300 likes | 344 Views
Samskriving. Dialog som grunnlag for tekstkonstruksjon. Middelfart Mai 2009. Mål med prosjektet. Vise korleis elevar gjennom samskriving og samtale gjer elevens førestillingar om tekst og skriving eksplisitte og funksjonelle i læringsprosessen. . Elevar snakkar - saman.
E N D
Samskriving. Dialog som grunnlag for tekstkonstruksjon Middelfart Mai 2009
Mål med prosjektet • Vise korleis elevar gjennom samskriving og samtale gjer elevens førestillingar om tekst og skriving eksplisitte og funksjonelle i læringsprosessen.
Elevar snakkar - saman • Matre (2000), Labov (1972), Nicopoulou (1996) • Barn tar i bruk eit større spekterav språkkompetansar når dei snakkar seg imellom enn når dei snakkar med vaksne. • Relasjonen dei har til kvarandre gjev grunnlag for gjensidig involvering, medan relasjonen til den vaksne i større grad er prega av innordning
Vi lærer … • Når vi snakkar saman. Då held vi betre fast tankebrokker, lause idear osv (Hoel, 1993) • Når vi må argumentere (Hansen, 1994) • Når vi internaliserer ytre tale og slik utviklar språk for tanken (Bruner, 1962) • Når vi snakkar om teksten som objekt (Snow, 1989) • Nar vi torer å utfordre kvarandre (”kognitiv konflikt”) (AGE, 2004)
Korleis tenkjer eleven? • Innan skriveopplæringa treng vi å vite: Korleis tenkjer elevane om skriving og tekst? Det er tale om å bli kjend med elevens førkunnskapar. • Kva lærer elevane om språk og tekst av å samtale? • Kva har samtalen å seie for tekstutviklinga?
Individuell læring vs samarbeidslæring • Knapp (2005) meiner at nye grunnleggande begrep blir etablerte best i individuelle læringsprosessar, gjennom instruksjon og rettleiing • Gardner (1985) viser at det er mange område (”domain”) ein kan vere ekspert på. Når elevane arbeider saman kan dei vere ekspertar på ulike felt.
METODEN • Elevar i 8. trinn. Forteljing, val mellom 3 oppgåver • Filming: innblikk i ”den svarte boksen” • Observasjon og filming • Mellom 20 minutt og ein halv time • Tolking av samtalane: Funksjonelle og tekstorienterte samtaleelement. Vurdere kva innhald dei ulike elementa hadde, kva frekvens dei hadde. På dette grunnlaget formulerte eg ein profil i gruppene. • Didaktiske refleksjonar knytt til kvar enkelt gruppeprosess.
Sjanger: Forteljing • Forteljinga dominerer i barneskolen (Vagle, 2004). (Elevane var 8. klasse) • Forteljing som sjanger å skape minst mogleg ”friksjon” for dei i samtalen ved å la dei skrive i den sjangeren dei kjenner best.
Oppgåvene (1) • 1. Forteljing om mobbing • Bilde (svart/kvitt) av ei gruppe ungdommar og ei jente eller gut (uklart) som hukar seg ned som for å forsvare seg. Gruppa verkar trugande. Bildet spelar klart på temaet mobbing. • Oppgåva var: ”Skriv en fortelling. Lag overskrift selv.”
Oppgåvene (2) • 2. Open oppgåve til stemningsbilde • Bilde (svart/kvitt): Gatescene. Eit par frå øvste samfunnslaget (kvinna har ein revepels over skuldra) under eit hus som er mørklagt bortsett frå eitt rom, der vi ser silhuetten av ein person. Oppgåva: ”La deg inspirere av bildet og skriv en kriminal-/spenningsfortelling. Lag overskriften selv.” Denne oppgåva gir impuls i retning spennings- og kriminalforteljing.
