120 likes | 1.15k Views
ORGANISK KJEMI - kjedar av karbonatom. Mål 1. t: Eg veit kva som kjenneteikner organiske stoff og kva hydrokarbon er (s.149-150). Friedrich Wöhler -1828 - urinstoff då han eksperimenterte med salter. Ein trudde då at berre naturen sjølv kunne lage organiske stoff.
E N D
Mål 1. t: Eg veit kva som kjenneteiknerorganiske stoff og kva hydrokarbon er (s.149-150). Friedrich Wöhler -1828 - urinstoff då han eksperimenterte med salter. Ein trudde då at berre naturen sjølv kunne lage organiske stoff. ORGANISKE STOFF: Samnemning på nesten alle stoff som inneheldt karbonatom (kjenner i dag over 30 mill. ulike, utgjør over 95% av alle stoff). For å oppfylle åtteregelen dannar karbonatomet elektronparbindinger med m.a. hydrogenatom og andre karbonatom HYDROKARBON
Mål 2. t: Eg kan greie ut om alkan og ulike typarmolekylmodellar (s.150-152). ALKAN: Alkanmolekyl har kun enkeltbindingar(deler eitt elektronpar). Metta hydrokarbon: Karbonatoma har bunde seg til så mange hydrogenatom som mogleg. (Lengden på molekylkjeden avgjer eigenskapane.) Ulike modellar: Navnsetting: ”fornavn” (fortel kor monge karbonatom det er i molekylet) og ”etternavn” (kva gruppe stoffet tilhøyrer, alkaner slutter med an) som vert eitt ord. Dei fire første har tilfeldige namn, men frå nr. 5 – greske tallord. strukturmodell kule-pinne-modell kalottmodell
Mål 3. t: Eg kan fortelje om eigenskapenetil alkana, og om alken og alkyn (s. 152-155) EIGENSKAPER: Det er lengden på molekylkjeden som avgjer om eit hydrokarbon er gass, væske eller fast stoff. Under 5 karbonatom er gass, 5-17 er er væsker, og over 17 er faste stoff. (Råolje, blanding ml flytende og fast). HYDROKARBON HAR VASSKREKK: Hydrokarbonkjeder i organiske molekyl har ingen ladning – vassmolekylet har svak ladning. Desse tiltrekker difor ikkje kverandre.
ALKEN: Har dobbeltbinding mellom to karbonatom i kjeden. Samme namn som alkan, berre etternamnet vert –en. Dobbeltbinding kan nokså lett brytes. ALKYN: Har trippelbinding mellom to karbonatom i kjeden. Samme namn som alkan, berre etternamnet vert –yn.
Mål 4. t: Eg kan fortelje om alkoholer (s.155-158) Alkohol er hydrokarbon der eitt av hydrogenatoma er bytta ut med ei OH-gruppe (ulike hydrokarbon = mange = ulike alkoholer). • OH-gruppa er polar – trekkjer på vassmolekyl. • Namn som alkan, men med –ol til slutt. • METANOL: eitt karbonatom, ”tresprit”. Vert laga av naturgass. Er eit viktig råstoff i kjemisk industri då det reagerer lett med andre stoff og på den måten dannar organsike stoff. Giftig væske, vert danna maursyre i levra som kan leie til at ein vert blind, og i værste fall vere dødeleg. • ETANOL: to karbonatom, i daglegtale kalla ”alkohol”. Vert m.a laga ved gjæring av stoff som inneheld sukker. Er eit viktig løysemiddel. Giftig, men ein sovnar/vert sjuk før alkoholkonsentrasjonen vert for høg. • Flerverdige alkoholer: inneheld to el fleire OH-grupper. Fleire typar; glykol (nytta i frostvæske, giftig), propylenglykol (nytta som løysemiddel i tannpasta, hudpleieprodukt), glyserol (tilsett i sukkertøy, trekker til seg fukt – nytta for å hindre at noko tørkar ut).
Mål 5. t: Eg kan forteljeom karboksylsyrer (s.158-160) Karboksylsyrer inneheld ei –COOH-gruppe (karboksylgruppe). Felles formel er R-COOH der R står for resten av hydrokarbonkjeda gruppa er bunden til. Har same namnsom alkanet syra er laga av, med tillegget syre. Hevdnavn – kor i naturen. ESTERAR: Karboksylsyre OG alkohol + svovelsyre = estere (flyktig stoff, noen søt lukt, i snop). FEITTSTOFF: Lang karbonkjede (karboksylsyre). Umetta har dobbeltbindinger, ofte flytande.
Mål 6. t: Eg kan forteljeom organiske løysemiddel og karbohydrat (s.160-163) ORGANISKE LØYSEMIDDEL: ”Likt løyser likt” – vatn er polar løsyer polare molekyl, organiske løysemiddel løyser upolare molekyl. • Døme er White-spirit, alkohol(både polar og upolar). • Løysemiddelskader; løyser opp feittstoff i cellemembranen. Hjerneceller som vert øydelagt kan aldri ordnast igjen. KARBOHYDRAT: tyder karbon + vatn Alle organiske stoff stammer frå fotosyntesa, der det vert danna vatn og druesukker (kalla grunnsteinen i den organiske verda). Mono-, di- og polysakkarider. Lokus123 om karbohydrater og fett