjonale mål om klimagassreduksjonar og tap av næringsstoff frå landbruket: • Betre drenering • Meir effektiv utnytting av næringsstoffa i husdyrgjødsel: Investeringstøtte til bygging av større gjødsellager – unngå haustspreiing
Rekruttering • Mål: Auke rekrutteringa av både kvinner og menn til landbruket. Eigarskifte bør sikre vidare drift: • Fokus på kvinner som driv gard • Tiltak for nye brukarar: Kommunebesøk til alle nye brukarar. Kurs for nye bønder. Mentor-/fadder-ordning. Organisert lokalt nettverk av yrkesbrør som kan vere praktiske rådgjevarar • Gode velferdsordningar for bønder: Betre tilgang på avløysarar – betre opplæring • Eigedomsoverdraging: Nytenking for å vidareføre drifta på aktive gardsbruk
Husdyrproduksjon • Mål: Auke produksjonen av mjølk, storfekjøtt og saue- og lammekjøtt med 20 prosent innan 2030 • Sikre nødvendige midlar til investeringar • Redusere tapa i sauehaldet • Produksjonsfagleg rådgjeving • Betre kvalitet på grovfôret
Styrke landbruket…? • Meldinga peikarpå deiviktigasteutfordringane for landbruket deinærmasteåra: • Det ermange mål som skal oppfyllast – korleis? • Korleis få organisasjonane og kommunanemeir på banen? • Korleis kan landbruket skaffe seg alliansepartnarar? • På kva område kan MRverteeitføregangsfylke?
Er det noka framtid for meg, eller? Foto: Arnold Hoddevik