320 likes | 436 Views
Klimaendringar – utfordringar for Vestlandsjordbruket. Kyrre Groven Vestlandsforsking. Disposisjon. Klimaendringane Første utfordring: Utsleppsreduksjon Andre utfordring: Sårbarheit og tilpassing. Klimaendringane. Naturleg drivhuseffekt. 1% av atmosfæren er drivhusgassar
E N D
Klimaendringar – utfordringar for Vestlandsjordbruket Kyrre Groven Vestlandsforsking
Disposisjon • Klimaendringane • Første utfordring: Utsleppsreduksjon • Andre utfordring: Sårbarheit og tilpassing
Naturleg drivhuseffekt • 1% av atmosfæren er drivhusgassar • Slepper gjennom energirike solstråler, fangar langbølgja varmestråling • Eit vilkår for livet på jorda • Utan drivhusgassane: Gjennomsnitts-temperatur -19ºC og islagte hav
Menneskeskapt drivhuseffekt • Fossil energi: Frigjer karbon som har vorte lagra i bakken i løpet av ½ milliard år • 35% meir CO2 i atmosfæren i dag enn i 1750 • 3-dobling i 2100 • Syntetiske klimagassar med lang levetid • Tregheit i klimasystemet
IPCC 2007: Kva effektar får klimaendringane? • Press mot sårbare økosystem og artar, særleg i polare strøk • Vass-system vil bryte saman, vassmangel for 250 mill. menneske • Kystsamfunn vert råka av flaum og havnivåstiging • Jordbruksproduksjonen i Afrika vert hardt råka, inntil 50% red. • Ventar 30% reduksjon i avlingane i Sentral- og Sør-Asia • Globalt: Auka potensial for matproduksjon ved 1-3 graders temp.auke, ut over dette vil potensialet minke Frå www.sft.no
Korleis blir klimaet på Vestlandet i 2100? Kjelde: RegClim 2005 (IPCC 3. hovudrapport) • 2-3°C auke i middeltemperatur • Ca 13% auke i årsnedbøren • Ca 20% nedbørsauke om hausten • Ekstremnedbøren aukar om haust/vinter, minkar om våren
Globale utslepp frå jordbruket • Prosessutslepp frå landbruket sto i 2005 for 12% av dei menneskeskapte klimagassutsleppa (IPCC 2007) • Lystgass (N2O) 54% • Metan (CH4) 46% • Karbondioksid (CO2) <1% • Matproduksjon står for ca 20% av dei menneskeskapte klimagassutsleppa (von Koerber et al. 2000) • Jordbruk: 52% • Foredling: 6% • Handel/distribusjon: 13% • Forbrukar: 29% • NB! Usikre estimat
Vegtrafikk og landbruk jamstore Hydro og Elkem dominerer biletet Same prosent som globalt Klimagassutslepp i Sogn og Fjordane 2005
Auke for alle mobile utslepp Nedgang for fyring i hushalda og alle prosessutslepp Sektorvis utvikling Sogn og Fjordane 1991-2005 Utslepp frå prosessindustrien er ikkje med
Utslepp frå landbruket i Sogn og Fj. 2005 • Prosessutslepp • På landsbasis står landbruket for: • 51% av metanutsleppa • 44% av lystgassutsleppa
- 20% Utvikling i husdyrtalet i Sogn og Fjordane
10% reduksjon i oljeproduksjonen svarer til 100% reduksjon i dei samla norske utsleppa Utslepp frå norsk produksjon er om lag like stor som utslepp frå norsk forbruk Nordmenns forbruk i utlandet (sydenturar) Nordmenns forbruk i Norge Oljefondet Utanriksfart + fly i utlandet ”Kyoto-utslepp” : Produksjon + privatbilisme Kor stort er ”det norske utsleppet”?