Oppgåvene (3) • 3. Forsettingsforteljing • Den tredje oppgåva var ei fortsetjingsoppgåve: ”Skriv resten av fortellingen. Lag overskriften selv. • ”De fant han i forsetet med pistolen i hånda. Skitne fingre liksom klamret seg til våpenet. Han hadde den svarte, bred-bremmete cowboy-hatten på seg ennå. Det så nesten ut som han smilte. Og han var ikke den som smilte ofte. Man kunne gjerne tro at han satt og sov. Sånn ved første blikk. Bare det at hodet hang så underlig skjevt.”
Kodesystemet • 1. Funksjonsorienterte samtalefunksjonar • SAMARBEID • Or (Organisering) Samarbeid, planlegging, skriving, utskriving • Sm (Samskriving og Samtekst) Skrivinga som felles prosess og teksten som felleseige (pos./neg.) • Sr (Separering) Brot i/med tankegang, diskurs, modus, handlingslinje • Ti (Tilslutning) Semje, løysing, avklaring • Vu (Vurdering) Korrigering, verdisetting, evaluering • SKAPING • Fo (Forslag) Nytt tema, ny person, nytt element (+ = forslag til tekst) • Gj (Gjentak) Gjentak av tidlegare element eller ytring, (+ = variant) • Le (Leik) Vitsing, erting, ironisering, etteraping, fleiping, rollespel • Me (Metaspråk) Om språklege eller narrative verkemiddel • My (Myldring) Laust forslag, ufullført ytring, uavklaraordveksling • Os (Ordskaping) Utprøving av ord og formuleringar • Sa (Samband) Vidareføring av tidlegare ytring eller narrativ linje (ikkje gjentak) • UTFORDRING • Al (Alternativ) Forslag som kjem i staden for eit anna • Ar (Argumentering) Argument for eit forslag eller synspunkt • Av (Avsporing) Noe som ikkje har med skrivinga å gjere • Fk (Forklaring)Utdjuping, presisering • Ko (Konfrontering) Usemje, motsetning, korrigering, kritikk • Pr (Problematisering) Spørsmål eller problemstilling • Sv (Svar) Svar på spørsmål eller problemstilling
Kodesystem (2) • 2. Tekstorienterte samtalefunksjonar • TEKSTLEG • Ad (Adaptasjon) Korleis andre/lesaren vil oppfatte teksten • Gr (Grafisk) Skrifttype, skriftstorleik, overskrifter, den fysiske skrivinga o.a. • In (Intertekstuelt) Tilvising til andre tekstar (inkl.. oppgåveteksten) • Sj (Sjanger) Trekk ved sjangeren • Tb (Tekstband) Samanhengar (band) innan teksten • LITTERÆRT • Ft (Forteljar) Forteljarposisjon ogsynsvinkel • Ha (Handling) Handlingsgang, alt som driv handlinga fram • Km (Komposisjonen) Rekkjefølgja av element i teksten • Mi (Miljø) Det sosiale og fysiske miljøet (stabilt) • Pk (Personkarakteristikk) Karakterisering av personane, namn/-setting o.a. • Tm (Tema) Kva tema teksten handlar om • Td (Tid) Tidsmarkering, tid på verba, tidskronologi • Si (Situasjon): Atmosfære, stemning, fysisk situasjon (tidsavgrensa) • SPRÅKLEG • Mo (Morfologisk) Bøyinga av ord • Og (Ortografisk) Rettskriving • Se (Semantisk) Tydinga av ord og ytringar • Sy (Syntaktisk) Rekkjefølja av ord og ledd • St (Stilistisk) Stil, stilnivå, variasjon i formuleringar og ordbruk • Te (Teiknsetjing): Bruk av teikn
G&A (Jenter) • Lite intern støtte • Jentene finn relativt lite støtte hos kvarandre i skriveprosessen. • Det er notert bare 4 støttande ytringar • Mange konfronterande kommentarar, Ko = 4,6% (snitt: 3,5%). • Dei konfronterande ytringane er negative, sjeldan konstruktive forslag og alternativ. Det er ytringar som desse: A: ”Det var en snål setning!”/ A: ”De skulle på kino for å se på. (…) Det blir rart.”
