190 likes | 379 Views
Prosjekt oppvekst og hovudprosjektfasen til 01.08.07. Oversyn over delprosjekta og tiltak som skal setjast i verk i skulane i Stord kommune 2006-07. Jfr vedtak i Levekårskomiteen sak 28/06. Mål for Prosjekt Oppvekst jfr LEV sak 0030/03 og Kommuneplan vedtatt K-styre 12.01.06.
E N D
Prosjekt oppvekst og hovudprosjektfasen til 01.08.07 Oversyn over delprosjekta og tiltak som skal setjast i verk i skulane i Stord kommune 2006-07. Jfr vedtak i Levekårskomiteen sak 28/06
Mål for Prosjekt Oppvekst jfr LEV sak 0030/03 og Kommuneplan vedtatt K-styre 12.01.06 • Barn og unge i Stord får utvikla talenta sine og gjennom sine sterke sider styrkja evna til å møta faglege og sosiale utfordringar • Stord kommune har eit samlande styringsdokument som omtalar kommunen si eigar-rolle og ansvar for tilboda i barnehage, skule og kulturskule • I Stord kommune er det samanheng mellom skuletid og fritid • Barnehage, grunnskule og vidaregåande skule i Stord viser samanheng i utdanningstilboda
Mål for hovudprosjektet skuleåret 2006-07 • Barnehagane, skulane, kulturskulen og aktuelle einingar innarbeider resultat frå delprosjekta i drifta • Hausta erfaringar med tanke på justering av innhaldet i styringsdokumentet (Styringsdokumentet skal ut på høyring nov/des, og leggjast fram som politisk sak til våren.) Tiltak frå delprosjekta støttar opp om innføring av Kunnskapsløftet for skule og ny Rammeplan for barnehagane.
Delprosjekt Prosjekt oppvekst • Vår digitale framtid • Samanheng barnehage – skule. Barnehage + skule = sant • Slik lærer me – om læringsstilar og læringsstrategiar i barnehage og skule • ”Den nye skulen”. Med vekt på tilpassa opplæring • Fagprosjekt, nye læreplanar i skulen • Internasjonalisering • ”Den kulturelle skulesekken” • ”Den nye Kulturskulen”
Einingar og personar som ressurs for andre I innføringa av nye tiltak er dei som har prøvd ut tiltaka viktige ressurspersonar. (delprosjekt og kompetansepar) Skulane har til saman brei kompetanse innan prosjekta, og spreiing av kunnskap vert viktig. Skulane som lærande organisasjonar deler aktivt kunnskap og erfaringar.
Vår digitale framtid og tiltak for skulane 2006-07 • Dei tilsette brukar data som verktøy i tråd med Kunnskapsløftet • Individuell kompetanseheving for lærarane for å oppfylla kompetansekort i IKT for lærarar • Samarbeid om tiltak og bruk av rettleiingsressurs for individuell-/gruppe rettleiing • Data i kommunikasjon mellom aktuelle partar (t.d Fronter) • Elevane får berbare PC-ar etter oppsett plan Om IKT i Kunnskapsløftet - Stimulera, bruka og vidareutvikla den enkelte lærar sin kompetanse (læringsplakaten) - IKT som grunnleggjande dugleik i alle fag: Å kunna bruka digitale verktøy (m.a støtta og utvikla elevane sine kommunikasjons-dugleikar og prestasjonane deira)
Overgang barnehage-skule. Tiltak 2006-07 • Innføra overgangsplan barnehage – skule m.a områdeinnskriving, hospitering, fellesmøte for tilsette, skulebesøk for barna • Heilskapleg språkstimulering barnehage-skule • Samanheng barnetrinn-ungdomstrinn, prøva ut nye tiltak etter plan som er under utarbeiding
1.Sitat frå Rammeplanen for barnehage om samarbeid med skulen2. Sitat frå Kunnskapsløftet, Prinsipp for opplæringen, om samarbeid med barnehagen • Barnehagen skal, i samarbeid med skolen, legge til rette for barns overgang fra barnehage til første klasse og eventuelt skolefritidsordning. • 2. Godt og systematisk samarbeid mellom barnehage og barnetrinn, barnetrinn og ungdomstrinn, ungdomstrinnet og videregående opplæring skal bidra til å lette overgangen mellom de ulike trinnene i opplæringsløpet.