Den store utfordringa: CO2 • FNs klimapanel foreskriv 70-80% reduksjon av klimagassar innan 2050 – det betyr farvel med fossilsamfunnet • Overgang til landbruk utan innsats av fossil eneregi er den store utfordringa • Naturlege funksjonar har i stor grad blitt erstatta av massiv energiinnsats – industrijordbruket er ikkje berekraftig
Korleis redusere utsleppa av metan? • Metan frå vomgass (ca 85% av CH4-utsleppa frå landbruket) • Redusere forbruket av kjøt • Endringar i fôrsamansetting? • Oppsamling av metan frå husdyrrom (oksidering til CO2) • Metan frå gjødsellager • Anaerob gjæring i tette tankar, brenne gassen. Dyrt • Aerob omsetning • Skilt lagring av fast og flytande, kompostere fast møk • Luftekanalar i golvet for varmgang i tallen • Våtkompostering, sprøyte luft inn i blautgjødsla
Fordelar med våtkompostering • Kan kombinerast med nærvarmeanlegg • Redusere amoniakk-tap til luft ved gjødselspreiing • Varmgang bidreg til å drepe ugrasfrø og smittestoff • Jamnare fordelt gjødslemasse • Reduserte luktproblem • Små utstyrs- og driftskostnader
Korleis redusere utsleppa av lystgass? • Redusert N-gjødsling og optimal gjødselutnytting • N2O-utslepp frå dyrka mark aukar med tilførsla av N, både husdyrgjødsel og kunstgjødsel • Tiltak for god gjødselutnytting utan klima-motivasjon • God jordstruktur • Mikrobiologisk omdanning av mineralsk N til N2O • Denitrifikasjon i fuktig jord • Nitrifikasjon i middels fuktig jord • Høgt vassinnhald + finkorna, tett jordstruktur aukar N2O-utsleppa • Unngå tunge landbruksmaskinar (særleg vår/haust) • Grøfting av vass-sjuk jord
Korleis redusere utsleppa av lystgass? (2) • Unngå gyllespreiing med tankvogn • Tankvogn med 3-5 tonn gylle + tung traktor lite gunstig • Vasstilsetting for å redusere gasstrykk/lukt kan doble volumet som skal spreiast • Gyllespreiing med slange • Vatningsvogn der slangetrommel flyttar spreiaren • Slange med spreiar i enden som vert flytta manuelt • Slange kopla til lett traktor, hydraulisk styring • Unngå spreiing gjennom luft • 2,5% av N knytt til avrenning endar som N2O i atmosfæren • Pløye ned husdyrgjødsel lite eigna på Vestlandet • ”Blekksprut” i kombinasjon med slangespreiing – rimelegare enn trykkinjeksjon (DGI)
Gir økologisk landbruk mindre utslepp enn konvensjonelt landbruk? • Korte, lukka material- og energikretsløp • Ikkje bruk av kunstgjødsel, som har ulempene: • Energikrevjande produksjon, N-utslepp frå produksjon • Større N2O-utslepp frå jord • Tar sikte på å auke humusinnhaldet i jorda • Bind karbon i jordsmonnet (tyske forsøk: 6% av C som blir tilført jordsmonnet i øk. prod. vert lagra i humusen, medan konv. bruk har tap av bunde C over tid) • Aukar vassleiingsevna og reduserer vatningsbehovet
Energibruken i økologisk og konv. produksjon • Forsøk i sør-Tyskland med 18 øk. og 10 konv. Bruk • Økologisk: 5,4 GJ per ha og år • Konvensj.: 11,9 GJ per ha og år • Lågare avlingar i økologisk produksjon gir om lag same energieffektivitet • Lineær samanheng energi-input og klimakonsekvens
Varmare klima – ein fordel for landbruket? • Lenger vekstsesong – tredjeslått i sikte? • Høgare CO2-innhald i atmosfæren gir auka fotosyntese • Kan nytte meir varmekrevjande vekster / høgtytande sortar • Skogen: Tregrensa høgare til fjells
…eller ulempe? • Overvintringsskadar • Skadedyr / sjukdommar • Meir nedbør gir vanskelegare driftsforhold • Meir erosjon og avrenning i åkerbruket Generelt: Husdybruket er robust
Overvintringsskadar • Temperatursvingingar rundt frysepunktet • Isbrann • Milde periodar om vinteren set i gang spiring, med frostskadar som resultat • Val av plantemateriale har gjort oss særleg sårbare for slike skadar. Sørlege proviniensar blir lettare lurt til å spire enn nordlegare sortar
Skadedyr / sjukdom • Nye skadedyr og plante-/ dyresjukdomar • Hyppigare angrep • Auka bruk av plantevernmiddel og medisinering • Eks. blåtunge (”bluetongue”) • Virussjukdom på drøvtyggarar • Vert overført av sviknott (Culicoides sp.) • Tidlegare berre i sør-Europa • Rask spreiing i Tyskland, Belgia og Nederland 2007 • Opp til 20% dødeligheit i besetningane
Meir nedbør skaper utfordringar • 20% meir nedbør om hausten og oftare intense nedbørepisodar • Jordpakking – ugunstig i høve til lystgassutslepp • Vanskelegare drift på brattlendte bruk, problem å berge avlinga seint på året?
Sårbarheit for klimapolitikk • I første omgang vil det bli dyrare å drive med høg innsats av fossil energi • På seinare stadium vil landbruket bli tvinga til å trappe ned bruken av olje
Ulike tilpassingsstrategiar • Overgang til andre produksjonar • Endra lokalklima Luster: Frå frukt til bær • Jordvern og bondevern • Global matproduksjon kan gå ned, medan folketalet veks • Norsk matjord blir verdifull pga god tilgang på vatn • Nedbygging av dyrkajord, bruksnedleggingar og tap av kompetanse i landbruket er ei større utfordring for samfunnet enn at vilkåra for matproduksjon endrar seg • Omlegging til økologisk drift