Myldring (utan framdrift) • Eit eksempel på samtaleprosessen eg har kalla ”myldring”. Den er hos mange grupper sjølve grunnlaget for tekstskapinga. Her flyt den ut, blir ikkje skapande, men avleiande, eller…? • G: Jajajaja Per Gunnar. Per Gunnar. [Dei ler.] Eilert. Eilert. A: Bertil. G: Tenk å hete Bertil`a. A: Det er mange som har navn på aaaaaeeeeøøe Sara. G: Bertil. A: Viggo [Dei ler] Viggo er likesom sånt navn ...[Dei gjer seg til] A: Alf Gunnar Viggo. Da kan han virkelig være leder.
Personkarakteristikk Pk dominerer hos G&A • Registreringa viser også at person-karakterstikken er dominerande tema i samtalen, med 31 koda ytringar. (Pk =13%, snitt = 4,6%). • Dei fantaserer om mulige rare namn og namnekombinasjonar, blant anna har dei moro med å bruke namnet mitt
”Det narrative saknet” hos G&A • Det narrative saknet viser at elevane kjenner til forteljingsstrukturelle koder som igangsetjar, ”spenningstopp” og avrunding. • I bevisstgjeringa av det narrative saknet ligg det potensiale til utvikling og læring. A: Få se. Det må skje noe, han må våkne opp eller et eller aent. Han må få noe i hodet eller. [Lang pause …]
Teksten til G&A (30 minutt) Cowboyen Viggo Det hele begynte en helt vanlig lørdag. Viggo, en mann på 39,5 år, skulle på kino. Han skulle se en cowboy film, cowboy Petter het den. Han skulle se den alene, viggo som han var. Under hele filmen satt han og skrek: KOM IGJEN NÅ! SKYT HAN! TA I! PASS PÅ! Han ble hysjet på, av de som satt rundt han, sikkert hundre ganger. Da filmen var ferdig, gikk hjem over.
T,H&B (Guttar) Funksjonsanalysen Samtale på grensa til samanbrot • Samtalen og samarbeidet står heile tida i fare for å bryte saman. I lengre periodar er det bare H, han har tatt på seg å skrive, som sit att. Men han går óg ut og inn ettterkvart. • Samtalen blir springande. Dette viser seg ved at dei har eit særleg høgt tal med separering, Sr = 15% (snitt: 12,4%).
Utprøvande samtalestil (T,H&B) • Guttane prøver ut grensene for konteksten • Dei kastar fram tekstelement som ikkje er meint å ha med i den skrivne teksten, eller som seinare skal strykast ut. Til slutt også munnleg (spontan tekstskaping om sjølvmord)
Feilfokus / Feil fokus (T,H&B) • Guttane snakkar mykje om at dei skriv mange feil. • B: Kommer. H: Skriver masse feil. Skriver kommer, sånn masse feil. T: Løper B: Kom løpende til kampen. Og begynte å le. Ha ha skrek læreren. [Ha ha.] Der er det en feil. Begynte å le. Ja ha. Komma. H: Ja, utropstegn. Ja, så smart! Så skrek læreren. T: Skrek læreren. B: Nå har du skrevet masse feil her. T: Masse feil.
Dei treng ei avslutning ”Kompositorisk naud” • Også her viser elevane at dei har kjennskap til korleis ei forteljing skal avsluttast. Dei vil gjerne også finne ei god avslutning, men greier det ikkje: • H: Skal vi ikke stoppe nå? T: Politiet skjøt han. B: Politier skjøt han. T: Politiet skjøt han i benet.