OVERGANGSPLAN BARNEHAGE – SKULE STORD KOMMUNE EIT UTDRAG
Samanheng barnetrinn-ungdomstrinn • Skuleåret 06-07, prøva ut tiltak Gjeld i samband med overgang for alle elevane, t.d - Sosiale tiltak(Nysætermodellen, no også for SUS) - Faglege tiltak(modellar for t.d arbeidsplanar, målark, strategiar, t.d Litlabømodell matematikk) - Elevvurdering (t.d mapper/portofolie, t.d Sagvåg digitale mapper) - Individuelle tiltak i samband med særlege vanskar - Tiltak for lærarane, t.d hospitering
Slik lærer me. Tiltak barnehage og skule 2006-07 • Fysisk miljø som stimulerer ulike arbeidsstilar spesielt med tanke på VAKT (gjeld rom og materiell) • Alle pedagogar har metodekunnskap om læringsstilar • Barnehagane og skulane innfører læringsstrategiar som kompetanse for barn og unge • Barnehagane og 1.trinn legg til rette for mange intelligensar
Frå Kunnskapsløftet om Tilpassa opplæring/Slik lærer me/Den nye skulen Frå Prinsipp for opplæringen: • Fremja tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar (læringsplakaten) • Stimulera elevane til å utvikla eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking (læringsplakaten) • Gje alle like muligheter til å utvikla evner og talent individuelt og i samarbeid med andre (læringsplakaten) • Vekt på motivasjon for læring og læringsstrategiar, tilpassa opplæring og likeverdige muligheter • Læringsstrategi som grunnleggjande dugleik, m.a målt i Nasjonale prøver
Den nye skulen. Tiltak for skulane 2006-07 med vekt på Tilpassa opplæring • Målsetting om ein skule med behov for § 5 vedtak for mindre enn 4.5 % av elevane (tiltak kvar skule) • Etablera elevsamtale og mappevurdering (portofolie) • Kompetanseheving i tema elev-vurdering • Modellar for individuell måloppnåing (t.d målark) • PPT ute på skulane • PPT ny praksis i forhold til tilrådingar • Innføring av sentrale og lokale kvalitetsvurderingstiltak og praktisk nytte • Retningsliner for bruk av 25 % regelen og ny fag-og timebyteplan
Fagprosjekt, nye læreplanar i skulen, jfrKunnskapsløftet Tiltak for skulane 2006-07 • Tiltak for uformell læring som nettverk, hospitering, refleksjon m.m • Nettverksgruppe matematikk og spansk • Vidareføring lokale rammeplanar for fag. Skulane utarbeider eigne handlingsplanar/årsplanar • Faggrupper lagar utkast til: Vurdering av læremiddel i sentrale fag Elevvurdering i sentrale fag • Kvar skule gjennomfører sin kompetanseplan med felles og lokale tiltak • Samarbeid med HSH er konkretisert m.a i Kompetansepar i fag
Utviding av talet deltakareiningar Nettverk mellom aktive einingar Laga felles rutinar knytt til internasjonale besøk Sitat frå Kunnskapsløftet: Opplæringen skal …utvikle en arbeidsstyrke som er høyt kvalifisert og endringsdyktig, og forene internasjonal orientering med nasjonal egenart Internasjonalisering. Tiltak barnehagane og skulane 2006-07
Den Kulturelle Skulesekken, DKSTiltak 2006-07 • Greia ut felles administrering av DKS, Gi rom for lesing og Rikskonsertane • Arbeida for å få barnehagane med i ”sekken” • Samanheng andre prosjekt som KOM! og DKS • Tidleg plan ut til skulane Frå Kunnskapsløftet, generell del: Elevene må utvikle gleden ved det vakre i møte med kunstneriske uttrykk og ved å utforske og utfolde egne skapende krefter. Frå prinsipp for opplæringen Stimulera elevane i deira personlege utvikling og identitet, i det å utvikla etisk, sosial og kulturell kompetanse Leggja til rette for at lokalsamfunnet blir involvert i opplæringa på ein meiningsfylt måte.
Den nye kulturskulen Samordning av tiltak for elevar i Kulturskulen og grunnskulane , jfr prosjektet KOM! Laga opptrappingsplan for å nå mål 30 % dekning og utviding av tilboda innan 2011 Inneber utviding av tilbod frå Kulturskulen Frå Kunnskapsløftet, Samarbeid mellom skolen, kulturskolen ..gir barn og unge muligheter til å videreutvikle sine evner og talenter
Produkt frå Kulturskulen? (denne gong frå Rommetveit skule!)