340 likes | 665 Views
Skatt og arbeidsliv. Velferdsstaten er skattefinansiert. Velferdsstaten er skattefinansiert. Skatt i Noreg. Skatten finansierer tenester som kjem alle i samfunnet til gode. helse (legebehandling, sjukehus etc.) ytingar frå NAV (sjukepengar, fødselspengar, pensjon etc.) utdanning
E N D
Skatt og arbeidsliv Velferdsstaten er skattefinansiert Laga av Vox i samarbeid med Oslo kemnerkontor og Oslo Voksenopplæring Servicesenter
Skatt i Noreg • Skatten finansierer tenester som kjem alle i samfunnet til gode. • helse (legebehandling, sjukehus etc.) • ytingar frå NAV (sjukepengar, fødselspengar, pensjon etc.) • utdanning • Vi har ulike skattar og avgifter i Noreg, som skatt på arbeidsinntekt, meirverdiavgift/mva. (moms) og særavgifter (årsavgift for bil, bensin, tobakk og alkohol). • Alle bidreg ved å betale skatt, både personar og bedrifter.
Meirverdiavgift/mva. (moms) Betala i skatt til staten (mva.) Det du har betala for maten
Skatt når du jobbar • Arbeidsgjevaren skal trekkje skatt kvar gong du får utbetala løn. Dette er ei førehandsbetaling av skatt. • Neste år reknar skattekontoret ut den endelege skatten din, som vert samanlikne med skatten arbeidsgjevaren har trekt av løna di. Har du førehandsbetala for lite skatt? Har du førehandsbetala for mykje skatt? Du får pengar tilbake. Du må betale restskatt.
LiliyaAkaeva • Liliya Akaeva og dei to barna hennar på 5 og 7 år kom til Noreg som tsjetsjenske flyktningar for tre år sidan. • Mannen er i flyktningleir. Liliya og barna ønskjer at han skal kome til Noreg. • Etter å ha gjennomført introduksjonsprogrammet, har ho byrja å søkje jobb. • Liliya søkjer ulike jobbar. Ho er utdanna jurist frå heimlandet, men det er vanskeleg å få ein jobb som passar til utdanninga. Ho takkar difor ja til å byrje som reinhaldsarbeidar på Vox.
Arbeidsavtala til Liliya • Alle skal ha ei skriftleg arbeidsavtale • som gjev informasjon om: • kva for innhald arbeidet har • ferierettar og feriepengar • oppseiingsfristane til arbeidstakaren og arbeidsgjevaren • avtalt løn og eventuelle lønstillegg • avtalt arbeidstid og pausar • avgjerder om prøvetid • For meir informasjon sjå arbeidstilsynet. no
Søknad om skattekort • For å få skattekort første gong må du kontakte skattekontoret. Du må ta med følgjande: • gyldig pass • opphalds- eller arbeidsløyve • skriftleg arbeidsavtale • norsk fødselsnummer (viss du har)
Skattekortet til Liliya Del 1 skal leverast til hovudarbeidsgjevaren Ved utbetaling av vanleg løn, som månadsløn, vert skatten rekna ut etter tabellen. Ved utbetaling av anna løn vert skatten rekna ut med prosent. Del 2 skal leverast til andre arbeidsgjevarar
Utdrag av skattekortet Lønsslippen til Liliya Løn til bankkonto Førehandsbetala skatt
Liliya får løns-og trekkoppgåve i januar/februar 2010 Arbeidsgjevar Fjorårets løn Skattetrekk 2009 Kontroller løns- og trekkoppgåva mot lønsslippane.
Døme på andre årsoppgåver • Pengar i banken? • Banken sender ei oppgåve over innskot og renter. • Barn i barnehage eller SFO? • Barnehage/SFO sender oppgåver som syner kostnadene til barnepass (private barnehagar har ikkje plikt til å sende oppgåve). • Medlem av fagforeining? • Foreininga sender ei oppgåve som syner betala kontingent. Viss kontingenten blir betala via arbeidsgjevaren, vil han stå på løns- og trekkoppgåva.
Liliya får sjølvmeldinga i mars/april 2010 Løna på 220 000 kr er henta frå løns- og trekkoppgåva som Vox har sendt inn Alle som mottek løn, får minstefrådrag. Det vert automatisk rekna med 36 % av løna, og vert aldri sett lægre enn 31 800 kr eller høgare enn 70 350 kr. Alle som har hatt utgifter til barnepass, får foreldrefrådrag. Frådraget er maksimalt 25 000 kr for eitt barn, og 15 000 kr for kvart barn etter det første. Alle som er medlem av ei fagforeining, får frådrag for betala kontingent. Frådraget er maksimalt 3 600 kr. Kontroller sjølvmeldinga mot årsoppgåvene
Førebels skatteutrekning for Liliya 2010 Kontroller skattetrekket mot løns- og trekkoppgåva(/ene)
Liliya må rette sjølvmeldinga Liliya må informere skatteoppkrevjaren om skattetrekket for å unngå restskatt.
