100 likes | 325 Views
NYNORSK. Kapittel 10: Det unge norske demokratiet. Elevane skal kunne drøfte korleis idear frå opplysningstida påverka og blei påverka av samfunnsomveltingar på 1700- og 1800-talet
E N D
NYNORSK Kapittel 10: Det unge norske demokratiet • Elevane skal kunne • drøfte korleis idear frå opplysningstida påverka og blei påverka av samfunnsomveltingar på 1700- og 1800-talet • - gjere greie for demokratiutvikling i Noreg frå 1800-talet og fram til 1945 og analysere drivkreftene bak denne utviklinga
Etter 1814 kom ei krise for det norske folkestyret. Konservativ politisk reaksjon over det meste av Europa. Karl Johan prøvde å endre Grunnlova. Alvorleg økonomisk tilbakeslag: trelasthandlarar gjekk konkurs bøndene på Austlandet gjorde opprør i 1818 store kostnader med å setje pengestellet i orden igjen
Bøndene mobiliserer Fleire bondevennlege lover rundt 1820. Stor auke i bonderepresentasjonen på Stortinget i 1833. Formannskapslovene frå 1837 innførte folkestyre i herad (kommunar) og amt (fylke).
Standssamfunnet raknar Kva er særmerkt for eit standssamfunn? Inndeling i store og klart skilde grupper: embetsmenn byborgarar bønder Stendene har ulike rettar og plikter i samfunnet. Stendene er ulike i åndeleg og materiell kultur. Liten mobilitet stendene imellom.
Standssamfunnet raknar Grunnlova undergrov standsinndelinga: Grunnlova likestilte alle i fundamentale menneskerettar. Grunnlova gav rett til politisk deltaking på tvers av standsgrensene. Overgangen frå merkantilisme til liberalisme: Reguleringar og privilegium (særrettar) i næringslivet blei fjerna.
Standssamfunnet raknar Betre skolestell medverka til sosial mobilitet. Også husmenn og arbeidarar blei politisk aktive omkring 1850, men mislykkast i første omgang.
Embetsmannsstaten Embetsmennene kontrollerte den norske staten like fram til 1884: Dei sat i den utøvande og i den dømmande makta Dei dreiv sjølvrekruttering i desse posisjonane Stortinget hadde avgrensa innverknad over regjeringa.
Folkestyre på frammarsj Betre skolegang og lese- og skrivekunnskap. Større utbreiing av bøker og aviser. Politisk trening i nye lag og organisasjonar. Politisk trening i lokalstyringa. Kampen for parlamentarisme 1872–84: Stortingsfleirtalet burde ha kontroll med regjeringa. Danninga av politiske parti. Menn fekk full røysterett i 1898, kvinner i 1913.
Unionen med Sverige blir oppløyst Frå 1814 var det Sverige som styrte den felles svensk-norske utanrikspolitikken. Aukande norsk misnøye: Noreg hadde sine eigne interesser i utanrikshandelen. Noreg hadde ein stor flåte i utanriksfart.
Unionen med Sverige blir oppløyst Kongens tredje gongs veto mot ei lov om oppretting av eige norsk konsulatsystem førte til at Stortinget sa opp unionen 7. juni 1905. Folkeavrøystingar støtta unionsoppløysinga og tilrådde at Noreg framleis skulle vere kongedømme. Den danske prins Carl blei vald til ny norsk konge under namnet Haakon 7.