Teksten til T,H&B Revenge Gjengen stod med knyttede never rettet mot stakkars Gaylord som lå nede på bakken med ansiktet fullt av blod. Læreren til Gaylord kom løpende til kampen og begynte å le. ”HAHA!” skrek læreren. Læreren slo Gaylord, og så stakk han sammen med ”The mobbers!” til en pub for å drikke øl og feire. Da Gaylord kviknet til begynte han å gå sakte nedover mot puben for å hevne seg på ”The mobbes!” han dro opp kniven og kasta den i huet på læreren, han døde … Så tok han fram en M-16 og skjøt en av de andre. så begynte ”The mobbers” å spise han som ble skutt, plutselig begynte alle å spise hverandre. Da skjøt Gaylord hele gjengen og så skjøt han seg selv til slutt. SLUTT!!!!
Y,B&CJ (Jenter) • Desse jentene har einsamarbeidsstil som er svært produktiv og målretta mot å skape tekst. • CJ er leiar • Kjenner sjangeren godt, og har klare førestillingar av korleis stilen må vere. Ho har eit klart mål og blikk for korleis teksten skal vere. • Kjem med idear og forslag, men kjører ikkje over dei andre. Drar andre med slik at dei føler at dei bidrar. Justerer alle bidrag i tråd med stilnormene i sjangeren kriminalgåte. • CJ: Vi må utvide øyeblikket og sånn da. (…) Og det vi kan si er at det som skjer er at de drar til han. Og han byr på Konjakk. Så blir de fulle og raseri og sånn og ...
Leiing og læring (Y,B&CJ) • Dei andre kjem med forslag, CJ fører desse inn i forma til teksten: • B: ”Du vet det vi snakka om at han skal dø. I stedet for at de, at leserne vet at de har drept han ... så kan vi si at når det går … For eksempel eller sånt no´, at vi ikke sier ...” CJ: ”At vi sier at de krangler og alt det der. Eller vi sier at en krangel bryter løs. En krangel bryter løs, bord velter. Bord velter og glass knuser, blod renner. Og noen dager senere: Dødsfall i villa!”
Teksten (Y,B&CJ)(Lite utdrag) ”Ja, det kan jeg, men det er nok ikke så mange som vil ha en ussel gård nå til dags. Folk tenker litt mer moderne. Og dessuten måtte jeg jo kjøpt et annet hus og det finnes bare ett hus jeg vil ha.” ”Å,” sier Orlando spent. [”Utvide øyeblikket”] Alice ser seg rundt i rommet. Hun titter på alt fra den gamle bokhyllen som hun husker så godt fra din barndom og det store maleriet av sin avdøde mor og far, som følger henne med blikket hvor enn hun går. De mørke veggene får et varmt lys fra parafinlampene som står på det lave salongbordet. ”Dette”, sier hun omsider.
C&M (jenter) og tekstbinding • C&M diskuterer tekstbinding. Dei har 18 ytringar om dette emnet! Dei møter eit problem når dei skal knyte saman teksten i oppgåva med det dei sjølve held på å skrive: M: Se her, her har vi skrevet ”de”. Der oppe ”dem”. C: Vi kan skrive ”vi” også. M: Nei, det må være ”de”, for det står det i den andre teksten. M: Vi kjørte ned. [A rettar ein tilvisingsfeil:] C: De kjørte ned ...
Tverrgårande analyse A. Tekstbinding (Tb)
KONKLUSJONAR • 1. Metoden gir innsyn i ”svart boks”, kva elevane har av førestillingar om enkeltbegrep knytt til skriving og tekst. • 2. Elevane viser at dei saman kan utvikle skrivestrategi, metaspråkleg merksemd • 3. Elevane brukar i liten grad fagtermar • 4. Vekslande roller viser dynamikk og læringspotensiale trass i ulike nivå • 5. Trivsel, evne til leiing og konstruktiv konfrontasjon er viktig • 6. Skrivesamtalen er ein mangesidig didaktisk (analytisk) ressurs for læraren.