Liliya får skatteoppgjeret i slutten av juni 2010 Skatteoppgjeret inneheld òg løna og skattetrekket frå sommarjobben. Endeleg utrekna skatt Førehandsbetala skatt Skatt til gode (vert utbetala)
Treng Liliya skjemaa seinare? Ja, ho treng dei viss ho skal søkje om: • familieinnvandring (familiegjenforeining) • besøk av slektningar frå heimlandet • banklån • dagpengar Ho treng dei òg viss: • arbeidsgjevaren ikkje opplyser skattekontoret om skatten ho har betala • arbeidsgjevaren går konkurs
Liliya får feriepengar • Liliya får løn i 11 månader kvart år. Den siste månaden har ho ferie, og får feriepengar. • Alle har krav på fire veker ferie, og får 10,2 % av fjorårets løn i feriepengar. • Somme har avtale om fem veker ferie, og får 12 % av fjorårets løn i feriepengar. • Feriepengar vert utbetala av arbeidsgjevaren, vanlegvis i juni. • Kor mykje får Liliya i feriepengar frå Vox?
Sara jobbar svart • Sara og dei to barna hennar kom til Noreg som flyktningar i fjor. • Ho får tilbod om å jobbe svart som reinhaldar. • Svart arbeid er å jobbe utan å betale skatt. • Sara vil tene mykje pengar fort, og trur difor at det løner seg å takke ja til tilbodet. Kva trur du?
Sara jobbar svart, og får ikkje… • familieinnvandring og besøk frå heimlandet • trygdeytingar (sjukepengar, dagpengar og fødselspengar) • banklån • feriepengar • alderspensjon • yrkesskadeforsikring • arbeidsavtale • sluttattest • lønsgaranti ved konkurs
Løner det seg å jobbe svart? • * Skatteklasse 2 gjev høgare frådrag og lægre skatt. • ** Feriepengar vert utbetala neste år.
Samfunnskonsekvensar av svart arbeid • mindre pengar til helsetenester, trygdeytingar etc. • høgare skattar og avgifter (MVA, særavgifter og skatt på arbeidsinntekt) • urettferdige konkurransevilkår for bedrifter som følgjer lova
Sidan sist… • Liliya er gjenforeint med mannen sin. • Ho har teke kurs i sakshandbehandling hos NAV. • Ho har fått jobb i kommunen som saksbehandlar, og har slutta i jobben som reinhaldar. • Sara er teken for å jobbe svart, og må betale ekstra mykje skatt av pengane ho har tent. • For arbeidsgjevaren til Sara får det òg økonomiske konsekvensar. I tillegg kan det føre til andre straffereaksjonar, som bøter og fengselsstraff.
Liliya endrar skattekortet Mannen til Liliya har fått jobb og Liliya er ikkje eineforsørgjar lenger.For at skattetrekket hennar skal bli rett, endrar ho skattekortet. Utbetala løn hittil i 2010 Utbetala introduksjonsstønad hittil i 2010 Forventa løn i heile 2010 Forventa introduksjonsstønad i 2010
Du får jobb Du fårløn Du får løns- og trekkoppgåvefor 2009 Du får sjølvmeldingfor 2009 Du får skatteoppgjer for 2009 Oppsummering 31.12.09 30.04.10 15.06.10 • Arbeidsavtale vert skriven med arbeidsgjevaren. • Skattekort vert tinga hjå skattekontoret. • Bankkonto vert oppretta. • Lønsslipp frå arbeidsgjevaren • Løna vert utbetala til bankkonto. • Summering av lønsslippane frå kvar arbeidsgjevar i 2009 • Viss du ikkje har motteke han i starten av februar, må du kontakte arbeidsgjevaren. • Oversyn frå skattekontoret over inntekter, frådrag, eigendelar og gjeld • Kontroller at alt har kome med, og at alle beløpa stemmer med oppgåvene som er mottekne. • Er alt rett, skal ikkje sjølvmeldinga leverast. Eventuelle feil må rettast og sjølvmeldinga leverast innan 30. april. • Syner om det er betala for mykje eller for lite skatt i 2009 • Er det betala for mykje skatt, blir dette tilbakebetala. • Er det betala for lite, må restskatten betalast.
Elektronisk innsending via Miside • Miside gjev deg tilgang til ulike elektroniske tenester frå det offentlege, som Skatteetaten og NAV. • På Miside kan du sende inn ulike søknader, skjema og registreringar som: • søkje om eller endre skattekort • levere sjølvmelding • endre adresse i folkeregisteret • få oversyn over den forventa alderspensjonen din frå NAV • For å logge inn deg inn på Miside må du ha fødselsnummer og PIN-kodar frå Skatteetaten. Manglar du PIN-kodar, kan desse tingast på skatteetaten.no. • Sjå Miside for meir informasjon om elektronisk innsending.
Ønskjer du å drive eiga bedrift? • Viss du startar eiga bedrift, tar du på deg forpliktingar andsynes norske styresmakter. • Skaff deg god informasjon og nok kunnskap før du startar opp. • På altinn.no under «Hjelp til regelverk» finn du informasjon om å drive eiga bedrift. Skattekontoret kan òg gje deg informasjon. • I dei fleste større kommunane er det personar som kan hjelpe deg når du skal starte eiga bedrift.
Kven svarar på hva? • Skatteoppkrevjaren (for kommunen din) • skattetrekk • løns- og trekkoppgåve • skatteoppgjer • Skattekontoret (for kommunen din) • skatteetaten.no • taxnorway.no • PIN-kodar til Miside • skattekort • førehandsutrekning av skatt • sjølvmelding • start av eiga bedrift
Kven svarar på kva? • NAV • nav.no • ledige jobbar • yrkes- og utdanningsrettleiing • trygdeytingar (sjukepengar, dagpengar ol.) • fastlegeordning • Arbeidstilsynet • arbeidstilsynet.no • feriepengar • arbeidsavtaler • oppseiingar